Havforskar Stein Mortensen leiter etter viruset OsHV-1 i stillehavsøsters. (Fotograf: Erlend Astad Lorentzen / Havforskningsinstituttet)

Her prøver forskaren å gi herpes til stillehavsøsters

Ved å framprovosere herpesutbrot i verdas nordlegaste stillehavsøsters, vil havforskarane finne ut kor langt det hissige viruset har spreidd seg.

Østers herpesvirus OsHV-1

Kan vere dødeleg for skjel. Varianten OsHV-1µvar er særleg hissig og gir høg dødelegheit med høg vatntemperatur.

Slike tilfelle blir gjerne kalla sommerdødelegheit.

Spora tilbake til Asia der også stillehavsøstersen har sitt opphav. Viruset er sannsynlegvis innført til Europa med østertsen.

Herpesviruset kan ikkje smitte folk.

I 2014 skjedde det ein massedød av stillehavsøsters på Svenskekysten og i Oslofjorden etter ein uvanleg varm periode. Eit latent herpesvirus var truleg dødsårsaka.

– Mykje stillehavsøsters både i Stillehavet og Europa er smitta med eit spesielt hissig herpesvirus.

Viss det også gjeld dei nordlegaste skjela, kan vi gå ut frå at all stillehavsøsters er infisert, fortel havforskar Stein Mortensen.

Både skjel og virus spreier seg

Stillehavsøstersen har invadert Noreg og spreidd seg raskt på berre ti år. Verdas nordlegaste, kjente bestandar er for tida i Rogaland og sør i Hordaland.

I laboratoriet driv havforskarane no og stressar østers frå tre stader langs Norskekysten med høg temperatur. Det vil svekke immunforsvaret til skjela og gjere at herpesen kan bryte ut og avsløre seg.

– Folk får gjerne herpes-munnsår når dei skal opp til eksamen eller har jobba for lange kveldar. Slik er det med herpesen til østers også. Men for dei er det plutselege varmeperiodar som er stress.

Mykje stillehavsøsters både i Stillehavet og Europa er smitta med eit spesielt hissig herpesvirus, fortel forskar.
(Foto: Erlend Astad Lorentzen / Havforskningsinstituttet)

Kan viruset stoppe invasjonen?

I motsetnad til eit munnsår hos menneske, går ikkje herpesutbrotet berre over hos østers. For mange skjel betyr det døden.

– Men stillehavsøsters er jo ein uønskt art i Noreg. Er det ikkje bra om eit virus kan bremse spreiinga?

– Det er ikkje så enkelt. For det første veit vi ikkje om viruset kan utvikle seg og infisere andre typar norske skjel. Viruset er også utvikla slik at det ikkje knekker bestanden fullstendig. Då vil det gå tom for vertar, forklarer Mortensen.

– Sist, men ikkje minst baserer mykje europeisk skjelproduksjon seg på stillehavsøsters etter at ein parasitt utraderte den europeiske østersen. Massedød på grunn av herpes gir økonomiske problem for skjeldyrkarar globalt.

Kan komme med både skjel og sjøvatn

For skjeldyrkarane i Europa er det viktig å unngå smitte i nye skjel, men forskarane veit ikkje nok om korleis herpesviruset spreier seg. 

Det kan følge nyklekte skjel-larvar som driv til nye område med Kyststraumen, «motorvegen» langs norskekysten.

På same måte kan viruset komme med sjølve sjøvatnet. Ifølgje havforskaren vil infiserte skjel pumpe ut store mengder herpesvirus til vatnet kring seg.

Skjel i Noreg er beste «case»

– I Europa har østers blitt transportert på kryss og tvers, og alle område og bestandar er smitta. Den beste måten å finne ut korleis viruset spreier seg, er å studere dei nordlegaste skjela. Viss dei er friske, er det sannsynleg at viruset blir spreidd med skjel som blir flytta av folk.

Resultata går inn i EU-prosjektet VIVALDI.

Powered by Labrador CMS