Festmåltid på havbotnen

Væpna med ein fjernstyrt miniubåt håper ei gruppe forskarar og studentar å avbryte festen for krepsdyr og børsteormar som meskar seg med kvalspekk i oppløysing. Men først må dei finne festlokalet.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

"Eit kvalkadaver som dette hadde forskarane frå UiB godt håp om å finne, men dei kom tomhendte heim. (Foto: Craig Smith)"

På havbotnen utanfor Austevoll held børsteormar og krepsedyr tidenes festmåltid.

Eit fleire meter langt kvalkadaver har rotna på 500 meters djup i fleire månader, og vorte tilhaldsstad for små organismar og bakteriar som livnærer seg på det som er att av den døde kjempen.

Rett før påske legg ei gruppe forskarar og masterstudentar frå Institutt for biologi ut på tokt for å avdekke kvalkadaveret sine løyndomar.

Utstyrt med den fjernstyrt miniubåten Aglantha håper dei å hente opp nokre av dei unike organismane som held til på kvalkadaveret.

Eit kamera er kopla til miniubåten, og på ein tv-skjerm kan forskarane følgje Aglantha si møysommelege ferd over havbotnen på leit etter restane.

"Jarle Wangenstein, ROV-personell (frå v.) og arbeidsleiar Bjørn Stensønes handterer miniubåten med varsamt handelag."



 

I håp om å få auge på knoklar eller slimål som meskar seg på kvalspekk i oppløysing, stirar forskarane og masterstudentane på tv-skjermen som viser Aglantha sine røyrsler over botnen til auget vert stort og vått.

Unike økosystem

Nærast ved slump fann den amerikanske forskaren Craig Smith ved University of Hawaii for nokre år sidan ut at kvalkadaver som har sunke ned på havbotnen gjev grobotn for heilt unike økosystem.

Eigentleg heldt han på med studier av bakteriekoloniar som held til kring hydrothermale skorsteinar i nede i havdjupet. Dette er bakteriar som ikkje er avhengige av sollys for å overleve, men som i staden livnærer seg på gassar som siv ut frå jordas indre.

På kvalkadaver fann han liknande bakteriekoloniar, spesialiserte bakteriar som lever av oljen som lek ut frå kvalskjelettet. Etter denne oppdaginga har forskarar studert dei økosystema som utviklar seg på kvalkadaver ei rekke stader i Stillehavet.

"Det å vere på tokt inneberer også mykje venting. Post doc Jørn Einen (frå v.), masterstudent Jon Hestetun Thomassen, biolog Karin Pittman og masterstudent Sofia Fortunato slår i hel tid med å lese nettaviser."

Særleg utmerkar kysten langs California seg, med sine mange vandringsruter for ulike typar kvalar, som eit naturleg laboratorium. Kva som hender med kvalkadaver i Nord-Atlanteren veit forskarane langt mindre om, og det er dette forskarane frå UiB vil bøte på.

- Etter det eg kjenner til, er det berre eitt anna tilfelle i Nord-Atlanteren som er under oppsikt av forskarar. Dette er utanfor vestkysten av Sverige, seier Christoffer Schander, professor ved Institutt for biologi og for høvet toktleiar.

Halvrotne kadaver

Forskarane frå UiB er imidlertid heldige. Dei har heile tre ulike kvalkadaver til disposisjon, eitt i Bjørnefjorden, eitt i Korsfjorden og eitt ved Langenauen utanfor Austevoll.

Kvalane ligg på om lag 600, 120 og 500 meters djup, og vart seinka i henholdsvis juli og november i fjor og i februar i år.

Kadavera er dermed i ulike fasar av oppløysing. I den første fasen, som varer i om lag tre månader, et rovdyr og åtseldyr kjøtet av kadaveret.

I den andre fasen, som varer frå seks til åtte månader, gjer opportunistar som til dømes krepsdyr sitt inntog.

Først i den tredje og siste fasen dukkar bakteriar og børsteormar opp. Ein av desse er børsteormen Osedax, som berre er funnen på kvalkadaver.

Tolmodig venting

Men forskarane er ikkje berre på leit etter organismar på sjølve kadaveret. Dei er også interesserte i å undersøkje kva som hender i den umiddelbare nærleiken.

"Biolog Christoffer Schander (frå v.) og ROV-personell Jarle Wangensten stirar på endelaus sandbotn."

- Eit kvalkadaver utgjer eit stort input i miljøet, og vi vil også sjå på korleis dette påverkar økosystemet lokalt, seier Schander.

Forskarane kjenner den nøyaktige posisjonen for kvar kvalkadavera vart seinka, og undersøkingane går i første omgang føre seg ved at miniubåten saumfer havbotnen innanfor eit gjeve område.

Kvar minste rørsle vert kartlagt og lagra. Slik kan det også vere å drive med forsking. Det å ha tolmodet til å vente på resultata er ein del av prosessen.

- Eigentleg illustrerer denne turen godt korleis det kan vere å vere ute på tokt, seier Schander.

Festmåltidet held fram

Vel vitande om at straumen kan ha ført kvalkadavera med seg langt avgarde, ventar gruppa likevel tolmodig på eit glimt av forskingsobjektet.

"Masterstudent Audun Schrøder-Nielsen (frå v.) og biolog Hans Tore Rapp undersøkjer sanden miniubåten har med seg opp frå havdjupet."

At nattemørkret senkar seg over fjorden set ingen stoppar for arbeidet. Kvalkadavera ligg nede på eit djup der sollyset uansett ikkje er til mykje hjelp.

Kameraet på miniubåten avdekkjer ein havbotn som er langt blautare enn forskarane hadde rekna med på førehand. Havet myldrar av plankton, og sanden som vert virvla opp frå botnen gjer det til tider vanskeleg å sjå klart kva som går føre seg der.

Innimellom legg sanden seg likevel til ro, og tv-skjermen gjev eit innblikk i verda der nede.

"Svamp som dette finn forskarane ofte i området. (Foto: F. Hoffman)"


 

Ein fjellvegg med svampar openbarar seg, sei og havmus svømmer forbi og havbotnen myldrar av kreps og sjøpølser. Men den som ventar på noko godt, kan godt måtte vente forgjeves.

Og kvalkadavera let vente på seg.

- Miniubåten vert styrt fram og tilbake, og det kan godt hende at kadavera ligg berre halvannan meter utanfor synsrekkevidde, seier Schander.

Rett i nærleiken er imidlertid ikkje godt nok for forskarane. Kvalkadavera uteblir, og dei må reise heim utan prøvar.

Somme tider slår naturen framleis vitskapen, og førebels slepp krepsen å forlate matbordet. Festen nede i djupet kan halde fram, i alle høve fram til juli. Då ber det ut på nytt lokaliseringstokt for forskarane.

- Dette er eit for unikt høve til å ikkje leite vidare. Vi veit at kvalkadavera er her, seier Schander.

Powered by Labrador CMS