- Vi må redusere fisket

Torskebestanden i Barentshavet er under sterkt press. Likevel opererer Noreg og Russland med fiskekvotar nesten dobbelt så store som ekspertar frå internasjonale rådgjevingsorgan tilrår. - Det er fleire hensyn å ta, seier fiskeriministeren.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

For dei siste tre åra ligg rådgjevinga om fangstmengd frå den internasjonale rådgjevande komiteen for fiskerireguleringar - ACFM, på kring halvparten av det norske og russiske styresmakter har blitt einige om i fiskeriforhandlinga.

Rekordlåg rekruttering

- For å sikre rekruttering må ein redusere fisketrykket kraftig. Vi har ikkje sterke årsklasser til å ta over når dagens gytebestand er borte. Resultata frå vintertoktet i år viser at rekrutteringa av ungtorsk i Barentshavet er rekordlåg. Talet på eittåringar er berre ein prosent av gjennomsnittet, og tala for to- og treåringane er også svake, seier forskar ved Havforskningsinstituttet (HI) Asgeir Aglen.

Hausten 2000 råda ACMF til ei kvote på 263.000 tonn for 2001, for å sikre ein gytebestand innanfor trygge biologiske grenser i 2003. Likevel vart avtalen med Russland 435.000 tonn. Det vart også avtalt at kvota skulle vere på det nivået også i 2002 og 2003. Samtidig har ein dei siste 20 åra sett at forskarane faktisk undervurder fiskedødelegheita og har gitt for optimistiske vurderingar av torskebestanden.

- Forvaltarane er pliktige til å ta omsyn til måla om økonomisk berekraft, stabile vilkår for fiskerinæringa og andre sosioøkonomiske forhold, seier fiskeriminister Svein Ludvigsen.

- Fleire førestnader enn biologisk berekraft

- I kva grad ei forvalting er i tråd med forskarane sine råd, må alltid vurderast ut frå kva føresetnader som er lagt til grunn for deira kvotetilrådingar. I fleire år no har til dømes rådgjevinga hatt same utgangspunkt, nemleg at gytebestanden skal opp på eit nærare definert nivå det påfølgjande året, utan at ein samtidig har teke omsyn til at andre føresetnader heile tida har endra seg, seier Ludvigsen.

- Sjølv om biologisk berekraft er den mest fundamentale blant føresetnadene, er den ikkje den einaste, held fiskeriministeren fram, men poengterer likevel at målet for Fiskeridepartementet er at Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen skal sørgje for ei berekraftig forvalting.

- Dersom vitskaplege data talar sterkt nok for det, kan kvoten likevel bli redusert, seier han.

Spare på gytebestanden

- Med så dårleg rekruttering er den fisken vi fiskar på også den fisken som skal sikre oss nye generasjonar av torsk. Det seier seg sjølv at det berre kan gå ein veg dersom ein fiskar opp gytebestanden før vi har fått ei ny sterk årsklasse, seier forskar Odd Nakken ved HI. Han ser med stor frykt på at ein held fram med same kvotenivå også neste år.

- Vi er avhengig av at gytebestanden gjer oss ei sterk årsklasse i år. Får ein den fjerde årsklassa på rad under middels vert situasjonen dramatisk, seier han. Dersom styresmaktene ser alvoret og reduserer fisket raskt har forskarane likevel eit håp om å byggje opp bestanden att. Gytebestanden er framleis rimeleg stor og veksten ser betre ut no når loddebestanden har auka og kannibalismen difor har gått ned.

Vurderer reduksjon

Fiskeriministeren synest ikkje det er hyggelege nyheiter at ein har funne så lite torskeyngel i Barentshavet.

- Dette er likevel ikkje heilt nye og uventa opplysningar for oss, ettersom desse observasjonane er i tråd med det norske havforskarar tidlegare har registrert. Fiskeridepartementet har difor vore klar over alvoret ei stund, og vi følgjer situasjonen nøye, seier Ludvigsen.

Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen har sett ned ei arbeidsgruppe som skal utarbeide forslag til forvaltingsstrategiar for bl.a. norsk arktisk torsk. Slike strategiar og spørsmålet om ein eventuell reduksjon av totalkvoten (TAC) for torsk vil bli nøye vurdert under neste sesjon av fiskerikommisjonen basert på den kunnskap som finnast om bestanden då.

- Med tanke på rekrutteringa til den fiskbare delen av bestanden og gytebestanden om eit par-tre års tid, er det viktig å ta best mogleg vare på dagens 5-8-åringar, slik at den forventa nedgangen i bestanden som følgje av svak rekruttering blir minst mogleg, seier fiskeriministeren.

Systematisk feil

Dei siste 20 åra ser ein at forskarane systematisk undervurder fiskedødlegheiten og har gitt for optimistiske vurderingar av torskebestanden. Forskar Odd Nakken har lenge meint at fangststatistikken som ligg til grunn for utrekningane er for dårlege.

- Det døyr meir fisk enn det som er registrert. Ser ein på HI sine toktdata frå 1995-1998, viser dei at det har blitt borte over 10% meir fisk frå bestanden enn det som er rapportert i fangststatistikken, seier Nakken. Dette er fisk som vert kasta ut att fordi den er for liten, svart sal, fisk som døyr på grunn av kontakt med fiskereiskapar eller vert ete av sjøpattedyr.

Nakken har likevel ikkje fått gjennomslag for å hive fangststatistikken, men trur det er der feilkjelda ligg. For hyse i Nordsjøen gjer ein justeringar for utkast i vurderingane og får betre resultat, men ein har ikkje gode nok og systematiske tal for utkast i Barentshavet.

- Sidan vi er merksame på denne overestimeringa bør dei som vedtek kvotene ta høgde for dette. Så lenge ein overvurderer kor mykje fisk det er i havet kan ein ikkje nå målet om ein gytebestand innanfor sikre biologiske grenser, seier Nakken.

Powered by Labrador CMS