Slik ser eit oskekorn ut

Forskarar ved Naturhistorisk museum samla inn vulkanoske frå Island på papirark i Botanisk hage.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Vulkanoske frå Eyafjallajökull, teke med elektronmikroskop. (Foto: Naturhistorisk museum, UiO) Last ned som høgoppløyseleg bmp-fil

– Dette er oske frå Island, og dette er oske frå Island, seier Rune Selbekk, fyrsteamanuensis ved Naturhistorisk museum (NHM) ved Universitetet i Oslo, og viser fram to bilete.

Forskjellen mellom dei to oskekorna er at det eine er samla inn på Island, medan det andre er plukka opp så å seia på dørstokken til arbeidsstaden til Selbekk og kollega Hans Jørgen Berg, i Botanisk hage i Oslo.

Tint og turka snø

– Vi la ut høgglansa laboratoriepapir i hagen i 24 timar og lot oskenedfallet samla seg opp. Seinare vart oska samla opp og overført til ein karbontape for vidare analysar med elektronmikroskop med muligheit for kjemisk analyse.

Vulkanoske frå Eyafjallajökull, teke med elektronmikroskop. Samla inn i Botanisk hage. (Foto: Naturhistorisk museum, UiO) Last ned som høgoppløyseleg bmp-fil

NHM har òg fått tilsendt oskeprøver frå Tromsø. Her fantest oska i snøfall, som vart tint og turka før det vart sendt sørover.

På torsdag kunne vi lesa at NILU så langt ikkje har påvist oske i sine prøver. Korleis kan Selbekk og Berg fastslå at denne oska skriv seg frå Eyafjallajökull?

Enkelte blærerom

– Frå ein islandsk geolog har vi fått prøver som er tekne like i nærleiken av utbrotet. Desse korna skil seg frå typisk vulkanoske fordi lavaen frå Eyafjallajökull inneheld mindre silisium enn det som er vanleg ved eksplosive vulkanutbrot.

Lava med høgare silisiuminnhald gjev oskekorn som ofte er fulle av blærerom, og fragmenta vert meir flate og avlange.

Vulkanoske frå Eyafjallajökull, teke med elektronmikroskop. Samla inn på Island. (Foto: Naturhistorisk museum, UiO) Last ned som høgoppløyseleg bmp-fil

– Men hjå korna frå Oslo og Tromsø finn vi det same som hjå oska frå Eyafjallajökull: korna er kantete, og det er berre enkelte eller ufullstendige blærerom, seier Selbekk.

Øydelagde jordbruksområde

Oskenedfallet består av vulkanske glasfragment, og inneheld svært få mineralkorn. Glaset vert danna når lavaen vert hurtig avkjølt i kontakt med vatn. Den overoppheita vassdampen, saman med dei andre gassane i lavaen, gjer at glasfragmenta vert frakta opp i 10-12 kilometers høgd under den mest intense delen av vulkanutbrotet.

– Det tynne oskelaget som har vorte avsett i Norge gjev ingen grunn til uro for jordbruksareala her til lands, slår Selbekk fast.

Rune Selbekk, Naturhistorisk museum, UiO. (Foto: Per Aas, NHM/UiO)

Han kan fortelja at vi har større oskelag i Norge frå tidlegare utbrot, som til dømes 1875-utbrotet i Askja. På NHM finst oske frå både Askja-utbrotet og andre tidlegare utbrot frå Island på glas.

– Desse utbrota sendte meir oske innover Norge enn kva dette vesle utbrotet har gjort, seier han med eit smil.

– For enkelte av bøndene på Island er det langt verre. Dei har fått jordbruksområda sine øydelagde med fleire centimeter tjukke oskelag. Og på grunn av høgt fluorinnhald er det heller ikkje bra å sleppa beitedyr inn i området, eller la dei drikka stilleståande vatn der. Faren for forgifting vil vera stor i tida framover.

Målestokken på bileta er 1:30 micron og 1:50 micron, dvs. 1:3/100 mm og 1:5/100 mm. Alle bileta kan lastast ned i høgoppløyseleg bmp-format og brukast fritt mot fotokreditering: Foto: Naturhistorisk museum, UiO.

Lenke:

Nordic Volcanological Center (NORDVULK)

Powered by Labrador CMS