Seksten meteorittar i Noreg over 150 år

No er dei seksten norske meteorittane samla mellom to permar. Norge er det fyrste landet i verda som får ei slik bok.

Rune S. Selbekk viser fram Valle-meteoritten, som vart funnen i 2013. (Foto: Unni Irmelin Kvam, NHM/UiO)

Selbekk er landets fremste meteorittforskar og fyrsteamanuensis ved Naturhistorisk museum (NHM), Universitetet i Oslo. I fjor mottok han nesten 400 e-postar frå folk som lurte på om dei hadde funne ein meteoritt.

Men sidan den fyrste meteoritten i Norge vart funnen i 1848, er det berre registrert seksten vitskapleg godkjende meteorittar her til lands.

Då seier det seg sjølv at dei aller fleste som henvender seg til Selbekk må bli skuffa.

– Men det viser jo den store interessa som finst for meteorittar og andre fenomen på himmelen, seier Selbekk.

Saman med tre andre har han no skrive boka Norske meteoritter, som blei lansert 14. juni. 

Ein meter frå å bli treft

Den auka interessa for og kunnskapen om meteorittar har gjort at det vert funne stadig fleire meteorittar. På heile 1800-talet vart det ikkje funne meir enn fire meteorittar til saman, like mange som det er funne dei fyrste fjorten åra av dette århundret.

Selbekk forklarar at det er den auka interessa som har ført til at det no vert funne fleire meteorittar.

– Tidlegare vart dei fleste meteorittane oppdaga fordi folk såg fallet. Pollen-meteoritten som falt ned i 1942, var til dømes ikkje meir enn ein meter frå å treffa den tolv år gamle Randi Pollen, seier han.

Fann ikkje meteoritten som falt i fjor

– I dag har vi eit nettverk av meteorinteresserte som overvakar himmelen. Ved hjelp av peilingar frå ulike kamera og trykkforandringsdata frå det seismologiske forskingsinstituttet NORSAR på Kjeller, kan ein lokalisera området der meteoritten har falt ned.

– I dag foregår det altså ei målretta leiting etter nedfalne meteorittar, seier Selbekk.

Han skulle gjerne hatt fingrane i meteoritten som falt nær Ringdalsvatnet ved Odda i desember, men fryktar at den kan ha falt i eit vatn, sidan leitinga så langt ikkje har gjeve resultat.

Valle-meteoritten slik den låg i terrenget då Terje Fjeldheim fann den. Finnaren donerte meteoritten til NHM. ( Foto: Terje Fjeldheim)

Han oppfordrar alle til å ta kontakt dersom dei finn noko som kan vera ein meteoritt, slik at den kan verta undersøkt og registrert vitskapleg av kompetente fagfolk.

Kjøper eller får meteorittar

– Under eit meteorittfall kan meteoritten ofte verta delt opp i fleire bitar. Vi har ikkje ambisjon om å ha alle norske meteorittsteinar, men vi ynskjer å ha ein frå kvart fall.

– Dette vert gjerne løyst ved at vi kjøper eller får ein del av meteoritten frå finnaren. I det siste tilfellet vert navnet til finnaren knytt til den utstilte steinen for alltid, seier Selbekk.

«Norske meteoritter» er i tillegg til Selbekk skrive av mikrometeorittentusiast Jon Larsen, meteorittkjennar Morten Bilet, som driv Bilet Geoservice, og amatørgeolog Øyvind Thoresen, som har teke nye fotografi av NHM sine meteorittar til boka.

Boka er eit dugnadsarbeid, og eit eventuelt overskot vil fyrst bli brukt til å laga ei engelsk utgåve av boka. Deretter vil overskotet bli delt mellom Geologisk Museums Venner og Norsk meteornettverk, slik at det støttar opp under norsk meteorittforsking.

Powered by Labrador CMS