Bakgrunn: Då månesteinane kom

Norske geologar analyserte steinprøvar frå alle måneferdene så nær som den fyrste. Dei verdfulle prøvane kom som diplomatisk kurerpost.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Månen er tørr, men ikke knusktørr. (Foto: NASA)

Alt i mars 1970 kom dei fyrste prøvane til Mineralogisk-geologisk museum (MGM) frå Apollo 12-ferda, den andre som landa på Månen.

Prosjektet var eit samarbeidsprosjekt mellom MGM og Institutt for atomenergi på Kjeller, og vart leia av professor Knut S. Heier ved MGM (som i dag er innlemma i Naturhistorisk museum).

Omhyggjeleg rekneskap

– Oppgåva vår var elementanalyse av prøvar frå Månen, fortel Bjørn Sundvoll, i dag pensjonert forskar ved NHM, men den gongen tilsett som forskingsstipendiat på måneprosjektet for forskingsrådsmidlar.

Kø utanfor Geologisk museum. Foto: Naturhistorisk museum/UiO

Måneprøvane kom med kurerpost frå NASA i Houston til den amerikanske ambassaden på Drammensvegen.

Der vart dei henta av ein representant for forskarteamet.

– Vi måtte føra omhyggjeleg rekneskap med alt materialet, gram for gram. Alt som ikkje var brukt opp under forsøka, vart returnert til NASA langs same ruta som det hadde kome hit.

– Det gjaldt sjølv om materialet var blitt bestråla, fortel Sundvoll.

Dårleg engelsk

Basert på ein teknikk som vert kalla nøytronaktiviseringsanalyse, utarbeida dei norske forskarane ein prosedyre for bestemming av førti ulike element.

Dei samanlikna òg samansetjinga av ulike deler av månematerialet.

Målingane vart utførde delvis på Tøyen og delvis på Kjeller. I alt deltok seks norske forskarar i prosjektet.

Funna frå samarbeidet vart lagt fram på den årlege Lunar Science Conference på NASA Space center utanfor Houston.

– Eg var ganske nervøs då eg som ung doktorgradsstudent skulle halda innlegg der. Men han som heldt innlegg rett før meg var heldigvis ein russar som snakka ganske dårleg engelsk.

– Då skjøna eg at det i alle fall var minst ein som kom til å gjera dårlegare figur enn eg, smiler Sundvoll.

Den amerikanske ambassadøren

Knut Heier og Harrison Schmitt. Foto: Naturhistorisk museum/UiO

Prosjektet varte ut 1973, og hadde då analysert prøvar frå alle dei bemanna måneferdene, med unntak av den fyrste.

I september same året fekk museet overrekt ein liten måneprøve av astronauten Harrison H. Schmitt, med den amerikanske ambassadøren til stades.

Schmitt hadde tidlegare vore post.doc.-stipendiat ved MGM, og han er til dags dato den einaste geologen som har vore på Månen.

Interessa for månesteinen var enorm, og dei to fyrste dagane den var utstilt, var det 3 700 besøkjande innom Geologisk museum. Til samanlikning var det 3 000 som besøkte NHM fyrste helga Ida-fossilet var utstilt.

Hammar og meisel

Bjørn Sundvoll. Foto: Per Aas, Naturhistorisk museum/UiO

Men det var lenge usikkert om museet kom til å få behalda nokon måneprøve til odel og eige, og Heier bestemte seg for å ta saka i eigne hender. Bokstavleg talt.

– Ein av dei siste prøvane vi analyserte, var ein stor breksjeklump på 26 gram.

Breksje er ein bergart.

– Heier gjekk laus på den med hammar og meisel, og hakka av ein liten klump på 2-3 gram som vart avskriven som forbrukt materiale då prøvane vart returnerte til NASA, humrar Sundvoll.

Han legg til at sjølv om Heier var blitt ganske skjelven på hendene på den tida, insisterte han på å gjera jobben sjølv.

– Ein del år seinare prøvde vi å finna ut kvar det var vorte av denne biten, og om den framleis var på museet. Då kom det for ein dag at Heier hadde levert den tilbake til NASA via Schmitt.

Powered by Labrador CMS