Stjernesmellen i Hallingdal

For 546 millionar år sidan landa ein meteoritt i Hallingdal, men ingen var til stades for å observera det. No fortel grunnfjellet forskarane kva som skjedde.

Published
Omtrent slik ligger kratret i terrenget. (Foto: Elin Kalleson)
Omtrent slik ligger kratret i terrenget. (Foto: Elin Kalleson)

Midt mellom Nesbyen og Gol ligg eit 5-6 kilometer stort krater etter eit kjempenedslag frå ein meteoritt, men det er det ikkje så lett å sjå.

- Faktisk var det fyrst på 90-talet at geologane skjøna at Gardnos var eit meteorittkrater, fortel Elin Kalleson ved Naturhistorisk museum (NHM) ved Universitetet i Oslo.

Nyleg leverte ho doktoravhandlinga si om krateret.

Enorme krefter

Det var to andre geologar frå NHM, Johannes Dons og Johan Naterstad, som oppdaga krateret. Steinprøver stadfesta at dette var eit meteorittkrater.

- Det er enorme krefter som har vore i sving her, seier Kalleson.

Krafta i nedslaget har vore så stor at temperaturen i treffaugneblinken har vore oppe i fleire tusen grader. Trass i at meteoritten for det meste vart utgjort av jern, fordampa den som dogg for sola.

Ingen har tidlegare studert Grandnoskrateret like detaljert som Elin Kalleson har.
Ingen har tidlegare studert Grandnoskrateret like detaljert som Elin Kalleson har.

Knust og smelta

- Vi reknar med at hastigheiten har vore rundt 20 km i sekundet, det tilsvarar eitt sekunds transporttid mellom Nesbyen og Gol.

Minerala i berggrunnen vart både knust og smelta, så djupt som 200 m under kratergolvet. Kvartskrystallane vart sprengt på ein spesiell måte som ein ikkje kan sjå andre stader i naturen.

Det vert ofte kalla ”sjokka kvarts”, og blir rekna som eit prov på at det har funne sted eit større meteorittnedslag.

- Ved hjelp av uran- og blydatering av zirkonar anslår vi at nedslaget skjedde for 546 millionar år sidan, pluss minus fem millionar, seier Kalleson. Det er noko yngre enn ein trudde tidlegare, men ho understrekar at datering av så gamle hendingar er komplisert.

- Vi kan jo ikkje spola tilbake for å sjå kva som hende, så vi må rekna oss fram til kva som sannsynlegvis har hendt.

Bergarten Gardnosbreksje vart danna under nedslaget. Det er lett å sjå brotstykka av ein lys bergart (gneis) mot den mørke bakgrunnen (matriksen) av finknust steinmjøl.
Bergarten Gardnosbreksje vart danna under nedslaget. Det er lett å sjå brotstykka av ein lys bergart (gneis) mot den mørke bakgrunnen (matriksen) av finknust steinmjøl.

Fram i dagen

Sidan dei kjenner den omtrentlege samansetjinga av meteoritten og storleiken på krateret den laga, har Kalleson og kollegane hennar vore i stand til å rekna ut at den må ha vore rundt 200-250 meter i diameter.

Etter som tida gjekk, vart krateret fylt med annan masse. Deretter vart det pressa ned under den kaledonske fjellkjeda. Gjennom nye millionar av år vart desse overliggjande bergartene tæra vekk.

Under istida vart så ein del av dei lausare bergartane slipt bort, og krateret kom fram i dagen att.

Frå Gardnos meteorittpark.
Frå Gardnos meteorittpark.

Sjeldent nedslag

- Men dei øvste delane av kraterveggen har òg vorte erodert bort, så vi reknar med at når krateret i dag er om lag 5 kilometer breidt, har det opphavleg vore endå breiare.

Dagleg vert Jorda bombardert av tonnevis av materiale frå verdsrommet. Det meste er berre sand og støv, og brenn opp i atmosfæren.

Nokre få større bitar når jordoverflata som meteorittar. Det er til no funne 14 meteorittar i Norge. Nedslag som ved Gardnos er sjeldne.

- Vi reknar nærare 50 000 år mellom kvar gong noko slikt hender på Jorda, seier Kalleson.

- I Norge er det berre funne to andre meteorittkrater. Det er Ritlandkrateret i Rogaland, og Mjølnirkrateret i Barentshavet.

Lenker:

Gardnos meteorittpark

Naturhistorisk museum: Meteorittar