Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Farmasøytiske forsking fokuserer framleis mykje på dyreforsøk og prøving og feiling. Ein forskar meiner at det trengst meir grunnleggjande forsking, som fysikalsk kjemi, innan forskingsfeltet.

– Færre dyreforsøk og meir grunnforsking kan gje nye legemiddel raskare

Måten legemiddel verkar på, byggjer på dei same fysiske lovene som alt anna i universet, ifølge farmasøyt Massimiliano Pio di Cagno. Han ber farmasien læra av fysikken

Massimiliano Pio di Cagno forskar på metodar for å føreseia korleis dei aktive ingrediensane oppfører seg i kroppen når ein brukar eit legemiddel.

Han ynskjer å bidra til ei positiv utvikling i både farmasøytisk forsking og legemiddelindustrien.

– På eit heilt fundamentalt plan er alt fysikk. Måten legemiddel verkar på, byggjer på dei same fysiske lovene som alt anna i universet. Dersom vi i større grad tek desse som utgangspunkt for den farmasøytiske forskinga, vert det lettare og raskare å utvikla nye legemiddel, seier forskaren, som er fyrsteamanuensis ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo

Når eit nytt legemiddel kjem på marknaden, er det etter ein prosess som kan ha vart i 10–15 år og ha kosta milliardar av kroner.

Di Cagno meiner det er farmasøytar i dei akademiske forskingsmiljøa som bør hjelpa industrien å redusera både tid og kostnadar i utviklingsprosessen.

Trengst meir grunnleggjande forsking

– Eg klandrar ikkje legemiddelindustrien for å operera innanfor rammene dei kjenner frå før. Dei er i sin fulle rett til å tena pengar, og då er det fullt forståeleg at utviklingsarbeidet deira skjer med innarbeidde framgangsmåtar, seier di Cagno.

– I akademia står vi friare til å bruka tid på å forska på dei fundamentale aspekta, og eg meiner vi òg har ansvar for å gjera det. Betre og billegare legemiddel kjem alle i samfunnet til gode, og over skattesetelen er det dei som finansierer forskingsaktivitetane våre.

Han meiner at den farmasøytiske forskinga framleis fokuserer for mykje på dyreforsøk og prøving og feiling og at det trengst meir grunnleggjande forsking, som fysikalsk kjemi, innan forskingsfeltet.

Han vil ha vitskapen inn i den farmasøytiske vitskapen.

Massimiliano Pio di Cagno, fyrsteamanuensis ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo

Reduserer behovet for eksperimentell testing

Sjølv har han utvikla ein metode der ein ved hjelp av ultrafiolett lys kan undersøkja korleis ulike substansar spreier seg i kroppen og trengjer gjennom dei ulike fysiske barrierane der.

– Når du tek eit legemiddel oralt, altså gjennom munnen, må det kryssa fleire slike barrierar for å nå målet. Dersom du tek ein tablett, skal molekyla i verkestoffet fyrst løysast opp i fordøyelsessystemet, slik at dei kan takast opp i blodet.

– Fyrst då kan det fraktast med blodet til den staden det skal verka, der det antakeleg er ytterlegare barrierar å passera, forklarar han.

Slim kan hemma opptak av verkestoff

Testing på levande vesen kallast in vivo-testing. Forsøk som vert gjort i laboratorium vert vanlegvis omtala som in vitro, medan in silico er forsøk som berre er gjorde i ei datamaskin.

– Nyleg gjennomførte vi ein studie på fire stoff sin evne til å gå gjennom vevet i slimhinner. Mange legemiddel tek vi jo slik at dei vert tekne opp gjennom slimhinnene, til dømes som tablettar, nasespray, stikkpiller eller gjennom inhalator.

Stoffa vart testa i kunstige barrierar som etterliknar eigenskapane til vev i slimhinner. Ved hjelp av di Cagno sin metode kunne forskarane fastslå at tilstrekkelege mengder slim kan hemma opptaket av verkestoff og gjera legemiddelet mindre effektivt.

Økonomisk motivasjon

– Når vi kjenner molekylstrukturane i desse stoffa, kan vi utvikla modellar som kan føreseia korleis liknande kjemiske einingar med samanliknbar struktur vil oppføra seg i kroppen, utan at vi treng å testa dei på dyr eller mennesker.

Di Cagno understrekar at det ikkje er realistisk å stoppa alle dyreforsøk med det same, eller at vi skal klara oss heilt utan. Han fortel likevel at EU arbeider for å redusera talet på dyreforsøk så mykje som råd.

– Dyreforsøk reiser jo både etiske og vitskaplege spørsmål. I tillegg har legemiddelindustrien ein annan motivasjon for å få ned talet på dyreforsøk: den økonomiske. Det er dyrt med dyr, seier han.

Referanse:

Margherita Falavigna mfl: «Impact of Mucin on Drug Diffusion: Development of a Straightforward in Vitro Method for the Determination of Drug Diffusivity in the Presence of Mucin». Pharmaceutics, 2020.

Powered by Labrador CMS