Annonse

Hemming som haldning

Kva vil det seie å vere funksjonshemma? Eit nytt forskingsprosjekt ved Universitetet i Bergen (UiB) ser på identitet, språk og minoritetskultur for å finne svar.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

- Vi vil problematisere sjølve omgrepet “funksjonshemma” seier statsvitar Bodil Ravneberg, ein av forskarane i gruppa ved Rokkansenteret.

Medan tidlegare forsking kring funksjonshemma i stor grad har vore bestillingsverk frå velferdsstaten på tekniske, medisinske eller byråkratiske utfordringar, er målet i det tverrfaglege UiB-prosjektet å rette eit kritisk blikk mot denne verksemda.

Forskinga skal flyttast inn i det sosiale rommet og utfordre etablerte sanningar om korleis samfunnet og dei funksjonshemma sjølve ser på, og kan sjå på, kva det vil seie å vere funksjonshemma.

Samanliknar grupper

Sosialantropolog Jan-Kåre Breivik og statsvitar Bodil Ravneberg skal forske på funkjsonshemming og identitetsdanning.

I dette perspektivet treng ikkje funksjonshemming å vere ei unormal ulempe som må møtast med tekniske og medisinske tiltak. Rullestolbrukarar, revmatikarar, blinde eller døve kan også bruke funksjonshemmingane til å skape seg ein identitet og eit felleskap som både kan gi positiv sosial og politisk samkjensle.

Sosialantropolog Jan-Kåre Breivik har tidlegare forska på døve, og skal bygge vidare på denne forskinga i det nye prosjektet, som er finansiert av Forskningsrådet.

- Ved å samanlikne ulike grupper funksjonshemma vil vi prøve å få ei djupare forståing av identitetsutfordringane dei har, forklarer Breivik.

Gjennom antropologisk feltarbeid skal han forske på tre ulike grupper: Døve i globale nettverk, funksjonshemma som har flytta til syden grunna klimatiske fordelar for helsa og funksjonshemma flyktningar i Noreg.

- Eg vil sjå på identitetsutvikling blant dei funksjonshemma. Kva gjer til dømes trekkfuglidentiteten med dei som har busett seg i syden?

Rullestoll og design

Ravnebergs del av prosjektet handlar om korleis og i kva grad endringane i velferdsstaten vert tilpassa nye identitetsformer blant funksjonshemma. I den samanhengen vil ho sjå på bruken av tekniske hjelpemiddel, som har blitt sett på som nettopp det - tekniske.

- Men det handlar også om symbol, estetikk og design. Hørselhemma ungdom er til dømes veldig oppteken av design på dei tekniske hjelpemidla, seier Ravneberg.

Å stille estetiske krav til rullestolar har vore lite akseptert i dei helsefaglege miljøa. Men ein rullestol kan også sjåast som ei forlenging av kroppen, og har på mange måtar same funksjon som klede har, ifølgje Ravneberg.

Ein annan deltakar i prosjektet, Karen Christensen skal samanlikne det aukande omfanget av personlege assistentar i Noreg og England. I desse samanhengane er det tradisjonelle rollemønsteret langt på veg snudd på hovudet, det er ikkje “pasienten” som må tilpasse seg.

- I desse tilfella er det den hjelpetrengande som er arbeidsgivar som bestemmer “når”, “kvar” og “korleis”, forklarer Ravneberg.

Fjerde deltakar i prosjektet, professor Per Solvang, skal gjennom deltakande observasjon studere funksjonshemma performance-artistar i San Fransisco, og korleis dei skaper ein identitet og tilvere gjennom kropp og kunst.

Normalitetsmakta

- Vi håper også å få med nokre andre småprosjekt inne i det heile. Vi har blant anna lyst til å sjå kritisk på det vi kan kalle normalitetsmakta. Det er gjerne medisinen og psykologien som representerer denne og er sterkt inne når det gjeld rehabilitering, eit omgrep som inneber at eit avvik må rettast opp, seier Breivik.

Forskarane meiner det viktigaste med forskingsprosjektet på Rokkansenteret er at det ikkje er direkte nytteorientert.

- Den nytteorienterte forskinga skaper ikkje nye blikk, og det er nettopp det vi vil, samstemmer Ravneberg og Breivik.

- Mykje har blitt tatt for gitt, som gode heiderlege mål, og det har vore lite kritisk forsking, konkluderer dei.

Powered by Labrador CMS