Denne artikkelen er produsert og finansiert av Vestlandsforsking - les mer.

Ved midten av hundreåret vil fjelltoppane i Lofoten ha så lite som 20–30 dagar med snøfall i året, mot dagens 75 dagar.

Ny teneste viser kor snøen forsvinn først

Ei ny, nettbasert teneste viser kor mykje snø, sludd og regn dei viktigaste skiregionane i Noreg kan vente seg mot midten og slutten av hundreåret.

Tenesta er utvikla av forskingsprosjektet ClimTour, som Vestlandsforsking leier.

Vinteren og snøsesongen krympar alle stader i Noreg, men vil få spesielt store følgjer for snøen i lågareliggande og kystnære strøk.

Skisentera som ligg lågt i terrenget og nær kysten, vil vere dei første som tapar.

Kyst og lågland vil merke endringane mest

– Dei som har lite, vil merke endringane mest, seier Hanne Heiberg. Ho er forskar i klimatenesteavdelinga ved Meteorologisk institutt og tilknytt Klimaservicesenteret.

Saman med ein kollega har ho undersøkt kor mykje snø, sludd og regn dei neste tiåra vil bringe i dei viktigaste skiregionane for norsk reiseliv.

Eit aktuelt døme på ein utsett region er Lofoten, eit populært reisemål for mange skikøyrarar. Ved midten av hundreåret vil fjelltoppane i regionen ha så lite som 20–30 dagar med snøfall i året, mot dagens 75 dagar med snøfall per år.

– Toppane i Lofoten vil altså få ein reduksjon på 60 prosent i dagar med snøfall alt ved midten av hundreåret, seier Heiberg.

Gjennomsnittet for Noreg ser slik ut:

Frå eit årleg snitt på 80 dagar med snøfall dei siste tiåra vil vi ved midten av hundreåret vere nede i rundt 60 dagar.

Når vi kjem til slutten av hundreåret, har vi i snitt berre rundt 50 dagar att med snøfall. Då har forskarane gått ut frå eit middels utsleppsscenario, der landa i verda verken lukkast godt med å løyse klimaproblemet eller mislukkast heilt.

Forskar Hanne Heiberg har undersøkt kor mykje snø, sludd og regn dei neste tiåra vil bringe i dei viktigaste skiregionane for norsk reiseliv.

Kan bli verre

At verda faktisk lukkast så godt med å løyse klimaproblemet, er slett ikkje sikkert. Talet på dagar med snøfall kan altså òg bli færre enn dette.

– Viss vi derimot går ut ifrå eit høgutsleppsscenario, altså at vi verkeleg ikkje får ned utsleppa, vil Noreg vere nede i rundt 30 dagar med snøfall mot slutten av hundreåret. Det betyr ein nedgang på 60 prosent frå i dag, seier Heiberg.

Sjølvsagt finst det område som har langt meir snøsesong å tære på enn andre, som høgfjellet i Sør-Noreg og Finnmarksvidda. Med høgutsleppsscenarioet er det nesten berre dei som sit att med ein ordentleg vinter.

Skisenter og annan snøbasert aktivitet vil difor bli ulikt råka etter kor dei ligg i landet, seier Eivind Brendehaug, prosjektleiar og forskar ved Vestlandsforsking.

– Dei som ligg høgt oppe og langt inn i landet vil leve lengst og vil oppleve auka pågang. Dessverre vil dei som ligg lågt i terrenget og nær kysten, oppleve aukande problem.

Skisenter og annan snøbasert aktivitet vil bli ulikt råka etter kor dei ligg i landet, ifølgje forskarane.

Kutt vil bety mykje

Kor flinke vi er med klimakutta, vil få mykje å seie for kor store klimaendringane blir, også i Noreg.

Verda følgjer førebels eit høgt utsleppsscenario, men viss alle land held løfta sine, landar vi ein stad midt mellom eit middels og høgt utsleppsscenario.

Det er dette FNs generalsekretær siktar til når han seier at vi styrer mot ei global oppvarming på 2,8 grader.

– Store kutt i klimagassar vil ha stor effekt, særleg i siste halvdel av hundreåret, understrekar Hanne Heiberg.

Merkar alt endringar i fjellet

– Vi som har brukt fjella dei siste 20 åra, legg merke til store endringar. Fleirårige snøfonner blir borte, breane krympar og stiar blir vaska ut, seier forskar Halvor Dannevig ved Vestlandsforsking.

Han har delteke i prosjektet ClimTour. I tillegg driv han sjølv med bre- og fjellføring.

Guidar Dannevig har intervjua, gir uttrykk for at dei synest det er trist at fjellet blir mørkare, men at det førebels betyr lite for pågangen. Risikoen ved å ferdast i fjellet er litt høgare.

– Smeltande snø og is gjer at det blir meir lausgods og fare for steinsprang.

– Vi som har brukt fjella dei siste 20 åra, legg merke til store endringar, seier forsker Halvor Dannevig.

Snakkar om klimaendringar

Nigardsbreen i Jostedalen har trekt seg 600 meter tilbake dei siste 20 åra. Det har gjort turen til brefronten mykje vanskelegare, og ikkje alle som før kunne komme seg på breen, kan det no.

– Dette har redusert utvalet av turar breførarane kan tilby, seier Dannevig.

Forskaren fortel at han er blitt meir oppteken av om guidar og andre som jobbar i reiselivet, nyttar høvet til å snakke om dei synlege endringane og auke medvitet om klima- og naturendringar overfor turdeltakarar.

– Guidane svarar at dei gjer det, men det sit lenger inne å knyte endringane til dei vala vi gjer som forbrukarar, sidan dei sjølve er avhengige av at folk reiser, seier Dannevig.

Sjå den nye tenesta til ClimTour her.

Powered by Labrador CMS