Noreg og dei andre nordiske landa fekk god utteljing for midlane dei gav til arbeidsgruppa AMAP som overvaker og samanstiller forsking på det arktiske miljøet, ifølgje forskarar. (Illustrasjonsfoto: baon / Shutterstock / NTB scanpix)

Norsk innsats påverka internasjonal lov om kvikksølv

Dagens konvensjon for kvikksølv kan vi i stor grad takke norsk innsats og arktisk forsking for. Korleis fekk arktisk forsking ei så stor rolle for at lovverket kom til?

Det er anerkjent at miljøpolitikk skal byggje på vitskap og forsking. Men korleis bidrog eigentleg forskinga i politikkutforminga?

– Vi må vite meir om rollene til forskarar i politiske prosessar, slik at forsking kan brukast meir effektivt i politikken, seier Froukje Maria Platjouw, forskar ved Norsk institutt for vassforsking (NIVA).

– Det er særleg viktig i miljølovgivinga. Vegen fram til globale miljøavtalar er ofte ein årelang prosess, og det passar dårleg med alvorsgraden i miljøsakene.

Froukje Maria Platjouw er forskar ved Norsk institutt for vassforsking (NIVA). (Foto: NIVA)

I ein nyleg publisert artikkel analyserer Platjouw saman med forskar Eirik Hovland Steindal ved NIVA og Trude Borch frå Akvaplan-niva ulike prosessar som førte fram til det internasjonale lovverket om kvikksølv.

Forskaranes hensikt var å rette søkjelyset mot korleis vegen frå forsking til politikkutforming kan verte meir effektiv.

Lovverket, Minamata-konvensjonen, vart signert i 2013 og tok til å gjelde 16. august i fjor. Konvensjonen skal sørgje for mindre bruk og utslepp av kvikksølv i miljøet. Frå og med 2020 er det ikkje lenger lov å bruke kvikksølv i produkt og industrielle prosessar.

I desse dagar vert det andre partsmøtet for Minamata-konvensjonen heldt i Genève i Sveits. Dagsorden for møtet er mellom anna å diskutere utslepp frå open søppelbrenning og miljøvennleg lagring av kvikksølvhaldig avfall. Det skal òg rapporterast korleis landa følgjer opp konvensjonen.

Kvikksølv og Minamata-konvensjonen

  • Kvikksølv er eit metall som finst naturleg, men utslepp frå industri og annan menneskeleg aktivitet har ført til svært høge konsentrasjonar i miljøet.
  • Så snart kvikksølv er sloppe ut i miljøet, kan det verte frakta med vind og vatn over store avstandar på kloden.
  • Slik kan kvikksølv hope seg opp til svært høge konsentrasjonar i den arktiske næringskjeda, jamvel om det finst svært få lokale utsleppskjelder i Arktis.
  • Den globale konvensjonen om kvikksølv fekk namn etter ei hending i Minamata i Japan, der over 1000 menneske døydde som følge av kvikksølvforgifting etter å ha ete kvikksølvforureina fisk og skaldyr.
  • Inntak av kvikksølv gjennom maten førte til forgifting i sentralnervesystemet og alvorlege misdanningar.
  • Det var i mai 1956 at Minamata-sjukdomen første gong vart «oppdaga» i Minamata.

Ekspertar, timing og pengar

– Det var fire faktorar som gjorde at arktisk forsking blei eit viktig bidrag til at verda vart samd om ei global avtale om kvikksølv: Nasjonalpolitisk prioritering, involvering av ekspertar, timing og finansiering, seier Platjouw.

– Arktisk råd hadde gjennom arbeidsgruppa AMAP ei nøkkelrolle både ved å setje og å halde kvikksølvproblemet på dagsorden og i prosessen fram mot internasjonale forhandlingar, seier forskaren.

Arktisk råd er det leiande organet for samarbeid mellom dei arktiske landa, og Arctic Monitoring and Assessment Program (AMAP) er ei arbeidsgruppe under Arktisk råd. Gruppa overvaker og samanstiller forsking på det arktiske miljøet og gir vitskapelege råd om forureining og klimaendringar til styresmaktene.

Rett rapport til rett tid

Då FNs miljøprogram (UNEP) i 2009 vedtok å jobbe for ein juridisk bindande lov om kvikksølv, hadde AMAP allereie gjennom fleire år bygd opp solid kunnskap og publisert omfattande rapportar som viste dei negative effektane av kvikksølv.

– Det at det allereie fanst solid vitskapeleg kunnskap, frigjorde middel til forhandling om lovverk, framfor å krangle om kor vidt kvikksølv var eit problem eller ikkje, seier Platjouw.

AMAP fekk etter kvart ei meir og meir sentral rolle som fasilitator, kunnskapskjelde og kunnskapsmeklar i dei internasjonale forhandlingane.

– Det kan sjå ut som AMAP gjorde strategiske val med tanke på fokuset til dei ulike rapportane. Den første, som kom på 90-talet, handla om å identifisere og forstå omfanget av kvikksølvproblemet. Dette var før det vart fremja eit internasjonalt initiativ til globalt lovverk, seier Platjouw, og fortset:

– Seinare, då forhandlingane handla om kor vidt avtala skulle vere bindande eller ikkje, hadde AMAP-rapportane eit sterkare søkjelys på utsleppskjeldene. Det understreka kor viktig det var at alle land forplikta seg til regulering av utslepp.

Om det var strategisk planlagt eller ikkje, vart i alle fall fleire AMAP-rapportar sloppe på viktige tidspunkt i prosessen.

Rapportane inkluderte dessutan konkrete politisk orienterte vitskapelege råd. Desse gjekk til tider på tvers av det som var nasjonal politikk i fleire av medlemslanda i Arktisk råd.

Forsking er ikkje gratis

Forsking kan påverke politikk, men politikken bestemmer òg i stor grad kva type forsking som vert finansiert.

Finansieringssystemet for forsking påverkar både kva område det vert forska på og på kva måte det skal formidlast til samfunnet og vedtaksfattarar.

Den første AMAP-rapporten vart sponsa av Nordisk ministerråd, som òg gav økonomiske bidrag til mykje av arbeidsgruppa si eiga forsking på kvikksølv, samt ein av UNEP sine rapportar.

Dei nordiske landa har på denne måten bidrege ekstra til at AMAP kunne byggje eit viktig kunnskapsgrunnlag for arbeidet med konvensjonen.

– Eit svært viktig bidrag

Som medlem av både Arktisk råd og Nordisk ministerråd var Noreg mellom dei nordiske landa som påverka prosessen fram mot ei bindande avtale gjennom fleire kanalar.

I starten gjorde usemje blant medlemslanda i Arktisk råd at Noreg ikkje ville risikere å fremje ei slik avtale gjennom rådet.

Det førte til at Noreg, via Sveits, føreslo dette for FNs miljøprogram, etter kvart med støtte i EU og Russland. Ein konkluderte med at det å vente på land som var skeptiske til ei slik avtale, som Canada og USA, truleg ville bremse prosessen.

– Internasjonale prosessar er dynamiske, og det er vanskeleg å seie om det var strategisk planlegging frå AMAP og medlemslanda i Arktisk råd som førte til at desse fekk ei så stor rolle, seier Platjouw.

– Men det er ingen tvil om at arktisk forsking og AMAP si aktive rolle var eit svært viktig bidrag til at vi i dag har ei internasjonal avtale for å redusere utslepp av kvikksølv. Noreg og dei andre nordiske landa fekk god utteljing for midlane som blei kanalisert gjennom AMAP, avsluttar Platjouw.

Prosjektet er finansiert gjennom Framsenterets Flaggskip ‘Miljøgifter- effekter på økosystemer og helse’.

Referansar:

Platjouw, F.M. ; Steindal, E. H. og Borch, T.: From Arctic Science to International Law: The Road towards the Minamata Convention and the Role of the Arctic Council. Arctic Review. (2018) doi: https://doi.org/10.23865/arctic.v9.1234.

Masazumi, H. Minamata Disease: Methylmercury Poisoning in Japan Caused by Environmental Pollution. Critical Reviews in Toxicology. (1995) DOI: 10.3109/10408449509089885

Powered by Labrador CMS