– Eg må skriva om røyndomen

– Eg synest røyndomen er så interessant at eg må skriva om den. For meg personleg er det blitt ein yrkesskade, seier professor i statsvitskap, Bernt Hagtvet. No vert innsatsen hans krona med UiOs formidlingspris for 2009.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

– Når eg høyrer ordet elitisme, vert eg berre oppgitt. Det er ein klassisk norsk debattstoppar, tykkjer formidlingsprisvinnar Bernt Hagtvet. (Foto: Ola Sæther, UiO)

Bernt Hagtvet er alltid på krigsstigen i avisspaltene mot totalitære tankar og er ein evig forkjempar for at universiteta skal tilby studentane meir allmenndanning.

Professoren i statsvitskap har gitt namn til Noregs mest populære frukostseminar, «Frukost med Bernt», og har redigert boka Folkemordenes svarte bok frå 2008.

Då me treffer han i Urbygningen i sentrum, har han og resten av Danningsutvalet akkurat presentert sluttdokumentet sitt. Han brenn for å utvida allmenndanninga i høgare utdanning, og meiner det er viktig at studentane kan meir enn berre innhaldet i faget sitt når dei er uteksaminerte.

– Eg vil gjerne utvida bachelorgraden til fire år, slik den er i USA. Og dessutan vil eg ha tilbake den gamle ex.phil.- og ex.fac.-ordninga. ”Kvalitetsreforma” har ikkje hatt noko med kvalitet å gjera. Det dreier seg mest om gjennomstrøyming.

- Kjapt og billeg er det mest dekkande uttrykket for det som er skjedd. Og dei pinlege innsparingane på UiO gjer det til ein vits å tala om kvalitet. Å lesa om denne reforma er som å få eit lærestykke i orwelliansk nytale, tordnar Hagtvet.

Han kvir seg ikkje for heile tida å visa til dei amerikanske universiteta Yale og Harvard som dei gode døma som dei norske universiteta og lærestadene bør strekkja seg etter.

Yale

– Kvifor skal ikkje norske studentar strekkja seg etter det beste? spør han. – Når eg høyrer ordet elitisme, vert eg berre oppgitt. Det er ein klassisk norsk debattstoppar.

– Eg hadde sjølv gleda av å vera student ved Yale-universitetet, og eg blei både slått og imponert over korleis professorar, kunstnarar, politikarar og studentar i stor grad var integrerte i det same sosiale og intellektuelle miljøet.

– USAs ekspresident George W. Bush var også student ved Yale?

– Det er rett. Han var ferdig eitt år før eg byrja. Då fanst det noko som vart kalla gentleman’s c-karakter. Han ville ikkje ha stått i dag.

Meir vil han ikkje seia om Bush, før han held fram med å prisa eitt av Europas beste universitet.

– Eg opplevde den same gode kontakten mellom akademia og politikarar seinare ved Oxford-universitetet, Nuffield College. Politikarar frå Whitehall kom ofte og hadde forelesingar. Ein viktig grunn var at dei hadde klassisk utdanning nettopp frå det universitetet. Det er nok mykje meir vanleg i Storbritannia enn her i landet.

– Difor synest eg at Universitetet i Oslo må auka kontakten med politikarane endå meir og vera meir synlege i samfunnet enn i dag. I eit demokrati som i Noreg, vil det gi UiO auka legitimitet.

Tar ikkje æra

– Kva tykkjer du om at Universitetsstyret har gitt deg UiOs formidlingspris?

– Det er vel eigentleg ikkje eg som skal ha æra for ”Frukost med Bernt.” For det var Anders Ravik Jupskås og sambuaren hans, Sarah Bergstrøm, som kom med ideen, og spurde om eg kunne bli med på det og om dei kunne få lov til å bruka namnet mitt.

- Men eg synest det er flott at ”Frukost med Bernt” er blitt ein slik suksess at studentar og andre kjem dit for å få ny kunnskap, seier Hagtvet.

– Det er klart at det er langt lettare å formidla frå statsvitskap og historie og andre samfunnsfaglege og humanistiske fag enn frå naturvitskapen. For meg personleg er det blitt ein yrkesskade.

- Eg synest røyndomen er så interessant at eg må skriva om den. Og eg er viss på at eg er blitt sterkt påverka av at eg voks opp mellom anna med å høyra på dei beste historikarane våre, til dømes foredraga til Sverre Steen.

– Og kva skal du bruka dei 250 000 kronene i prispengar til?

– Eg skal i alle fall bruka ein del av pengane til å få utanlandske forskarar til å koma til UiO for å delta på seminar. Og eg vil også bruka dei til å setja i verk forelesingsseriar om eit aktuelt tema, lovar han.

Nøgd med dagens studentar

– Du har tidlegare klaga på at studentane ikkje er nok opptatt av å læra nye ting og tileigna seg lærdom. Har det store oppmøtet av studentar på ”Frukost med Bernt” fått deg til å endra meining?

– Dagens studentar er eg godt nøgd med. Dei er absolutt opptatt av å diskutera viktige og eksistensielle spørsmål. Det var for ti år sidan eg kritiserte studentane sterkast.

– Og det var ikkje studentane si skuld, men den regjeringa me hadde då, som brukte universiteta som ein arbeidsmarknadsregulator. Dermed kom det inn studentar som ikkje hadde noko her å gjera. Det bar prestasjonane også preg av, seier Hagtvet.

– Eg håpar at det same ikkje er i ferd med å skje ein gong til. Då må i tilfelle forholdstalet mellom forelesar og studentar bli betre, slik at det blir færre studentar for kvar forelesar.

– Universiteta må få nok pengar slik at me kan tilby studentane både seminar og andre undervisningstilbod, som ofte blir råka av sparekniven.

– Og når byrja du med formidling?

–Då eg var leiar for gymnassamfunnet Mjølner på Kongsberg, slår han fast.

Tidlegare i den akademiske karrieren sin var han professor II ved Institutt for samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen. Han var frå 1983 forskingsleiar på Menneskerettsprogrammet ved Christian Michelsens Institutt (CMI).

Forskingsinspiratoren

Og ved Yale blei han også kjent med den norske vitskapsmannen han set størst pris på.

– Stein Rokkan (1921-1979) var Noregs mest berømte statsvitar. Han var ein gåverik person, som hadde evna til å sjå kva studentane hans var gode til. Rokkan såg at nokre ville bli gode forskarar, medan andre ville passa betre som administratorar, seier Hagtvet.

– Han var ingen offentleg person, men likevel ein uredd forskar, som i Noreg er mest kjent for teorien om forholdet mellom sentrum og periferi og tilhøvet organisasjonsmangfaldet/stemmerettskanalen. Samtidig var han Noregs mest internasjonale forskar.

At Hagtvet omsette artiklane hans til norsk og gav ut ei bok om Rokkan som forskingsinspirator, ser han på som noko av det viktigaste han har gjort fagleg, ved sida av samleverket «Who Were the Fascists», om fascismens sosiale røter, frå 1981.

52 radioprogram

Som formidlar vil han ikkje kvila på laurbæra. Saman med journalist Kai Sibbern i NRK P2 er han i ferd med å laga 52 nye program for Verdibørsen.

– Det er ei personleg reise i det 20. hundreårets idehistorie frå sosialisten Eduard Bernstein i år 1900 til Nelson Mandela ved utgangen av hundreåret.

Hagtvet er glad for at enno finst etermedia som gjer rom foir slike danningstilbod. Om nokon får lyst til å bli nærare kjende med det interessante laboratoriet for menneskelege samlivsformer idehistoria er, er han nøgd.

– Gløym ikkje å få med at Instiutt for statsvitskap er ein god arbeidsplass som gir meg fridom, seier den akademiske krigaren.

Powered by Labrador CMS