- Har fått dei beste til å søke

Tre forskarar frå Universitetet i Bergen har dei siste vekene blitt tildelt store forskingsstipend frå Det europeiske forskingsrådet (ERC) på 20 millionar kroner kvar.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Christopher Henshilwood, Kenneth Hugdahl og Frede Thingstad frå Universitetet i Bergen får toppstipend frå ERC.(Foto: Kim Andreassen/Paul-Erik Rosenbaum/Guri Gunnes Oppegård/på Høyden/UiB )

Ingen andre norske forskarar har så langt i denne runden nådd opp i den beinharde konkurransen om dei prestisjetunge stipenda.

Det er første gong forskarar frå Universitetet i Bergen får det europeiske toppstipendet ERC Advanced Grant, og dei gjer det likegodt trippelt: biologiprofessor Frede Thingstad, psykologiprofessor Kenneth Hugdahl og arkeologiprofessor Christopher Henshilwood får kvar sitt stipend.

Rektor Sigmund Grønmo. Foto: Paul S. Amundsen/UiB

– Vi er veldig nøgde med stipenda, seier rektor ved Universitetet i Bergen, Sigmund Grønmo.

Han understrekar at å få desse stipenda er ei internasjonal synleggjering og markering. Universitetet vil supplere med tilleggsmidlar for å markere kor verdifulle stipenda frå ERC er.

Best sjansar og dårlegast tid

– Ein viktig grunn til at vi har lykkast er at vi har klart å få dei beste forskarane våre til å søkje, seier rådgivar ved forskingsavdelinga ved Universitetet i Bergen, Anne Marie Haga.

– Dei fremste forskarane våre er også dei travlaste, så det måtte ein del overtaling til. Det har gitt god drahjelp at dette har vore ei klar prioritering frå øvste faglege leiing. Av totalt 18 norske søknader var heile 10 av dei frå Universitetet i Bergen.

Haga understrekar at det ikkje finst nokon enkel suksessoppskrift, men at dei begynte å jobbe med søknadene i god tid, og at dei har jobba med å frigjere nok tid og kapasitet hos forskarane.

Gjennom Noregs forskingsråds rammetilskot til prosjektetablering har universitetet løyvd opptil 25 000 kroner per søknad. Universitetet i Bergen har i tillegg gått inn med ekstra støtte slik at forskarane blant anna har kunna kjøpt seg fri frå undervisning og fått meir tid til å arbeide med søknadene.

Vil forstå ERC

Jan Petter Myklebust. Foto: UiB

Forskingsavdelinga ved Universitetet i Bergen har brukt tid og krefter på å forstå kva ERC krev av kandidatane sine. Blant anna krev dei at forskarane skal komma opp med forslag til banebrytande forsking.

– Det er som å beskrive ein elefant, seier underdirektør ved forskingsavdelinga, Jan Petter Myklebust.

– Det er ikkje lett, men du forstår kva det er når du ser det. Sjølv i etterkant er det ikkje tydeleg og eintydig korleis ERC evaluerer, meiner han.

Tvilarar bør søkje

I forrige søknadsrunde frå ERC hadde norske forskarar liten suksess. Dette kan ha spreidd ei holdning om at norske forskarar ikkje er gode nok, trur tilsette ved forskingsavdelinga.

Eit viktig ledd i mobiliseringa av søkjarar var då universitetet i starten av 2009 fekk besøk av Ole Petter Ottersen (no rektor ved Universitetet i Oslo) som tidlegare har leia arbeidet med tildeling av ERC-stipend.

– Er du i tvil så søk, var den klare beskjeden frå Ottersen.

Håpar på smitte

Anne Marie Haga. Foto: UiB

Ved Universitetet i Bergen håpar og trur dei at suksessen i år vil føre til fleire ERC-søknader. Dei meiner dei har utvikla eit godt administrativt støtteapparat for søkjarane.

Etter at det blei kjent at tre seniorforskarar ved universitetet får toppstipend frå ERC, har dei merka aukande interesse frå andre forskarar.

Blant anna har dei måtta finne større lokale til ein planlagd nasjonal workshop om den neste søknadsrunden i ERC.

Uutnytta potensial

Konkurransen om stipenda frå ERC er så skarp at det er små marginar, og fleire av dei beste forskarane ved Universitetet i Bergen har søkt om stipend utan å lukkast.

Ved å få tre prestisjestipend frå ERC i 2009-runden, meiner rådgivar Anne Marie Haga at Universitetet i Bergen har avmystifisert stipenda.

Framleis har ikkje alle dei beste forskarane søkt, så Haga er sikker på at det finst uutnytta potensiale både i Bergen og ved dei andre universiteta. For å finne det ut er det berre ein ting å gjere: Få fleire til å søkje.

Lenke:

Forskningsrådets EU-forskning

Powered by Labrador CMS