Bakgrunn: Alle kan vere tikkande bomber

- Mange av drapssakene dei siste åra viser at kven som helst kan gjera seg skuldig i drap i ein gitt situasjon, også personar som har stor tillit i nærmiljøet, seier psykiater Magnus Hald.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Dei siste åra har ein stor del av det offentlege ordskiftet om det psykiske helsevernet i Noreg skjedd i etterkant av tragiske drapssaker kor psykisk sjuke har utført drapet.

I vår førte trippeldrapet i Tromsø til ein omfattande debatt om tilstanden i norsk psykiatri generelt.

Magnus Hald, som er klinikksjef for Allmennpsykiatri ved Universitetssjukehuset i Nord-Noreg, er svært kritisk til denne samankoplinga av drapssaker og tilstanden i det psykiske helsevernet.

– Det er tragisk at det er slike hendingar som må til for å setja psykisk helsevern på dagsorden, fordi desse hendingane skapar ei spesielt uheldig ramme for meiningsutveksling.

– Ein kan ikkje seie kva som helst, fordi ein som fagperson må ha respekt for alle som er personleg involvert i tragedia. Dette hindrar ikkje at enkelte brukar slike tragedier til å hevda synspunkt som er med på å stigmatisera dei psykisk sjuke som gruppe, seier Hald.

Umogleggjer konstruktiv debatt

– Ofte vedgår ikkje desse synspunkta ein gong drapssituasjonen, men det psykiske helsevernet generelt. Dette er med på å umogeleggjera ein konstruktiv debatt om det psykiske helsevernet, seier Hald.

I etterkant av drap utført av psykisk sjuke fokuserer ulike enkeltpersonar og media ofte på at det fins «tikkande bomber» i samfunnet, det vil seie psykisk sjuke personar som når som helst kan utføra grove valdshandlingar og drap.

Hald hevdar at dette gjev eit feilaktig bilete av kven som potensielt kan utføra drap.

– Ideen om at enkelte menneske er tikkande bomber er svært problematisk. Me er alle potensielt tikkande bomber i ein gitt situasjon.

– Mange av drapssakene dei siste åra viser at kven som helst kan gjera seg skuldig i drap i ein gitt situasjon, også personar som har stor tillit i nærmiljøet, seier Hald.

– Mange har trekt fram at debatten i etterkant av trippeldrapet i Tromsø førte med seg ei generell oppfatning av psykisk sjuke som ei spesielt valdeleg gruppe i samfunnet. Er dette også ditt inntrykk?

(Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no)

– Heilt klart. Spesielt erfarer me at pasientar med alvorlege og omfattande psykiske lidingar opplever debatten som vanskeleg. Dette er pasientar som er marginaliserte på mange arenaer.

– Denne debatten fører til endå større isolasjon og ei forverring av ein allereie svært vanskeleg situasjon for mange med alvorlege psykiske lidingar.

Valdsrisikovurdering

Det er Helsedirektoratet som lagar retningslinjer for det psykiske helsevernet i Noreg. Direktoratet har i ulike samanhengar etter trippeldrapet i Tromsø tatt til orde for at risikovurdering av psykiatriske pasientar skal bli ein viktig del av det psykiske helsevernet.

Dei meiner at det er eit godt eigna verkemiddel for å redusera grov vald og drap utført av psykisk sjuke.

Ifølge direktoratet bør det psykiske helsevernet ta i bruk dei metodane som er skildra i rundskrivet «Vurdering av risiko for voldelig atferd – bruk av strukturerte kliniske verktøy».

Magnus Hald har saman med kollega Siren Hoven og professor i samfunnsmedisin Georg Høyer gått sterkt til angrep på Helsedirektoratet sin strategi om å gjera risikovurdering av pasientane til ein del av det psykiske helsevernet.

– Det er eit problem at rundskrivet legg opp til at me som arbeider i det psykiske helsevernet skal føresjå risiko. Verktya som er foreslått i rundskrivet vil ikkje bidra til at me føreser risiko for grov vald og drap betre.

– Dersom me skal følgja retningslinjene i dette rundskrivet, vil me nødvendigvis feilvurdera ei rekkje pasientar som farlege, fordi det er svært vanskeleg å føresjå så sjeldne hendingar som drap, seier Hald.

– Kan svekka det psykiske helsevernet

Hald meiner det også er nærliggjande å spørja kva me eventuelt skulle gjera viss me kunne føresjå risiko for grov vald og drap.

Om ein person er alvorleg sinnslidande og representerer ein nærliggjande fare for seg sjølv eller andre, kan vedkomande haldast tvangsinnlagt i psykiatrisk institusjon.

– Om risikoen minskar, vil vedkomande ikkje lengre tilfredsstilla krava til tvungen psykisk helsevern, sjølv om vurderinga skulle gje grunnlag for å tru at vedkomande kunne utvise farleg åtferd i framtida. Me har dessutan teieplikt, og kan berre i avgrensa omfang informera andre om farevurderinga.

Hald meiner at den auka fokuset på risikovurdering kan svekka heile det psykiske helsevernet i Noreg.

– Rundskrivet er med på å svekka fokuset på det som er sentralt i psykiatrien, fordi det vrir fokuset vårt vekk frå det som er vår primære oppgåve, det er å gje eit godt behandlingstilbod.

Avviser kritikken

Ellinor Major, som er divisjonsdirektør for psykisk helse og rus i Helsedirektoratet, avviser kritikken frå Hald.

– Føremålet med rundskrivet er å auka merksemda på valdsrisiko, spesielt når det gjeld pasientar som har vald som ein del av sjukehistoria, seier Major.

Ho meiner at både psykologar og psykiatrar bør ha kjennskap til desse verktya, og dei bør også ha kunnskap om når og korleis dei skal brukast.

– Vurderingsverktya som er omtalt i rundskrivet har i kombinasjon med klinisk skjønn vist seg å betra treffsikkerheita markant, seier Major.

Powered by Labrador CMS