Fødselsangsten i møte med helsevesenet

Om lag kvar femte gravide kvinne i Noreg har fødselsangst. Redselen for å føde er så stor at mange av dei ber om keisarsnitt. Men kor redde må kvinnene vere for at ønsket skal bli høyrt?

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Mange har fødselsangst

Ifølgje tal frå Folkehelseinstituttet har opp mot kvar femte gravide kvinne i Noreg angst for å føde.

Kvinner som får fødselsangst, treng ikkje ha angst eller depresjon i utgangspunktet.

– Nokre kvinner med fødselsangst får eit nytt traume i møtet med helsevesenet, seier postdoktor Ellen Ramvi ved Universitetet i Stavanger.

– Fleire opplever at dei ikkje blir tekne på alvor med angsten sin for å føde, og det får mykje å seie for korleis dei opplever fødselen og tida etterpå, slår ho fast.

Vanskeleg prosess

I Noreg er det ingen kvinner som kan forlange keisarsnitt, men ønsket til kvinnene skal takast med i vurderinga.

Så i motsetnad til i mange andre land kan gravide her til lands ikkje sjølve velje korleis barnet skal fødast.

Gjennom historiene til fem kvinner som fødde vaginalt etter å ha bede om keisarsnitt i redsel for å føde, har Ellen Ramvi og jordmor Margrethe Tangerud ved Stavanger universitetssjukehus sett nærare på korleis desse kvinnene opplevde å bli møtte av helsepersonell då dei bad om keisarsnitt.

Forskinga viser at prosessen fram mot ei avgjerd om korleis barnet skal fødast, er vanskeleg både for kvinnene sjølve og for jordmødrer og legar.

Mangel på respekt

I studien fortel kvinnene at dei har hatt vanskar med å kjenne seg trygge på fødselen dei skal gjennom, og på relasjonane til jordmødrer og fødselslegar.

– Slik vi fortolka intervjumaterialet, var det som om nokre kvinner «fortente» å få hjelp og forståing for fødselsangsten. Det gjaldt dei kvinnene som hadde ein angst som kunne forklarast og forståast av helsepersonellet.

– I dei tilfella der helsepersonellet tvert om ikkje oppdaga noka openberr forklaring på fødselsangsten, opplevde kvinnene lita forståing for ønsket om keisarsnitt, seier Tangerud.

Kvinnene følte altså at dei måtte legitimere frykta si for å føde for i det heile teke å bli møtte med respekt av helsepersonellet.

– Alle kvinner har rett til å bli tekne alvorleg med angsten sin. Det gjeld også kvinner som ikkje kan forklare eller som sjølve ikkje vil forstå årsakene til fødselsangsten, seier Ramvi.

– Den viktigaste oppgåva til jordmødrer og legar er å forholde seg til kvinnene sin angst, ikkje å behandle angsten, konstaterer ho.

Vonde sirklar

Ei av kvinnene i studien fortel at angsten var så stor at ho følte ho ville ha ofra barnet for å sleppe å føde vaginalt. Ho seier:

«Episoden då eg blei fortalt at eg måtte føde barnet, var forferdeleg. Eg følte eg skulle døy. Legen var så streng då han sa det. Eg følte han var sint.»

Vidare seier ho: «Eg trur du kan bli så redd for å føde at barnet blir uønskt.»

Ei anna kvinne i studien fortel:

«Då eg prøvde å forklare situasjonen min, blei eg ikkje høyrd. Eg hadde rett og slett ikkje noko val. Det var ei umenneskeleg avgjerd.»

Vanskelig etter fødsel

Tre av kvinnene i studien fekk ei vanskeleg tid med barnet etter fødselen. Dei hadde store vanskar med å knytte seg til barnet.

Ramvi og Tangerud meiner at helsepersonellet må hjelpe kvinner med fødselsangst til å bryte ein slik vond sirkel, der kvinnene først kjempar med angst før fødselen, så under fødselen og til slutt når barnet er født. Ofte tek dei også med seg angsten inn i neste svangerskap.

– Jordmødrer og legar må ikkje gjere vondt verre. Dei må kome desse kvinnene i møte med ein aktiv og open dialog og med å vise respekt for dei kjenslene kvinnene strevar med, seier Tangerud.

– Helsepersonellet må vere klar over at kvinnene har rett til å ta del i avgjersla om keisarsnitt eller vaginal fødsel. Kvinnene skal oppleve at stemma deira blir høyrd på vegen fram til dette valet, seier Ramvi.

Powered by Labrador CMS