Annonse
Lakselushunn med eggstrenger. (Foto: Trygve Poppe)

Ferskvatn drep best unge lakselus

I tida rett etter at lakselusa har festa seg på ein fisk, toler ho ferskvatn svært dårleg. Det kan oppdrettarane utnytte for å halde lusenivået nede.

Publisert

Sidan lakselus berre lev i sjøvatn, har det lenge vore kjent at dei vaksne lusene ikkje klarar seg i ferskvatn i lengre tid. Dersom fisk med lus sym opp i ferskvatn, dett lusa av etter ei tid og døyr.

Det som har vore usikkert, er kor godt dei unge lusene har tolt å opphalde seg i ferskvatn og eventuelt kor lenge.

Lakselus har åtte utviklingsstadium, og det er først på det tredje at ho kan feste seg på ein fisk.

– Vi utførte fleire forsøk der vi undersøkte kor lenge lakselus overlever i ferskvatn i alle stadia etter at dei har festa seg på ein fisk. Resultatet viser tydeleg at lusa toler ferskvatn dårlegast i perioden rett etter at ho har festa seg på fisken, seier forskar Frode Oppedal ved Havforskingsinstituttet.

Brukar ferskvatn mot andre parasittar

Frå før blir ferskvatn brukt i behandling mot amøbegjellesjukdom. Då vert fisken halden i ferskvatn i 3–4 timar. Dei nye resultata tyder på at under slik behandling kan ein samstundes oppnå god effekt mot lus som nyleg har festa seg på fisk.

Dersom ein hadde hatt eit ferskvassbasseng i overflata av merdane i oppdrettsanlegga, er det mogeleg at det kan ha dødeleg effekt på lus som nyleg har festa seg til fisken. Særs effektivt vil det vere om laksen oppheld seg mykje i ferskvatnet dagane etter at han har vorte infisert.

– Vi visste frå før at vaksne lakselus kan overleve i ferskvatn i fleire veker. For å oppretthalde saltbalansen i kroppen i denne perioden grev dei seg mellom anna ned i huda på verten.

– Det vi ikkje visste noko om, var korleis yngre lus klarte seg i møtet med ferskvatn, fortel Daniel Wright. Han er stipendiat ved Universitetet i Melbourne i Australia og har utført eksperimenta ved Havforskingsinstituttet sin forskingsstasjon i Matre.

Også i naturen brukar laksefisk ferskvatn til avlusing. Til dømes er det observert at sjøaure sym opp i elvar dersom han har mange lus på seg.

Nesten all lusa vart drepen

I løpet av forsøket undersøkte forskarane overlevinga til fem ulike stadium.

Når det yngste av dei studerte stadia, kopepoditt, vart utsett for ferskvatn, tok det berre ein time før den slutta å bevege seg og var antatt død. For dei eldre stadia tok det vesentleg lenger tid. Enkelte lus klarte seg i ferskvatn i meir enn åtte dagar.

Døde kopepoditter etter fem minutter i ferskvatn. (Foto: Sussie Dalvin, SLRC/Havforskningsinstituttet)

Sidan det er vanskeleg å sjå om ei lita lus er død, vart fisken som hadde lus på, flytta tilbake til sjøvatn slik at forskarane kunne undersøke kor mange av dei som framleis var i live.

– Etter at fisken hadde vore sju dagar i sjøvatn, talde vi lus på nytt. Resultatet viste at heile 96 prosent av kopepodittane var vekk etter at fisken hadde vore behandla med ferskvatn i ein time, fortel forskar Tim Dempster.

Referanse:

Wright, Oppedal og Dempster: Early-stage sea lice recruits on Atlantic salmon are freshwater sensitive. Journal of Fish Diseases, mars 2016, doi: 10.1111/jfd.12452. Sammendrag

Powered by Labrador CMS