Annonse

Kosttilskot kan slanke laksen

Oppdrettlaksen kan bli slankare og truleg sunnare med kosttilskot.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Oppdrettslaksen slit med dårleg helse. Ein av fem laks når aldri fram til slaktebenken, ifølgje statistikk frå Fiskeridirektoratet. Endra samansetning av fôret er truleg ein av mange årsaker:

Laksen får stadig mindre marint innhald i kosten ettersom tilgangen på fiskemjøl og  marine oljar ikkje kan halde tritt med veksten i produksjonen i oppdrettsnæringa.

Ein ny studie viser at ekstra arginin i fôret, ei essensiell aminosyre, kan auke feittforbrenninga i laksen.

- Slankare oppdrettslaks trur vi betyr sunnare oppdrettslaks, noko som kan redusere slaktesvinnet, seier, seier stipendiat ved Nifes, Synne M. Andersen.

Motstand mot sjukdom

Både fiskemjøl og mange sortar planteprotein inneheld høge nivå av arginin. Det er  derfor ikkje snakk om å tilsetje arginin for sikre fiskens ernæringsbehov, men å tilsette ekstra arginin for å gjere fisken meir robust og motstandsdyktig mot smittsame sjukdommar.

Som bakgrunn for studien gjennomførte Andersen og forskarkollegaer fôringsforsøk på laks. Laksen fekk diettar etter modell av kommersielt fôr, hovudsakleg basert på planteprotein.

Diettane vart så tilsett høgre nivå av arginin enn det etablerte ernæringsbehovet for vekst i laksen.

I tillegg til å vere byggestein i proteinar, påverkar arginin ei rad metabolske prosessar, mellom anna korleis gener arbeider i cellene, utskiljing av hormonar og produksjonen av såkalla polyamin, som er avgjerande for cellevekst.

Omsetninga av polyamin i levera hos fisken auka, noko som tyder på styrka cellevekst.

Frå før har forsking på pattedyr vist at tilskot av arginin i fôret kan redusere innvolsfeittet, og auke muskelbygginga. Forskarane ønskjer no å undersøkje nærare om ekstra arginin faktisk fører til meir musklar og mindre feitt også i laks.

Auka forbrenning

- Vi såg ingen klar effekt på feittlagringsmønster og muskelvekst. Derimot auka feittforbrenninga i levra, noko som på sikt kan føre til mindre feittlagring og ein slankare fisk.

- Vi skal no forske vidare på dei molekylære mekanismane for å finne ut meir om samanhengen mellom arginin og korleis dette påverkar vekst og helse, seier Andersen.

Referanse:

Andersen m.fl: Dietary arginine affects energy metabolism through polyamine turnover in juvenile Atlantic salmon (Salmo salar), British Journal of Nutrition, Published online: 9 May 2013, doi: 10.1017/S0007114513001402.

Studien er finansiert av Ewos Innovation og Norges forskningsråd og gjennomført i samarbeid med Universitetet i Bergen og Evonik Degussa Corp.

Powered by Labrador CMS