Nokre VHS-virus kjem ikkje forbi fisken sine gjeller

Viral hemorhagisk septikemi (VHS) er ein svært smittsam sjukdom hos regnbogeaure i ferskvatn. Sjukdommen er årsak til store tap i oppdrettsnæringa i Europa.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Ein har tidlegare trudd at sjøvatnsisolat av viruset berre i liten grad har evne til å drepe regnbogeaure, men nye utbrot i Storfjorden i Noreg og kystområda i Østersjøen viser at virus også kan drepe fisk i sjøvatn.

Bjørn Erik Brudeseth har presentert nye funn og metodar som forklarer kvifor nokre sjøvatnsisolat av VHS-virus manglar evne til å infisere regnbogeaure.

Det er kjent at VHS-viruset opptrer i vill marin fisk. Østersjøen er eit område med høg førekomst av smitta fisk, i særleg grad hos sild.

Som ein del av doktorgradsstudiet gjennomførte Bjørn Brudeseth i samarbeid med Havforskningsinstituttet fleire tokt i perioden 1997-1999 for å studere førekomsten av VHS- virus i marin fisk i norske farvatn.

Det blei samla inn 4653 prøvar frå  Norskehavet, Barentshavet og dei kystnære farvatn i Lofoten, men det blei ikkje funne virus i ein einaste av desse prøvane. Ein kan likevel ikkje sjå bort frå at viruset finst her.

I Skagerrak og langs kysten av Sørlandet blei det samla inn prøvar frå totalt 3742 fisk. Av desse var to prøvar viruspositive, ein frå kolmule og ein frå augepål. Funn av VHS-virus i marin villfisk viser at dette kan representere ein risiko for utbrot i oppdrett.

Gjelle-epitelceller i kultur infisert med ferskvatnsisolat av VHS-virus (raud farge).

Marine VHS-isolat snillare mot regnbogeaure

I 2008 blei det påvist VHS hos regnbogeaure i Noreg i ein sjøvatnlokalitet (Storfjorden) der smittekjelda var av mogeleg marint opphav.

Dette funnet førte til mykje diskusjon fordi sjøvatnsisolat av VHS-virus generelt har lita evne til å drepe regnbogeaure. Ein har ikkje kjent til kvifor det er slik.

I arbeidet sitt presenterer Brudeseth ei mogeleg forklaring på dette fenomenet.

- Når marine isolat av VHS-virus ikkje drep yngel av regnbogeaure, er det fordi dei manglar evna til å infisere yngelen sitt gjelle-epitel og passere over dette, seier Brudeseth.

- I tillegg manglar dei marine isolata evne til å infisere makrofagar i fisken sine immunorgan, seier han vidare.

Makrofagar er ”eteceller” som tek opp i seg og etter kvart fjerner smittestoff. Infiserte makrofagar er ein viktig spreiingsfaktor for virus ”inne i” fisken.

Bjørn Erik Brudeseth

Dei metodane som er utvikla som ein del av doktorgradsarbeidet, skapar eit godt grunnlag for å karakterisere nye variantar av VHS-virus med omsyn på evna deira til å infisere fisk.

Bakgrunn:

Bjørn Erik Brudeseth disputerte tirsdag 5. mai for graden dr. philos. ved Noregs veterinærhøgskole med avhandlinga ”Novirhabdovirus infections of fish – with emphasis on VHS patogenesis”.

Powered by Labrador CMS