Robust torsk overlevde istida

Ei gruppe forskarar har følgt torsken meir enn 20 000 år tilbake i tid for å sjå korleis han vil takla framtidige klimaendringar.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Torsken har klart seg gjennom periodar med ekstreme klimaendringar.

Av dyr og planter som finst i vårt hjørne av verda i dag, eksisterte berre eit fåtal også før siste istid.

Berre dei mest robuste og tilpassingsdyktige overlevde då isen la under seg store delar av land- og havområda.

Kven som klarte seg av landdyra er rimeleg godt kjent. Når det kjem til dyra i havet er kunnskapen begrensa.

Tomt for fiskefossilar

– Det er svært lite fossile restar å finna etter fisk. Spesielle forhold må liggja til rette for at fossil av fisk skal bevarast i grunnen. I sær er det knapt med spor etter saltvassfisk, fortel Geir Ottersen frå Havforskingsinstituttet.

Han kan likevel slå fast at vår torsk klarte strabasane under istida godt. Torsken var å finna på begge sider av Nord-Atlanteren både før og medan istida var på sitt strengaste (som var for om lag 21 000 år sidan).

Men når forskarane knapt har eit fossilt fiskebein å trekkja DNA frå, korleis kan dei då uttala seg om overlevingsevna til minst 20 000 år gamal torsk?

Tid og stad

Svaret er genetiske undersøkingar av dagens torsk kombinert med økologisk nisjemodellering. Genetikken kan anslå kor tid ulike bestandar av same art sist utveksla gen.

Dei økologiske nisjemodellane gjer forskarane i stand til å peika ut kvar det kan ha vore gode forhold for ulike dyr langt tilbake i tid.

Nisjemodellane i dette tilfellet byggjer på det ein veit om trivselsfaktorane for torsken i nyare tid. Så legg ein inn tilsvarande parametrar ( temperatur, saltinnhald i vatnet, djupnetilhøve, isutbreiing osv) slik dei var i det aktuelle tidsrommet.

– Og ikkje minst kvar det faktisk var vatn under istida. Både Nordsjøen og Austersjøen låg på land i denne perioden, fortel Ottersen.

Nord-Atlanteren utgjorde den gongen mindre enn fjerdeparten av det noverande havområdet. Havnivået var cirka 130 meter lågare enn i vår tid, så områda oppe på kontinentalsokkelen var ikkje levelege for fisk.

Dette var spesielt merkbart i Vest-Atlanteren der sokkelen er smal.

Å vera eller ikkje vera

Det er eit viktig poeng at dei økologiske nisjemodellane ikkje seier kvar torsken levde, men kvar han ikkje kan ha levd.

– Basert på den kunnskapen laga vi eit kart som fortel kvar torsken kunne har vore, understrekar Ottersen, som er fiskerioseanolog og arbeidde med den økologiske delen av modelleringa.

Istidskartet stemte i all hovudsak med dei områda der torsken liker seg i dag. Forskarane kunne slå fast at til tross for liten tumleplass, låg forholda elles til rette for at torsken skulle kunna overleva istida både i aust og i mindre områder på vestsida av Nord-Atlanteren.

Stor genetisk variasjon

Men gjorde torsken faktisk det? Bevis for det var det opp til populasjonsgenetikarane å finna.

Populasjonsgenetikarane veit mykje om dagens torsk, og har gode data på korleis torskegenane har utvikla seg dei siste femti til hundre åra.

For eit utrent auge ser vår heimlege torsk og slektningen på hi sida av dammen like ut, men dei to stammene har utvikla genetiske særtrekk sidan dei skiltes åt. Graden av ulike genar kan seia noko om kor langt tilbake i tid splittinga ligg.

– Det viste seg å vera ganske stor genetisk forskjell mellom den vestlege og den austlege torskestammen, og det betyr at det er lenge sidan dei har utveksla gen, forklarar Geir Ottersen.

Anslag for torskesplitt

Forskarane har ikkje klart å bli samde om nøyaktig tidspunkt for splittinga, men anslår at det er mellom 50 000 og 85 000 år sidan torsk på Grønland og Canada sumde kvar sin veg.

Islandsk og canadisk torsk skilde lag mellom 75 000 og 150 000 år tilbake.

For vel 150 000 år sida var det også istid i vår del av verda. Då fanst torsken truleg berre i den austlege delen av Nord-Atlanteren.

Nyttig forskingssamarbeid

Men kva nytte har vi eigentleg av å vita at torsken overlevde istida på begge sider av Atlanterhavet?

– Det fortel oss at torsken er ein robust art som truleg vil klara seg sjølv om klimaet endrar seg. Han toler naturlige variasjonar og er tilpassingsdyktig . Torsken kan eta mykje forskjellig, litt slik som menneska.

– Han føretrekkjer riktig nok lodde i passeleg storleik, men kan overleva godt på annan mat, seier Ottersen.

Det internasjonale samarbeidet mellom populasjonsgenetikarane og forskarane som arbeider med økologisk nisjemodellering er førebels unikt i sitt slag.

Forskinga omfattar økologi, genetikk, matematikk, fysikk og geofysikk. Ottersen trur kombinasjonen har mykje for seg i klimaforskinga på dei viktigaste marine artane.

Referanse:

Bigg, Cunningham, Ottersen, Pogson, Wadley, Williamson: Ice-age survival of Atlantic cod: agreement between palaeoecology models and genetics, Proceedings Of The Royal Society B-Biological Sciences, January 2008 vol. 275: 163-172, doi: 10.1098/rspb.2007.1153.

Powered by Labrador CMS