Saken er produsert og finansiert av Havforskningsinstituttet - Les mer

På leit etter dei store skatene

På 1950-talet fanga havforskarane mange svartskater og storskater i Hardangerfjorden. Då dei gjentok forsøket 60 år seinare fekk dei ikkje eit einaste eksemplar av desse artane.
9.10 2013 05:00


Svartskate frå Vestfjorden. Dette er det nordlegaste funnet av denne arten vi kjenner til.

Ikkje berre sjeldan, men også høgst spesiell er skata, der ho glir gjennom vatnet; ført framover av grasiøse vengeslag.

Dei muskuløse vengene har eit spenn på oppimot to meter, og dei smakfulle spissane er rekna som ei delikatesse.

Lite skatekunnskap

I norske farvatn er det om lag 15 skateartar. Blant desse finn vi to store skateartar, storskata og svartskata, som kan nå lengder på over to meter. Begge blir vurderte som trua artar.

Då forskarane for første gong skulle utarbeida ei raudliste for marine fiskeartar i 2006, var det så lite informasjon om skatene at dei ikkje kunne vurderast.

For Hardangerfjorden finst det konkrete opplysingar om førekomsten frå eit stort forskingsprosjekt som Norske Havforskeres Forening gjennomførte på 1950-talet. Den gongen fekk forskarane store skater på om lag ein tredel av linene.

I 2009 vart undersøkinga gjentatt for å sjekka korleis det stod til med skatene og artsmangfaldet elles i Hardangerfjorden.

– Vi venta oss ikkje like store fangstar som sist, men då vi hadde drege den siste av 24 liner vart vi likevel overraska.

– Det var ikkje fanga ei einaste stor skate på dei om lag 14 000 krokane vi hadde hatt i fjorden, fortel forskar Otte Bjelland på Havforskingsinstituttet.

Ikkje nok rekruttar

Skatene har aldri gitt grunnlag for noko storstilt fiske i våre farvatn, så den negative utviklinga kan virka underleg. Ei nærliggjande forklaring er at skatene endar livet som bifangst: dei vert fanga i ulike garnfiskeri, hamnar i botntrålen og går lett på liner.

Det kan også vera endringar i miljøet som har påverka skatebestanden i negativ lei.

– Så er det nokre tilleggsfaktorar som gjer desse artane særleg sårbare. Skatene veks sakte og brukar lang tid på å nå kjønnsmodning. Dei går drektige lenge og har små ungekull.

– Dette gjer at relativt små bifangstar får store konsekvensar. Dei store skatene får rett og slett vanskar med å produsere nok rekruttar, seier Bjelland.

Nokre få funn

Både storskata og svartskata verkar å ha forsvunne frå Hardangerfjorden. Den litt mindre slektningen spisskate er også blitt sjeldnare.

Heilt borte frå Vestlandet er skatene likevel ikkje. Innimellom får Bjelland og kollegaene på fiskelabben på Havforskingsinstituttet meldingar om funn langs kysten.

I 2009 vart det rapportert om ei svær skate som var fanga av ein trålar sørvest for Karmøy i Rogaland. Dette viste seg å vere ei storskate på 65 kilo. Tre år seinare vart ei storskate teken i land på Sotra utanfor Bergen. Det var eit mindre eksemplar, men likevel over 25 kilo og 1,6 meter.

Genetiske prøvar blei tatt frå begge individa, og dei stadfesta at det var snakk om den sjeldne storskata. Dette er dei einaste sikre funna av storskate i nyare tid, sjølv om arten truleg vert fanga oftare enn det Havforskingsinstituttet får opplysningar om.

Svartskater på fjorddjupet?

Svartskate er den andre store skatearten vår. Bjelland fortel at det ikkje finst nyare prøvar frå svartskate-fangstar tatt på Vestlandet.

Forskarane har likevel informasjon som tyder på at det finst ein liten svartskatebestand i ein av dei djupe Vestlandsfjordane. 

– I sommar kom det også inn ei melding på telefon om ei stor, mørk skate som hadde gått i eit garn ytst i Hardangerfjorden.

– Etter forklaringane til fiskaren var dette mest sannsynleg ei svartskate, men heller ikkje denne gongen lukkast vi å få tak i bilete eller prøvar av fangsten, seier Bjelland.

forskning.no ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Du må bruke ditt fulle navn. Vis regler

Regler for leserkommentarer på forskning.no:

  1. Diskuter sak, ikke person. Det er ikke tillatt å trakassere navngitte personer eller andre debattanter.
  2. Rasistiske og andre diskriminerende innlegg vil bli fjernet.
  3. Vi anbefaler at du skriver kort.
  4. forskning.no har redaktøraransvar for alt som publiseres, men den enkelte kommentator er også personlig ansvarlig for innholdet i innlegget.
  5. Publisering av opphavsrettsbeskyttet materiale er ikke tillatt. Du kan sitere korte utdrag av andre tekster eller artikler, men husk kildehenvisning.
  6. Alle innlegg blir kontrollert etter at de er lagt inn.
  7. Du kan selv melde inn innlegg som du mener er upassende.
  8. Du må bruke fullt navn. Anonyme innlegg vil bli slettet.

Annonse

Emneord