Sild med selektiv sans for fare

Skjebnen som vilt ettertrakta byttedyr kan ha sine fordelar. Silda har lært seg å halda nervane under kontroll.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Sild i stim. (Foto: Havforskningsinstituttet)

Sonar

Moderne sonarsystem sender ut lydpulsar med høge energinivå og i eit frekvensområde som er overlappande med hørsels- og kommunikasjonsfrekvensen til ein del fisk og sjøpattedyr.

Det er blitt hevda at lyden frå sonarane på dei nye fregattane til Forsvaret skremmer silda. I verste fall kan konsekvensen bli at silda forsvinner frå overvintrings- og gyteområda langs norskekysten. Sildeforsøka er ein del av eit større forskingsprosjekt som undersøkjer kva for eventuelle effektar lågfrekvent lyd kan ha på det marine økosystemet.

Prosjektet er gjennomført i tett samarbeid med Forsvarets forskingsinstitutt (FFI), samt ei rekkje andre internasjonale partnarar. Det er finansiert av Norges forskningsråd.

I tre år har Lise Doksæter, doktorgradstudent ved Havforskingsinstituttet, jobba hardt for å skremma sild.

Etter fleire rundar med lyd frå sonar og spekkhoggar, dur frå påhengsmotor og brå, kraftige lydar, ser ho ein klar tendens til at silda klarar å skilja mellom reell fare og falsk alarm.

Sild som vart eksponert for lågfrekvent lyd frå sonar reagerte knapt. Opptak av spekkhoggarlyd, som for oss menneske til forveksling liknar lyden frå ein sonar, fekk til gjengjeld fart på sildestimen.

Kanal gjev resonans

– Silda har nok ein meir avansert hørsel enn vi har trudd. Ho er i stand til å tolka eit komplekst lydbilete, seier Doksæter.

Sild og annan sildefisk som ansjos og brisling har overlegent god hørsel samanlikna med til dømes torsk og laks. Det skuldast ein kanal som går mellom symjeblæra og det indre øyret.

Når silda oppfattar ein lyd, trekkjer symjeblæra seg saman og sender lyden gjennom kanalen som fungerer som ein resonanskasse.

Snartenkt survivorsild

Den gode hørsla gjer silda i stand til å sansa fiendane før dei kjem. Og fiendar har ho mange av: Rovfisk som torsk, sei og makrell, sjøfugl er stadig på jakt etter sild.

Store flokkar med spekkhoggarar følgjer silda sine vandringar. I overvintringsfasen, når silda er tilgjengeleg for spekkhoggarar på grunnare vatn, kan ho verta angripen opptil sju gonger på en dag.

– Silda må vera observant, men kan ikkje reagera heile tida og på alle lydar. Det vil tappa ho for all energi. Den silda som klarar å sansa reell fare blir “survivorsilda” som lukkast med å gyta og dermed føra slekta vidare, seier Doksæter.

Tek større risk på sommaren

I forsøket vart silda utsett for dei same lydkjeldene på ulike tider av året; under overvintring og under beiting på sommaren. Resultata viser at silda reagerer ulikt etter kva fase ho er i.

Sansane er merkbart meir skjerpa på vinteren. Det kan vera ein del av overlevingsstrategien til silda. Om vinteren har silda ikkje gytt enno, og har meir å tapa om ho skulle bli angripen.

– Rett etter gytinga på våren er silda ihelsvolten og sym ut i havet for å finna mat. Kjem ho seg ikkje til beiteområda døyr ho uansett. Det gjer kan henda at viljen til risiko er større, og silda er mindre på vakt, seier Doksæter.

Bevarte roen i merden

Forskarane fekk ingen respons på sonaren ute i naturen. For å vera heilt på den sikre sida ønskte dei også å gjera lydeksperimenta i kontrollerte omgjevnader. 

Sild i merd vart utsett for sonaren frå ein ekte fregatt. Også desse forsøka vart gjennomførde i alle sildas årlege syklusar og frå ulike distansar.

Framleis var det ingen reaksjon å spora; verken ved kontinuerleg eller plutseleg lyd frå sonaren.

Testa testen

– Då bestemte vi oss for å testa om det kunne vera noko feil med oppsettet vårt. Vi måtte finna ut om sild i fangenskap i det heile tatt kan reagera, fortel Doksæter.

Nærmast rett over hovuda på silda vart det køyrt ein påhengsmotor. Det likte silda dårleg. Enno mindre likte ho då forskarane slo kraftig med ein stokk i merdkanten. Stimen flykta straks nedover i merden.

I tråd med konklusjonane frå Lise Doksæter og hennar kollegaer er det lempa på restriksjonane for bruk av fregattsonarar i norske farvatn.

Resultata frå sildeforsøka vil vera retningsgjevande for kva område, på kva nivå og til kva tid på året forsvaret kan bruka sine sonarar.

Det er også gjort forsøk med fregattsonar på kval. Resultata her er klare hausten 2010.

Powered by Labrador CMS