Stort sparepotensial i norske symjehallar

Over 250 millionar kroner kan sparast kvart år på dei mange symjehallane i landet.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Det er mykje ein kan spare når det kjem til energibruk i norske symjehallar. (Foto: Photos.com)

– Det ligg eit enormt stort sparepotensial når det kjem til energiforbruk i symjeanlegg i Noreg i dag, seier doktorgradsstipendiat Wolfgang Kampel ved NTNU.

Totalt sett ligg totalforbruket på dei 850 norske symjeanlegga på rundt 883 gigawattimar (GWh) per år.

I ein fersk studie har forskarer samanlikninga norske med danske tal – som syner at det finnes eit stort potensial for å spare både energi og pengar i norske symjehallar.

Kan spare 250 millionar

– Årleg kan ein redusere forbruket på rundt 28 prosent, eller 250 GWh, seier Kampel.

Noko som vil tilsvare ein sparekostnad på om lag 250 millionar kroner kvart år om ein tek eit endeleg oppgjer med energibruken i norske symjehallar.

Forskarane oppmodar om å sjå vidare på dei mest kostbare postane og finne ny teknologi for å forbetre energieffektiviteten.

– Utviklinga innan energisparande tiltak i andre bygningar har vore stor, og i dag finst det mange løysingar til vanlige hus og leilegheiter, men det har vore gjort lite med idrettsanlegg, og spesielt symjeanlegg, seier overingeniør Bjørn Aas ved NTNU.

Gamle anlegg

Samanlikna med folketalet, har Noreg eit stort tal symjeanlegg. Desse har også stor spreiing i alder, utforming og teknisk tilstand.

Kampel fortel at sidan dei fleste norske symjeanlegga i dag er relativt gamle med ein gjennomsnittsalder på 37 år, er også bygningane prega av dette.

– Det er om lag 450 av dei som har ein konstruksjonen og teknologi som rett og slett ikkje er oppdatert, fortel Kampel.

Ut i frå tala som kom inn, vart symjeanlegga delt inn i tre grupper. Den første kategorien inneheld anlegg mindre enn 300 kvadratmeter, den andre kategorien er anlegg mellom 301og 600 kvadratmeter og den siste over 601 kvadratmeter,. Dei minste er generelt sett skulebasseng, medan dei i den største kategorien var spa og ulike badeanlegg.

I tillegg vart det sett nærare på alder til dei ulike symjeanlegga.

Resultata viste at energiforbruket var svært ulik frå ulike bygningar. Det lågaste var under 1000 kWh per kvadratmer vassflate per år, mens det høgaste låg på nesten 11 000 kWh/ per kvadratmer vassflate per år.

Minste brukte mest

Det var dei minste symjeanlegga som brukte mest energi.

Dette skuldast i all hovudsak alderen på bygningane, då bygningane bygd mellom 1950 og 1960 viste høgast verdi samanlikna med dei frå perioden mellom 1960 og 2000.

Det viste seg også at det var dei minste symjeanlegga som var eldst, med ein gjennomsnittsalder på 39 år, medan dei mellomste hadde ein gjennomsnittsalder på 34 år, og dei største bygga hadde ein gjennomsnittsalder på 22 år.

Dårleg teknologi

Det kjem også fram av forskingsresultata at årsaka til at dei bygningane som vart bygd før 1960 hadde så høge verdiar, ikkje berre er på grunn av dårlege bygningar, men mest på grunn av teknologien.

Medan hjå dei som vart bygd etter 1960, har ein nytta meir avansert teknologi, strengare bygningsreglar og ein hadde generelt meir erfaring innan bygningssektoren på denne tida.

At det kjem fram relativt høge verdiar frå dei anlegga som vart bygd etter år 2000, skuldast ifølgje Aas at dette er ein kategori med svært store symjefasilitetar og som generelt brukar mykje energi.

Tapar mykje energi

Aas og Kampel meiner det er mykje ein kan spare på energiforbruket i symjehallane, og spesielt når det kjem til dei eldste av anlegga.

– Mange av dei eldste symjeanlegga har ikkje installert varmevekslar eller varmepumpe og er installert med ventilasjonsanlegg som ikkje er gode nok. Ein taper store mengder energi på dette.

– Men det er også eit stort volum ein må ta omsyn til, og vi trur svaret ligg i eit samsvar mellom energibruk og vassbruk, seier Kampel.

– Slik tilstanden er no, kastar ein mykje pengar ut vindauget, legg Aas til.

Mykje å spare

Samanlikna med Danmark kjem Noreg svært dårleg ut i høve energibruken, og dei minste danske symjeanlegga har eit totalt energiforbruk som er mykje mindre enn dei norske.

Men også i dei største symjeanlegga viste det seg at dei danske symjeanlegga brukte 50 prosent mindre energi enn dei norske. 

– Dette viser kor stort sparingspotensiale det ligg i dei norske anlegga, seier Aas, og legg til at han trur at årsaka til at danskane er flinkare på energisparing enn oss, skuldast at danskane er gjerrigare på energibruken.

– Dei er vande med å spare på ein heilt anna måte enn oss, og er meir bevisste på energiforbruket, fortel Aas.

Referanse:

Kempel, Aas & Bruland: Energy-use in Norwegian swimming halls, Energy and Buildings, Volume 59, April 2013, Pages 181–186, doi: 10.1016/j.enbuild.2012.11.011.

Powered by Labrador CMS