Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av Vestlandsforsking - les mer.

Energiforbruket i norske heimar dei siste 50 åra kan oppsummerast slik: Frå 1970 til 1990 auka det jamt og trutt, men frå 1990 har det skjedd ei utflating.

– Vanlege folk bør få støtte til å energi­effektivisere bustaden sin

50 år med forsking på energibruken i norske heimar har svar på kva som faktisk fungerer: å gi vanlege folk støtte til energieffektivisering.

Publisert

Vi veit det no. Nordmenn må spare straum, både for klimaet og lommeboka.

Vi snakkar om den kjedelege, men nødvendige energisparinga i husa våre: Energieffektivisering kan bety alt frå å skifte til tjukkare vindauge, installere varmepumper, etterisolere og byte ut den gamle varmtvasstanken med ein ny som er meir effektiv.

– I tillegg kjem det nye og spanande: at du kan bli din eigen energiprodusent, ved å installere solcelleanlegg eller jordvarmeanlegg i tilknyting til huset ditt, seier Walnum.

– Alt som tidlegare har vist seg å få ned forbruket vårt, må vi trappe kraftig opp, både for å nå klima- og miljømåla våre og for å bøte på energikrisa i Europa, seier Hans Jakob Walnum.

Farleg vinter

Sidan hausten 2021 har tanken på straumprisane heimsøkt deg, meg og andre norske forbrukarar.

Men medan tanken på skyhøge rekningar er skremmande, kan situasjonen bli alvorleg andre stader i Europa.

– I land som Bulgaria fryktar styresmaktene at folk skal fryse i hel til vinteren. I ein situasjon med straum- og energimangel i Europa, er det vesle norske huseigarar kan bidra med å setje inn fleire tiltak for å spare energi heime – eller til og med produsere eigen energi, seier Carlo Aall ved Vestlandsforsking.

Han har saman med kollegaer studert energibruken i norske heimar dei siste 50 åra.

Forskarane har brukt energihistorikken vår til å lage scenario for korleis private hushald kan bidra når bustadsektoren i Noreg skal redusere energibruken med 10 TWh innan 2030, slik målet er.

Kuttet tilsvarar om lag tolv prosent av dagens energibruk i norske bygg.

– Alt som tidlegare har vist seg å få ned forbruket vårt, må vi trappe kraftig opp, både for å nå klima- og miljømåla våre og for å bøte på energikrisa i Europa, seier Hans Jakob Walnum, som har delteke i studien.

Hus-tetting nyttar

Energiforbruket i norske heimar dei siste 50 åra kan oppsummerast slik: Frå 1970 til 1990 auka det jamt og trutt, men frå 1990 har det skjedd ei utflating.

Kva førde til denne endringa? Tre ting, forklarer forskarane:

1. Vi greidde oss med mindre bustadareal. Prisane steig, og fleire nøydde seg med rekkehus og leiligheiter. Nye nordmenn har dessutan vist veg ved å bu fleire under same tak. Dette stod for halve utflatinga.

2. Vi har pussa opp eldre hus i fleng, samtidig som krava til oppvarming og liknande vart strengare. Ein bi-effekt av all oppussinga var høgare energieffektivitet. Dette stod for rundt 40 prosent av utflatinga.

3. Det er blitt litt varmare ute. Det gjorde at vi brukte litt mindre energi på oppvarming.

Pusse opp meir?

Kan vi ta lærdom av årsakene til utflatinga for å redusere energibruken i norske hushald det neste tiåret?

Med mindre politikarane vedtek ei maksgrense for bustadareal, er det altså forklaring nr. 2 vi bør ta tak i når vi skal gjere vårt for å få ned energibruken: oppussing og opprusting.

I 2020 brukte vi svimlande 88 milliardar kroner på å heve standarden i våre eigne heimar.

– Oppussing er blitt kalla Noregs største hobby. Viss vi greier å vri litt av denne innsatsen over på energisparing, då monnar det fort, understrekar Carlo Aall.

Vanskeleg å kome i gang

Sjølv om dei fleste er einige om at energieffektivisering er viktig, skjer det lite som kan få fart på energieffektiviseringa.

Å vere grøn og ivrig forbrukar kan opplevast frustrerande.

Aall, som bur på bygda og eig eit hus frå 1940-åra, har sjølv prøvd å få ein Enova-vurdering av kva grep han kunne setje inn. Konsulenten meinte det var for langt å reise og føreslo å sende ei generell tilråding på e-post, basert på arkitektteikningar av villaen.

– Ei avstandsvurdering held ikkje, sjølv for den ivrigaste, når det er snakk om å investere fleire hundre tusen kroner, konstaterer forskaren.

Carlo Aall ved Vestlandsforsking har studert energibruken i norske heimar dei siste 50 åra.

Manglar eit mellomledd

Aall peikar òg på eit anna ledd der vanlege folk treng draghjelp: ei kvalifisert vurdering kva dei bør satse på når dei vil gjere huset meir energieffektivt.

– Det finst etterspørsel blant folk no, men mellom forbrukaren og dei ulike handverkar-gruppene manglar det nokon som kan føreslå og prioritere mellom ulike tiltak, seier Aall.

Her meiner forskaren det ligg eit stort marknadspotensial. Då han sjølv kontakta ein lokal røyrleggjar for å få råd om energisystem til einebustaden, var svaret: «Det må de bestemme».

Varige ordningar må til

Dei to forskarane meiner det er opplagt kva styresmaktene må gjere for å få nordmenn til å prioritere energieffektivisering som ein del av oppussing: tilby meir økonomisk støtte til energisparing i bustader – uansett om teknologien blir utbreidd og marknaden for til dømes solcellepanel etter kvart blir moden.

– Vi har dokumentert at støtteordningar får folk til å energieffektivisere bustaden sin. Då er det ingen grunn til å trekke dei tilbake. Det fungerer jo og får folk til å prioritere energieffektivisering, seier Hans Jakob Walnum.

Referanse:

Morten Simonsen, Carlo Aall mfl.: Effective policies for reducing household energy use: Insights from Norway. Applied Energy, 2022. Doi.org/10.1016/j.apenergy.2022.119201

Powered by Labrador CMS