Båtar frå varmare strok har med seg framande artar som blindpassasjerar

Store arbeidsbåtar som kjem tilbake til Noreg etter fleire år i varmare strok, kan ha med seg framande artar på returen. Korall, krabbe og svamp er blant artane som forskarar fann i ein båt. Du kan bla i dei ulika artane over.

Published

På grunn av den økonomiske krisa kjem mange arbeidsfartøy no heim til Noreg frå oppdrag rundt om i verda.

Tidlegare har det vore fokus på artar som vert frakta jorda rundt i ballastvatnet til større fartøy. Risikoen for at framande artar skal bli innført via ballastvatnet minkar når nye reglar for reinsing av slikt vatn trer i kraft i 2017.

Samstundes kan det sjå ut som vi no står ovanfor nye utfordringar i form av både begroing på fartøy og artar som lever inni installasjonar på fartøy. Det skjer til dømes i ein «moon-pool», som er eit slags botnlaust basseng som enkelte av desse båtane har på arbeidsdekket.

– Når vi no ser at mange artar kan overleve ein transport over store strekningar som til dømes frå Mexicogolfen til Vestlandet, gjer det grunn til å tru at dette kan vere eit problem, seier Vivian Husa, forskar ved Havforskingsinstituttet og leiar av eit prosjekt som kartlegg framande marine artar i Noreg.

Botnlaust basseng

Bassenget er i midten av fartøyet, i botnen har det opning ut til sjøen. Dei blir brukt til å sette ut ulike reiskap eller til dykking for å unngå at utstyr og personar vert påverka av bølgjer og slag mot skutesida. Innsida av brønnen har ofte mange kanalar og hol som skal dempe bølgjeslag.

Det viser seg no at mange artar trivast inne i desse brønnane og altså blir med på reisa når fartøya flyttar seg. Sjølv om dei framande artane i utgangspunktet er inne i brønnen, er det ikkje noko fysisk barriere som hindrar dei i å komme seg ut.

– Mobile artar kan lett komme seg ut av brønnen ved å symje eller krype ut, og artar som sit fast i underlaget kan spreie seg ved å sleppe ut larvar og sporar, fortel Husa.

Fant eit heilt økosystem

– Vi har undersøkt ein slik moon-pool på eit fartøy som kom til norskekysten i september 2016. Fartøyet hadde lagt i ro i seks år som dykkarskip på eit oljefelt i Mexicogolfen. Bassenget var åtte gonger åtte meter i areal, sju meter djupt og opent i botnen. Her fann vi eit levande økosystem med mange artar som hadde slått seg ned medan båten var i framande farvatn, fortel Husa.

Forskarane observerte ei mengde små kvabbefisk som sømde rundt og spratt inn og ut av kanalar og hol og tre ulike artar av reker levde inni kanalane. Dei klarte også å fange ein krabbe som gøymde seg i eit hol.

På veggane var det eit etablert samfunn av kalkalgar, svampar, hydroider og mosdyr. Her vaks også kjempestore rosa rur og andre mindre rurartar. Store perlemuslingar og ei mengd mindre muslingartar vaks også på veggane saman med mange solgule korallar.

– Vi har store utfordringar med å få artsbestemt dei framande artane som vi fann, men sannsynlegvis er det minst 30 artar av dyr som alle var i live, seier Husa.

Drep vinteren dei framande artane?

Sannsynlegvis gjer temperaturskilnaden mellom Mexicogolfen og norskekysten at artane som vart funne i den undersøkte båten ikkje klarar seg gjennom den kalde, norske vinteren.

– Ein del av artane vi fann er introduserte til mange område i verden og ein veit aldri kva art som plutseleg klarer å etablera seg her, seier Husa.

Dersom fartøya har med seg artar frå for eksempel nordlege delar av Amerika eller Kina, er sjansen større for at dei kan overleva her i Noreg.

Det er ikkje berre at artane kan etablere seg i norske område som gjer at forskarane er bekymra. Sjølv om artane ikkje klarar seg her, kan dei ha med seg virus og bakteriar som kan smitte dyra som lev naturleg langs kysten og i hava våre.