Herpes påvist hos reinsdyr
Det er ikkje berre rovdyr som truer norske reinsdyr. Herpesvirus kan føre til både augesjukdom og potensielle abortar, viser ny studie.
Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Det er store dødstal i nokre reinflokkar i Noreg, særlig blant reinkalvar.
Rovdyr har skulda for størstedelen av desse tapa, men for ein del er ikkje årsaka klarlagt, og det kan tenkast at ein del av tapa skuldast sjukdom.
Resultat frå serologiske studiar som er utført tidlegare, kan tyde på at reinsdyr i Noreg er smitta av eit herpesvirus.
Abort og augeinfeksjon

Med dette som bakgrunn har Carlos G. das Neves dei fire siste åra arbeidd med å kartleggje førekomsten av alfaherpesvirus (cervid herpesvirus 2 – CvHV2) i nordnorske reinflokkar.
I tillegg har han sett på kva nærværet av dette viruset har å seie for reinhelsa og reindriftsnæringa i Noreg.
I doktorgradsarbeidet sitt har das Neves for fyrste gong isolert CvHV2-virus i Noreg. Han har også vist at viruset er involvert i både abort og smittsam augeinfeksjon (keratokonjuktivitt) hos reinsdyr.
- Denne augesjukdommen har vært kjent i reindriftsnæringa på Nordkalotten i lange tider utan at nokon har visst kva årsaka var, seier das Neves.
Herpesvirus og reinhelse

Ein har kjent til at herpesvirus infiserer fleire ulike drøvtyggarar og er årsak til sjukdom hos desse, men har så langt ikkje hatt nokon kunnskap om kva innverknad herpesvirus hos rein (CvHV2) har på reinhelsa.
Ved å undersøkje serumprøvar frå reinsdyr, fann Carlos das Neves at 49 prosent av dei undersøkte dyra hadde antikroppar mot CvHV2.
Vidare viste han gjennom eksperimentelle studiar korleis CvHV2-viruset er i stand til å utvikle sjukdom.
Frå mor til foster

Han påviste viremi (virus i blodet), latensperiode (kor viruset ”kviler” i nerveceller) og vertikal overføring av virus mellom mor og foster.
- Vertikal overføring kan innebere eit potensiale for abort, seier das Neves.
CvHV2 blei for fyrste gong isolert i samband med eit utbrot av smittsam keratokonjunktivitt i ein reinflokk. Dette tyder på at CvHV2 er den primære årsaka til denne sjukdomen.
- I ein større samanheng vil dette studiet føre til ei betre forståing av kva CvHV2-infeksjonar har å seie for reinhelsa, seier das Neves.
Bakgrunn
Carlos G. das Neves disputerte for doktorgraden ved Noregs veterinærhøgskole 24. september 2009 med avhandlinga ”Cervid herpesvirus 2 infection in reindeer in Norway”.