Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Eit enzym auka forbrenninga av feittsyrer i både feittceller og muskelceller.

Enzym påverkar forbrenninga i cellene: – Mindre feitt vert lagra i kroppen

For fyrste gong har forskarar undersøkt effekten av enzymet SENP2 i menneskeceller. Kunnskapen kan få betydning i kampen mot fedme og diabetes.

Forbrenning av energi i cellene i kroppen har mykje å seia for helsa vår, men framleis er det ein god del forskarane ikkje veit om regulering av desse prosessane.

Forsker Solveig Krapf ved Universitetet i Oslo har sett nærare på energiomsetjinga som skjer i cellene.

– Vi har undersøkt effekten av eit enzym som tidlegare forsøk har vist aukar forbrenninga av feittsyrer i muskelceller hjå mus, seier ho.

Enzymet heiter sentrin-spesifikk protease 2, eller SENP2.

– Vi har kome eit skritt lenger ved å studera effekten i muskel- og feittceller hos menneske.

Mindre feitt vert lagra i kroppen

Feitt og glukose er brennstoffa som cellene brukar. Energi som ikkje vert brukt med ein gong, vert omdanna til feitt og lagra i cellene til ein annan gong.

Dersom vi lagrar meir feitt enn vi klarar på bruka, vert vi overvektige. Det fører med seg auka risiko for ei rekkje sjukdommar.

– Vi fann at enzymet SENP2 auka forbrenninga av feittsyrer i både feittcellene og muskelcellene i kroppen. Dermed vert mindre feitt lagra i kroppen, seier Krapf.

Ho forklarar at SENP2 verkar på ein kjernereseptor som er viktig for forbrenninga. Denne reseptoren heiter PPAR og finst i ulike variantar i feitt- og muskelvev.

PPAR vert blant anna regulert av enzym frå ei gruppe ved namn SUMO. Denne gruppa igjen vert regulert av SENP2 .

– Det SENP2 gjer, er å frigjera PPAR frå SUMO sitt brytegrep, for å seia det slik. Då kan PPAR jobba meir, og energiomsetjinga aukar.

Langt fram til legemiddel mot overvekt

SENP2 ser altså ut til å kunna ha ein gunstig effekt på overvekt. Men Krapf understrekar at eit legemiddel mot overvekt ikkje er rett rundt hjørna.

– Det er veldig langt fram dit. Vi kan ikkje trekkja konklusjonar ut frå dette arbeidet, men ein gong i framtida kan det tenkjast at SENP2 bli eit såkalla legemiddeltarget, kanskje spesifikt i muskel- eller feittceller.

Referanse:

Solveig Krapf: Regulation of energy metabolism in human skeletal muscle cells and adipocytes: Effects of SENP2 knockdown and conditioned medium from human pancreatic carcinoma cells. Doktoravhandling ved Universitetet i Oslo, 2022.

Powered by Labrador CMS