Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Design i endring: Resultatet av eit ti veker langt byggeprosjekt av Susanne Ussing og Karsten, i Det nye Samfund/The Thy Camp, 1970.

– Design skulle ikke berre handle om å lage vakre ting

I 1960- og 1970-åra gjorde designarane opprør mot forbruk og materialisme. Dei ville heller vere til nytte for samfunnet.

– Ideologi som abstrakt omgrep er jo vanskeleg å samle på, seier professor i designhistorie Kjetil Fallan.

Men så er det nettopp det han har gjort i arbeidet med den nye boka «Nordic Design Cultures in Transformation, 1960–1980» redigert saman med Christina Zetterlund og Anders V. Munch.

For nordisk design i 1960- og 1970-åra lar seg ikkje lett leite opp som samlarobjekt i systematiserte arkiv eller på museum.

Samtidig er det nettopp i desse tiåra at vi finn røtene til det nordisk design i dag blir internasjonalt anerkjent for. Som brukarmedverking, miljøperspektiv og universell utforming.

– Fordi designideologien frå denne epoken ikkje er knytt til gourmet-objekta, altså desse klassiske samlarobjekta, så er det visuelle i liten grad samla og arkivert. I arbeidet med boka var vi derfor avhengige av tinga dei historiske aktørane tok vare på sjølve, i heilt usystematiserte private arkiv, seier Fallan.

Professor i designhistorie Kjetil Fallan.

Design til nytte for samfunnet

Når ein høyrer orda «nordisk design», går gjerne tankane i retning vakre møbler med reine linjer, lyse rom og danske lampar.

Men omgrepet famnar mykje breiare enn som så, fortel Fallan. For designideologien spelte i takt med samfunnet elles. Og 1960- og 1970-åra var ei ideologisk brytningstid.

«Vi har tekopper nok!» stod det på eit banner som hang over tavla i eit klasserom på Statens håndverks- og kunstindustriskole i 1968. Studentane gjorde opprør og krevja å bli gjort til nytte for samfunnet.

– Dei ville bort frå ideen om at design berre handlar om å lage vakre ting. Og då måtte utdanninga også reformerast.

Eksperiment på utstilling

Omkring denne tida snudde etterkrigstidas teknologioptimisme i ein meir pessimistisk retning. Fenomen som økologi og miljø blei viktige. Det blei reist spørsmål om urfolks rettigheitar.

– Museumsgalleria blei fylte med noko heilt anna enn før. Design var ikkje lenger kunstverk eller permanente gjenstandar. Det var eksperiment. I museumsgalleria stilte dei ut komposttoalett og forsøkte å vise korleis ein kan dyrke grønsaker organisk, utan bruk av jord. Sånne type ting, seier Fallan.

Dermed blei det også vanskelegare for musea å gjere innkjøp som kunne lagrast i samlinga, som dei tidlegare hadde gjort med samlarobjekt som stolar eller glas.

– Det materielle er der, men det får ein heilt annan status. Og det handlar igjen om desse tiåras motkultur og kritikk av materialisme, eigedom og status.

Mens ideologi er abstrakt, er praksis handterbart. Og til sjuande og sist er design eit jordnært og praksisbasert fag, fortel Fallan.

I boka kjem forfattarane med konkrete eksemplar for korleis ideologien tok form, frå klesindustri til forlagsbransje. Mellom anna fortel dei om korleis klesdesignarar i København laga sin eigen butikk der dei forsøkte å ta over heile prosessen, frå produksjon til sal.

Eller i forlagsbransjen, som på dette tidspunktet var i rivande utvikling.

– På den eine sida kjem pocket-bøkene, på den andre sida kjem lærebøkene. Ein eksplosiv auke i masseutdanning skapar ein ny marknad i forlagsbransjen. Dette viser korleis strukturane påverkar designen si rolle.

Kollektivbutikken Elverhøj i København var i drift frå 1971 til 1992. Dette var den første av mange kollektivt drivne kunsthandverkbutikkar i Danmark, som ble starta i løpet av 1970-åra.

Tidsbobla som brast

Gjenstandar frå ein designideologi, forma av ei ideologisk tidsboble. Og bobler, som kjent – dei brest.

Rundt 1980 skjer det på nytt eit skifte i designmiljøa. Materialismen gjer sin tilbakekomst, med nyliberalisme og jappetid.

– Gjenstanden blir viktigare igjen og design blir på nytt meir handterbart for samlarane. Så det er noko eige med denne perioden som vi har jobba med i boka, seier Fallan.

Han held fram:

– Dette betyr ikkje at det er eit fråvær av ideologiske aspekt ved andre tider i designhistoria, men i denne perioden blir nordisk design påfallande dematerialisert. Designen får heilt andre funksjonar enn han har både før og etter. Det er i seg sjølv fascinerande.

Sjå fleire foto frå denne perioden:

Kvinnene bak butikken Elverhøj i København. Her saman med barna sine, utkledd i karnevalskostyme. (Foto: Ukjent / Nordic Design Cultures in Transformation, 1960–1980)
Veggteppe av Mette Hedegaard Lund. Motivet karikerar dei sentrale medlemmane av Elverhøj-kollektivet samla rundt eit bord, medan kundar stel kler i bakgrunnen. Veggteppet hang på utstilling i butikken fram til den stengde i 1992. (Foto: Mette Hedegaard Lund / Nordic Design Cultures in Transformation, 1960–1980)
Frå utstillinga Samí people på Lunds Konsthall i 1979. (Foto: Lars Pirak / Nordic Design Cultures in Transformation, 1960–1980)

Referanse:

Kjetil Fallan, Christina Zetterlund og Anders V. Munch (red.): Nordic Design Cultures in Transformation, 1960–1980. Taylor & Francis eBooks, 2022. (Åpen tilgang) Doi.org/10.4324/9781003309321

Powered by Labrador CMS