Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Samfunnsfag skil seg frå andre fag ved at det er eit mål er at elevane skal ta del i samfunnet dei lever i.

Slik kan elevane bli engasjert i samfunnsfag

Elevar som opplever at samfunnsfag gjer at dei deltar meir i samfunnet, legg mest innsats i faget, syner ein ny studie. Korleis kan læraren stimulere elevane sitt engasjement?

Publisert

Samfunnsfag skal bidra til elevane får kunnskap og samtidig inspirere dei til å engasjere seg i samfunnet.

For at elevane skal jobbe med faget, må læraren støtte opp under den faglege sjølvtilliten til elevane og deira tru på eiga meistring , framhevar forskarane bak ein ny studie.

Engasjementet og innsatsen til elevane spelar ofte inn på deira faglege prestasjonar.

Fordi fagleg sjølvtillit er viktig for innsats i faget, kan elevar og lærarar samarbeide om å jobbe for konkrete faglege mål, til dømes å utvikle skriftleg argumentasjon.

– Her kan læraren bidra med mykje, seier Nora Elise Hesby Mathé, førsteamanuensis ved Institutt for lærarutdanning og skuleforsking (ILS) på Universitetet i Oslo.

Saman med professor Eyvind Elstad, som også er tilsett ved ILS, har ho undersøkt elevane sine eigne oppfatningar av det obligatoriske vidaregåande-faget samfunnsfag.

Elevane svarte på spørsmål om korleis dei oppfatta faget og undervisninga, og deira eige forhold til og arbeid med faget.

Nora E. H. Mathé er førsteamanuensis ved Institutt for lærarutdanning og skuleforsking på Universitetet i Oslo.

Fagleg sjølvtillit heng saman med innsats

Eit fleirtal av elevane var samde i at dei gjer sitt beste i arbeidet med samfunnsfag. Om dei opplevde meistring i faget hang sterkast saman med innsatsen deira.

– Det handlar mellom anna om deira eiga oppfatning av kor godt dei forstår samfunnsfaglege omgrep og fagstoff og kor flinke dei er til å skrive samfunnsfaglege tekstar, fortel Elstad.

Meistring kan gjere at elevane bruker meir tid på faget. Dermed opplever dei at dei meistrar faget enno betre. Det er difor ei utfordring for lærarar korleis dei skal motivera elevar som til å byrje med ikkje opplever ei slik meistring.

Ein annan faktor som hang saman med innsatsen, er om dei ser på faget som viktig for å forstå, bli nysgjerrig på og engasjere seg i verda rundt seg.

Det kallar forskarane for faget sitt samfunnsførebuande bidrag.

Kva kan læraren gjere?

Mathé og Elstad påpeiker at elevane si oppfatning av bidraget til faget og den faglege sjølvtilliten er noko læraren kan påverke i undervisinga.

Det at elevane opplever at faget er relevant for livet deira kan auke innsatsen.

Læraren kan inkludere elevane i det å utforske samanhengar mellom livet deira og sosiale og politiske forhold. Dette seier jo mykje om rolla til samfunnsfaglæraren når det gjeld møte mellom elevane og fagstoffet – og dei mange moglegheitene som ligg i desse møta, ifylgje forskarane.

Læraren kan synleggjere og byggje på erfaringane til elevane og deira interesser og spørsmål.

Viktig for rettleiing

Kva slags haldning elevane har til faget og korleis dei arbeider med det er difor relevant. Det er av den grunn viktig å vite kva som skal til for å støtte innsatsen til elevane.

Jo meir vi veit kva det er som motiverer, inspirerer og utfordrar elevane til å engasjera seg i faget, jo meir kan vi byggje på denne kunnskapen for å bidra til å rettleie elevane, meiner forskarane.

– Vi har ikkje mykje forsking om innsatsen elevane legg ned i samfunnsfag. Denne kunnskapen er verdfull både for forskarar, praktiserande samfunnsfaglærarar og for dei som utdannar lærarar, seier Mathé .

Tre tips til samfunnsfaglæraren

  • Knytt erfaringane, interessene og spørsmåla til elevane saman med samfunnsfaglege tema.
  • Legg til rette for at eleven skal oppnå fagleg sjøltvillit i arbeidet med fagstoffet i samfunnsfag.
  • Set faglege mål saman med elevane.

Referanse:

Nora E. Hesby Mathé og Eyvind Elstad: Exploring students’ effort in social studies. Nordidactica, Journal of Humanities and Social Science Education, 2020.

Powered by Labrador CMS