Denne artikkelen er produsert og finansiert av De regionale forskningsfondene - les mer.

Den norske pæra Celina er søt, raudleg og tidleg mogen.

Ny pæreforsking: Celina + Fritjof = sant

For å auke sjansane for god avling av den populære norske pæra Celina, bør dyrkarane også ha pæretre av typen Fritjof i frukthagane. Bikubar i nærleiken er heller ikkje dumt.

Dette er funn frå forsking gjort i frukthagar i Sogn dei siste åra. Forskinga er støtta økonomisk av Regionalt forskingsfond (RFF) Vestland.

Pæretre set ikkje frukt av seg sjølve. Det ville ha vore ein slags jomfrufødsel. Det trengst pollen frå ein annan pæresort for at trea skal bere frukt. No viser det seg altså at pæresorten Fritjof er ein fruktbar flørt for den norskutvikla pæresorten Celina.

Mannen bak Celina-pæra

– Det er rett og slett fordi Celina og Fritjof blomstrar samtidig. Då har Celina pollen frå ein annan pæresort tilgjengeleg når ho treng det for å setje frukt. Om ein plantar ein Fritjof for kvar tolvte Celina, så ligg forholda godt til rette for effektiv pollinering. 

Det seier Stein Harald Hjeltnes, dagleg leiar for Njøs frukt- og bærsenter og prosjektleiar for forskinga i Sogn.

Faktisk er Hjeltnes – ein av få i Noreg med doktorgrad i pære – også mannen bak Celina.

Celina-tre på rekke og rad i frukthage i Sogn.

Han starta utviklinga av pæresorten midt på 1980-talet. 40 år seinare kan ein trygt seie at arbeidet har bore frukt.

I dag vert Celina dyrka frå Sør-Afrika i sør til Frosta i nord. Du finn Celina-tre i både Afrika, Nord-Amerika, Sør-Amerika, Australia og Europa. Hjeltnes anslår at det er planta rundt 1,7 millionar tre verda rundt, og berre i år vert det dyrka om lag 13.000 tonn Celina i Europa.

Stein Harald Hjeltnes er ein av få i Noreg med doktorgrad i foredling av pære. Han starta arbeidet med å utvikle Celina på 1980-talet.

– Pæra er søt og god, fin og raudleg på farge og lite plaga med sjukdom. At frukta vert tidleg mogen, er også ei viktig forklaring på populariteten. Ho kan haustast i slutten av juli i Spania og dei første vekene av august i Belgia. Då er det få andre nyhausta pærer å få i marknaden, seier Hjeltnes.

Kva kan gi jamn og god avling? 

Medan fruktdyrkarar lenger sør gjerne får avlingar på opp mot seks tonn Celina per dekar, har avlingane i Noreg variert meir: frå 500 kilo til fire tonn.

– Vi ville finne ut meir om kva som kan bidra til jamnare avling av høg kvalitet også her nord. Ellers er det jo ein del naturlege forklaringar på at avlingane vert større på lågare breiddegrader, seier Hjeltnes.

Forskingsinstituttet NIBIO har sett nærare på kva roller ulike insekt speler i pollineringa – altså befruktinga eller bestøvinga – av blomstrane på Celina-trea.

– Vi har både fanga og telt insekt og studert i nokså stor detalj kva bier og humler faktisk driv med i frukthagane, seier forskar Bjørn Arild Hatteland.

Honningbiene mest pålitelege 

Mykje av det praktiske arbeidet i insektstudiane er gjort av studentar ved Høgskulen på Vestlandet og Universitetet i Bergen.

Ein masterstudent fotfølgde faktisk eit utal enkeltinsekt for å sjå kva blomstrar dei besøkte og kva ruter dei tok gjennom hagane.

– Heldigvis var dette ein aktiv og godt trena kar, for dette arbeidet kravde kondisjon, seier Hatteland.

Undersøkingane viste at honningbiene var dei mest pålitelege bestøvarane av Celina-pærer.

Honningbier er viktige for pollinering av Celina. Har dei først begynt å arbeide med pæreblomstrar, heldt dei fram med det.

– Hadde dei starta å arbeide med pære, heldt dei seg til pære. Humler hadde litt større tendens til å svinse innom eple og løvetann. Då er dei ikkje like effektive som pærepollinatorar. Denne tendensen var særleg tydeleg viss eple og pære blomstra samtidig. Då gjekk humla helst på epleblomstrane, seier Hatteland.

Ifølgje forskaren heng dette truleg saman med at humlene på denne tida var meir interesserte i nektar. Det er det meir av i epleblomstrar.

Solitære bier, altså einstøingar som i motsetnad til honningbier ikkje formar samfunn, såg ikkje ut til å spele noka rolle i pollineringa av Celina.

Åkerhumla stikk også gjerne innom Celina-blomstrane – i alle fall om det ikkje er blomstrande epletre i nærleiken.

– Vi må likevel ta høgd for at det kan vere stadavhengig. Vi gjorde undersøkingane i frukthagar i Sogn. Frå Hardanger er det kjent at solitærbier både er vanlegare og kan spele ei rolle i pollinering av pære, forklarar Hatteland.

Studerte vatning, gjødsling og vekstsystem 

Å fordele fruktveksten på tre–fire greiner som fekk vekse seg lange, auka ikkje avlinga. Det tradisjonelle systemet med berre ein topp gav best avling.

– Vi prøvde oss også med ulike nivå på gjødslinga, utan at det gav utslag. Det kan ha samanheng med at trea stod i gamal, moldrik jord. Då har dei truleg ikkje behov for meir næring. Vi testa tre ulike nivå, og bladanalysane gav ingen utslag for endra næringsopptak, fortel Hjeltnes.

Tørkestress – å kutte vassforsyninga i nokre veker – reduserte heller ikkje avlinga.

NIBIO-forskar Bjørn Arild Hatteland har studert kva som kan bidra til god pollinering av Celina.

– Det kan tyde på at Celina er ein nøysam og robust art, men det skal også seiast at vi berre fekk testa framprovosert tørke ein sesong, i 2021. I 2022 regna det uavbrote. Då spelte det inga rolle kor knipne vi var med vatnet, seier Hjeltnes.

Refleksjonsduk – ein kvit duk som vert lagt mellom trerekkene for å reflektere sollys – hadde derimot effekt. 

Han gav fleire blomsterklasar, høgare avling, høgare sukkerinnhald og betre raudfarge.

Kan dyrke meir om marknaden vil 

Hjeltnes trur dei som tar i bruk funna frå forskingsprosjektet, lettare kan få gode og stabile avlingar av høg kvalitet. 

I dag er det rundt 50–60 norske produsentar av Celina, og det er forventa ei avling på rundt 400 tonn i Noreg i år.

– Produsentane er klare til å dyrke meir, så no er det litt opp til marknaden. I utlandet har dei laga merkevare av Celina. Sidan pæra har same smak og kvalitet uansett kor ho vert dyrka, vert ho seld over heile verda under merkenamnet QTee. Eg vonar vi kan få til noko liknande i Noreg, slik at ho ikkje berre vert seld som «norsk pære», seier Hjeltnes.

Om prosjektet

I tillegg til Njøs frukt- og bærsenter, NIBIO, Høgskulen på Vestladet og Universitetet i Bergen, har også Graminor vore med på forskingsprosjektet Visjon Celina. Graminor har eit nasjonalt ansvar for utvikling av plantesortar til jord- og hagebruk i Noreg.

Referanse:

Jørund Johansen mfl.: Hva skjer med pollineringen i ‘Celina’? Norsk frukt og bær 3, 2022. 

Powered by Labrador CMS