Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Torstein Kige Rye førebur ein prøve i laboratoriet.

Sjukdomsteikn kan avdekkjast raskare

Forskarane arbeider med å utvikla raskare analysemetodar.

Ein del sjukdommar kan påvisast frå auka nivå av ulike peptid i blodet.

Peptid er småsyskena til protein. Både peptid og protein er bygd opp av aminosyrer, men det er talet på aminosyrer som avgjer om eit stoff vert rekna som eit peptid eller eit protein.

– Men det er litt ulike syn på kvar grensa går. Nokre kjelder oppgjer at stoff med inntil 20–30 aminosyrer skal reknast som peptid, men det er vanlegare å operere med en grense på rundt 50, forklarar stipendiat Torstein Kige Rye ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo.

Peptid er ei relevant og interessant stoffgruppe å forska på. Det vert stadig utvikla nye legemiddel med peptid som det verksame stoffet.

Kroppen vår dannar òg mange peptid sjølv, som ulike hormon og nevrotransmitterar, som overførar impulsar mellom nerveceller.

Lågare enn smeltepunktet

Peptid kan brukast til å fastslå ein del sjukdommar når nivået av bestemte peptid i blodet aukar.

Rye arbeider med å finna raskare og meir effektive måtar for å analysera nivå av ulike peptid i blodet.

Teknikken han tek i bruk heiter elektromembranekstraksjon (EME). Ved hjelp av elektrisitet vert stoffet som skal analyserast ut av prøven trekt gjennom ein membran, slik at det kan analyserast vidare.

– Frå før har vi funne at det som heiter djupeutektiske stoff eignar seg bra i membranar. Djupeutektiske stoff er blandingar av to faste stoff som vert flytande når dei vert blanda, sjølv ved temperaturar mykje lågare enn smeltepunktet for det enkelte stoffet, forklarar Rye.

Farbar veg

– Vi har òg vore klar over at det har vore utfordringar knytt til å bruka EME på peptid. Peptid er ei litt komplisert stoffgruppe som kan ha fleire positive og negative ladningar om kvarandre. Sidan EME-teknikken baserer seg på å utnytta desse ladningane til å trekke ut stoffet, kan dette gje oss utfordringar.

Målet var å trekkja ut peptid gjennom ein membran av djupeutektiske stoff. Og det har Rye og kollegane no lukkast med.

– Det er viktig å understreka at det enno er eit godt stykke fram til metoden kan takast i bruk i praksis. Det vi har gjort, er å visa at dette er ein farbar veg, seier Rye.

Må tilsetja hjelpestoff

Han fortel at dei har undersøkt 16 ulike peptid med ulike eigenskapar. Dei varierte blant anna i talet på aminosyrer, kor godt dei løyser seg i vatn, og syre-base-eigenskapar.

– Vi avdekka at det er lettare å få det til dersom peptidet har ei positiv nettoladning, altså at talet på positive ladningar er større enn talet på negative ladningar. Vi sleit med å trekkja eit par av peptida med nøytral og negativ ladning over membranen. Negativ ladning er negativt, kan du seia.

Han legg til at det ikkje er tilstrekkeleg med djupeutektiske stoff åleine. Dei må tilsetja membranen eit hjelpestoff, ein såkalla ionisk berar, for at prosessen skal fungera.

Resultat etter 15 minutt

– Til no har vi gjort forsøka med vanlige løysingar, altså der stoffa er løyste i vatn. Det står att å undersøkja korleis dette fungerer med biologiske prøver, som for eksempel plasma og urin, seier han, og legg til:

– I dette arbeidet med EME av peptid viste vi at vi kan få brukbare resultat etter berre 15 minutt ekstraksjon, sjølv om vi fekk litt betre resultat etter 45 minutt.

Elektromembranekstraksjon vart fyrst utvikla ved Farmasøytisk institutt ved UiO på 2000-talet. Det kan du om lese i denne artikkelen: Eit forskingsfelt blir til: Forskarane må laga utstyret sjølve

Referanse:

Torstein Kige Rye mfl.: Electromembrane extraction of peptides using deep eutectic solvents as liquid membrane. Analytica Chimica Acta, 2021. Doi.org/10.1016/j.aca.2021.338717

Powered by Labrador CMS