Millionkamp mot mordarsnigel

Seks millionar kroner skal no brukast til å kartlegge utbreiinga av hageeigarens mareritt, brunsnigelen.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Forskarar skal studere brunsnigelens biologi og prøve ut metodar for å bli kvitt det plagsame blautdyret, også kjent som iberiaskogsnigelen, mordarsnigelen, eller på latin Arion lusitanicus.

Norges forskingsråd har nyleg løyvd seks millionar kroner til prosjektet, som er eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen (UiB) og Planteforsk ved Universitetet for miljø- og biovitenskap (UMB).

John Skartveit og Christian Mong ved UiB er i gang med prosjektet.

Tek jordbær og kål

Før vart brunsniglar sett på som eit hageproblem, men no byrjar det å bli eit alvorleg problem også for kommersiell hagedyrking, som jordbær og kål.

Grelle døme er hageeigarar i Hordaland som har hatt opp til hundre tusen sniglar i hagen, medan mykje av jordbær- og kålavlingar har gått tapt ulike stader langs vestlandskysten.

Forskarane vil derfor ha mest å gjere i velstelte villahagar, og innan bær- og grønsaksdyrking. I skumring og mørke vil dei krype rundt med hovudlykt og vege, telje og registrere både brunsniglar og andre snigleartar.

Monotont

- Av og til kan det bli litt monotont når du er kome til snigle nummer 595 og regnet høljar ned i mørkret.

- Då gjeld det å hugse på kva som eigentleg er målet med forskinga, nemleg at det skal bli færre brunsniglar og å lære mykje nytt og spennande om biologien til snigelen, smiler John Skartveit.

Han skal gjere feltarbeid i hagar og landbruksområde på Finnøy i Rogaland, på Stord og i Åsane i Hordaland og på Bogtvedtøy i Møre og Romsdal.

Manglar fundamental kunnskap

Forskarane ved UiB skal bygge vidare på tre hovudoppgåver og ei semesteroppgåve som er skrivne om brunsnigelen, mellom anna frå studie gjort i Åsane og på Stord.

I dag veit forskarane ikkje nok om biologi og levevis hjå brunsnigelen i Noreg, og sjølv fundamentale ting som livssyklus, overvintring og spreiing må det forskast mykje meir på.

- Vi skal i dei første åra av prosjektet mest drive grunnforsking, dette kan gje oss ei mykje betre forståing for korleis arten lever i forhold til faktorar i omverda, og dermed korleis vi kan kjempe mot den.

Det fortel leiar for snigleprosjektet ved UiB, førsteamanuensis i økologi ved Institutt for biologi, Torstein Solhøy.

Genetisk studie

Kjemiprofessor Otto Grahl Nielsen skal bestemme fettsyrer hjå sniglane for å sjå på spreiinga av dei ulike sniglestammane. I tillegg skal professor i marin systematikk, Christoffer Schander, gjere genetiske studie av sniglane for også å kartlegge variasjonar i lokale stammer, fargevariantar og mulige krysningar med svart skogsnigle.

Solhøy peikar på at det også er viktig å auke kjennskapen til kva planteartar snigelen føretrekker og kva den lar vere i fred. Planteforsk har i sin del av prosjektet hovudfokus på anvendte og praktiske problemstillingar knytt til brunsniglar.

Dei skal i år mellom anna teste ut nematoder (rundorm) som middel mot brunsnigel. Dei skal også teste ut andre førebyggande tiltak, som også skal prøvast ut på Vestlandet

Har kryssa seg

Det hastar å komme med tiltak som verkar. I Åsane utanfor Bergen er det til dømes allereie funne klare indikasjonar på krysning mellom brunsnigel og svartsnigel, noko som også er funne i Sverige.

Nokon har frykta at ei slik krysning kan utvikle seg til ein slags supersnigel, men Solhøy har ikkje noko tru på dette, i alle fall ikkje på kort sikt.

- Vi må gjere nærare genetiske undersøkingar for å finne ut kva dette er. Frå før kjenner vi til populasjonsøkologien nokså inngåande frå et felt i Åsane, men sjølv om ingenting tyder på at det har utvikla seg ein meir aggressiv snigletype, kan det på lengre sikt bli eit problem fordi dei får større høve til å spreie seg til naturlege vegetasjonstypar.

- Der kan dei påverke skog- og blomstersamfunnet ved å ete selektivt, seier Solhøy.

Problem i mange land

Han fortel at det er indikasjonar på at brunsnigelen gjer dette i utlandet, men førebels ikkje her. At dette vil skje lenger fram i tid også i Noreg, er det likevel liten tvil om.

Han har i periodar studert utbreiing og biologi hjå norske og færøyske sniglar heilt sidan slutten av 1960-talet.

Den såkalla brunsnigelen vart først observert i Noreg i 1988. Den fins naturleg i mange land, men er først og fremst eit problem i Sveits, Austerrike, Tyskland, deler av Polen, delvis i Nederland og Belgia, i Skandinavia minus Island og Færøyene.

Er komen for å bli

- No må vi berre godta at den er blitt ein del av den norske faunaen, seier Torstein Solhøy.

Han meiner det er mogleg å få kontroll over brunsnigelen, men at det kjem an på innsatsen. Vi kan altså ikkje få den bort frå eit område der den er etablert, men vi kan lage barrierar og kjempe mot den lokalt.

Forskarane skal prøve ut ei rekke tiltak, og dei trur at det som mest sannsynlig kan få bukt med problemet i hagar og landbruk vil vere ei kombinasjon av ulike metodar.

- Er vi heldige finn vi ei nematode som verkar. Den arten som skal utprøvast ved Planteforsk er rapportert å ha god verknad på åkersnigel i utlandet, men høgst variable resultat er rapportert for brunsnigel. Kanskje verkar dei best mot nyklekt snigel og egg, og då må det "timing" til ved bruken. Midlet er også ganske dyrt.

Få metoder er testa

Brunsnigelens naturlege fiendar er undersøkt i mange land. Få metodar er observert og testa ut på ein vitskapeleg måte, dette gjeld både insekt, dyr og ulike sniglemiddel.

Det norske brunsnigelprosjektet har samarbeidspartnarar i fleire europeiske regionar, mellom anna i Sverige, Skottland og England.

Brun skogsnigel fins så langt i Noreg langs kysten og litt inn i landet frå Østfold til Nord-Trøndelag, og er eit særskilt stort problem i kystområda. Den er utvilsamt i spreiing nordover og innover i landet.

Brunsnigleparadokset

- Paradokset er at ofte er det dei som er mest glad i hagen sin som vert mest plaga. Dei gjødslar mest, er flinkast til å vatne, og har oftare planter som snigelen likar.

- I ein hage med mindre smakelege planter blir det også mindre brunsnigel, men det vel grenser for kor mykje det er å hente her. Gleda ved et aktivt hagebruk er jo variasjon og fornying, seier Solhøy.

Råd mot brunsneglar kan du mellom anna finne på sidene til Planteforsk, Naturhistoriska Museet i Göteborg og BBC.

Powered by Labrador CMS