- Ein har satsa storstilt på barnehageutbygging dei siste åra, men samtidig er det eit generelt lågt kunnskapsnivå i sektoren, seier førsteamanuensis Elin Eriksen Ødegaard ved Høgskolen i Bergen. Ho meiner det er på høg tid at ein satsar på forsking i barnehagane.
Høgskolen i Bergen
Publisert
Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
Høgskolen i Bergen er nyleg tildelt 4, 5 millionar kroner frå Forskingsrådet for å forske nærare på temaet ’Barnehagen som danningsarena’.
Førsteamanuensis Elin Eriksen Ødegaard ved Senter for utdanningsforsking ved Høgskolen i Bergen skal leie forskingsprosjektet.
- Barnehageforskinga har lenge vorte stemoderleg behandla, men no ser det ut som om trenden er i ferd med å snu, seier Ødegaard.
Ho viser både til siste stortingsmelding om kvalitet i barnehagane og andre rapportar som peikar på eit stort behov for forsking i barnehagane.
Oppdraging – eit gammalt uttrykk
I stortingsmelding 41 som nyleg vart lagt fram brukar ein no ordet ‘danning’ som den faglege tilnærminga til det som skjer i barnehagane.
- Dette er nytt, seier Elin Eriksen Ødegaard, som legg til at ein tidlegare gjerne har nytta omgrepet ‘oppdraging’.
Ho meiner det nye danningsomgrepet kan vere med på å opne opp for nye perspektiv på barnehagen samanlikna med kva ein har oppnådd tidlegare i forskinga ved å bruke omgrep som ’oppdraging’, ’sosialisering’ og ’læring’.
- Det me legg i ordet danning er ’formande prosessar’. På engelsk blir det uttrykt som ”cultural formation”. Omgrepet rommar også ordet ’arena’, som på engelsk blir definert som ”place of combat”, altså ein stad der motsetnader og kamp fins.
- Me ser at barna skapar seg sjølve gjennom innhaldet i barnehagen i dei ulike situasjonane som oppstår, og difor vil me forske på kva som ligg til grunn for val av innhald i barnehagane, seier Ødegaard.
Eventyr fortald i generasjonar – kvifor?
- Barnehagen er strukturert etter kunnskap som ligg i måten ting blir gjort på og tenkemåtar som skapar vilkår for kva som er mogleg for barn å gjere, seier Ødegaard.
Ho forklarer dette med at ein fortel eventyr som er fortalde i generasjonar og syng songar som er sunge gjennom mange år. Også leiketøy og læretøy som er tilgjengeleg i barnehagen er med på å forme innhaldet i barnehagen.
Når ein no skal forske på korleis innhaldet i barnehagen blir konstruert og tilskriven kulturell verdi skal følgjande perspektiv undersøkjast:
Barna sine ’formative erfaringar’
Undervisningspraksisen i barnehagane
Vilkår for undervisningspraksis
Feltarbeid i fleire barnehagar
Forskingsprosjektet er allereie i gong, og det er utført fleire empiriske studiar om danningsprosessar i barnehagar i Bergen.
Ein er også i gong med feltarbeid i ni barnehagar i Bergen kommune der forskingsmetoden er deltakande observasjonsstudiar.
Annonse
I tillegg er det allereie utført ei kartleggingsundersøking blant øvingslærarar i barnehagar i Bergen og på Vestlandet. Her var målet å observere barnehagedagen i ei veke for å få innblikk i kva som skjer i barnehagen gjennom ei veke. Målet var å få svar på følgjande spørsmål:
Kva læremidlar blir brukt?
Korleis nyttar ein læremidla?
Kva variasjonar i aktivitetsmønster ser me?
Kva former for aktivitet er tilstades?
Kva praksis er det som styrer barnehagane?
Forskingsprosjektet har også ein forskingsmetodolgisk ambisjon der ein ønsker å gjere forskningsteoretiske studiar på korleis ein studerer danningsprosesser i barnehagen.
Målet med denne delen av prosjektet er å utvikle ny kunnskap om forskings- og danningsproblematikk.
Ny kunnskap til sektoren
- Vår ambisjon med dette forskingsprosjektet er å tilbakeføre kunnskap til heile sektoren, seier Eriksen Ødegaard.
Ho ønskjer både å publisere vitskaplege artiklar og fagbøker for førskulelærarstudentar. I tillegg er det viktig at dei tilsette i barnehagane får del i den nye kunnskapen som prosjektet vil føre med seg.
- Me ønskjer å få til populærvitskaplege publikasjonar til barnehagane, og gjerne i samarbeid med barnehagane me samarbeider med, seier Ødegaard.
Forskingsprosjektet har også ein internasjonal dimensjon i seg.
Til hausten kjem nemleg ein kinesisk forskar frå East China University til Bergen for å utføre ei komparativ studie på korleis ein underviser i naturfag i barnehagar i Noreg samanlikna med i Kina.
Saken er produsert og finansiert av Høgskolen i Bergen - Les mer