Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.

– Ungdom må lære seg teknikkar for å takle destruktive samanlikningar med andre, hevdar forskar. Dei må heller finne nokon det er realistisk å sjå til.

Slik kan ungdom takle kroppspresset

For tung, for tynn, for tjukk, for låg, for brei. Ungdommar blir utsett for kroppspress, men enkle grep i skolen kan lette kvardagen.

Korleis skal ungdom få eit betre forhold til eigen kropp? Vil helsa og livskvaliteten deira bli betre da? Og om vi klarer å hjelpe dei som slit, vil verknaden vare?

Omtrent slik var spørsmåla Christine Sundgot-Borgen ved Norges idrettshøgskole stilte seg før ho saman med kollega Kethe Engen gjekk laus på 4000 16-åringar på 30 ulike skuler rundt om i Oslo og Akershus.

Med eit ikkje så lite følsamt tema skulle det ta borti eit år før ho hadde svar.

– Korleis ein ungdom opplever og kva verdi dei gjev seg sjølv, er avgjerande for livskvaliteten. Det kan avgjere korleis dei behandlar seg sjølv og andre, kva aktivitetar dei tek del i og korleis dei tek vare på eigen helse.

– Eit godt sjølvbilde, sjølvkjensle og kroppsbilde er viktig for mental, sosial og fysisk utvikling inn i vaksenlivet, seier Sundgot-Borgen.

Ein rektor på ein Akershus-skole karakteriserte skolen slik: «Her er ungdommenes catwalk. Vi har elever som skulker om de ikke har hatt tid til å vaske håret.»

Bombardert med idealkropp

Både gutar og jenter ser det same heile tida: Særleg sosiale medium er fulle av idealkroppar og modellfigurar, faste og riktig store puppar, hofter, midjer, tydelege six-packar og breie brystkasser, sterke armar og bein – for all del utan overflødig feitt!

Og i tillegg til å sjå flott og sunn ut skal ein vere skuleflink, vere gode vener og kjærastar – det er vanskeleg å seie at ein er nøgd med seg sjølv og eigen kropp.

– Mange av gutane fortalte om deffa kropp. Dette står for definert kropp, ein kropp med tydeleg muskulatur og lite underhudsfeitt, forklarar Christine Sundgot-Borgen.

– Ungdomane sa det var fullt mogleg å trene og ete seg til draumekroppen – men det kom gradvis fram kor mykje slike kroppsprosjekt påverka kvardagen.

Klassemiljøet er viktig for korleis kvar einskilt oppfattar seg sjølv og sin kropp. Frå ein av dei mange skolane Christine Sundgot-Borgen og Kethe Engen besøkte.

Normaliserte problema

I skolane møtte dei to forskarane ungdomar i tre omgangar. Gjennom to skoletimar kvar gong tok dei opp tema rundt kroppsbilete og kva som påverkar det og ikkje minst kva dei sjølv hadde opplevd.

– Sjølvkjensle er ikkje alltid så lett å snakke om, så dei fekk først snakke saman i små grupper før vi tok opp nokre av spørsmåla i plenum, fortel Sundgot-Borgen.

Kor godt dette fungerte, kom likevel heilt an på miljøet i kvar klasse og kor godt det var.

– Det viktige var at flest mogleg fekk høyre om problem og løysingar frå andre, så dette blei normalisert og noko alle fekk eit eigarskap til.

Måtte ofre pizzakveldar for idealkroppen

Svært mange, både gutar og jenter, meinte det var godt mogleg å kome seg nærare idealkroppen, sjølv om det kunne krevje stor innsats - og offer.

– Ungdomane fortalte til dømes om det å byggje musklar opp og feittprosenten ned. Med mindre underhudsfeitt blei musklane meir synleg. Men, i timane diskuterte dei så kva som faktisk måtte til av hyppig trening, finjustering av kosthald og kosttilskot, bruk av hormon og at dei måtte droppe pizzakveldar og andre sosiale samkomer med venar og så vidare. Om dei skulle nå desse kroppsmåla.

– Dei konkluderte med at det ville koste mykje og at dei ville bli dårlegare både venar og kjærastar, og det ville dei jo ikkje. Tilsvarande gjaldt for jentene.

Christine Sundgot-Borgen er stipendiat ved Institutt for idrettsmedisinske fag på Noregs idrettshøgskole. Hun disputerer for sin doktorgrad 18. mars.

Skadeleg ideal

– Dei fann ut at dette er vanskeleg. Ein kan korkje byggje musklar eller følgje godt med på skulen med energiunderskot. Og med nok næring til å byggje musklar kan ein ikkje samtidig bli kvitt kroppsfeittet.

Ho seier unge kroppar i vekst og utvikling skal bruke energi på alt anna enn å utvikle ein «deffa» kropp. Dei har ikkje den mengda veksthormon som skal til, og feittprosenten på «idealkroppen» er helseskadeleg.

– Men for få ungdom forstår dette fordi industrien og media fortel ein heilt anna historie, seier Sundgot-Borgen. Ungdommane fann òg ut at det blir lite pengar att til eit sosialt liv eller klede når alt går til trening, kosttilskot og hormon.

– Idealkroppen er ikkje realistisk; det skjøner dei òg etter kvart. Men før dei faktisk veit dette, er det vanskeleg å kome vidare, seier Sundgot-Borgen.

Kethe Engen og Christine Sundgot-Borgen besøkte saman og snakka med ungdom på 30 ulike videregåande skolar i Oslo og Akershus.

Kropsspress er uunngåeleg

Christine Sundgot-Borgen og prosjektgruppa hennar sette i gang prosjektet i denne aldersgruppa fordi ho veit at nettopp dei er så utsette. Eller: Eigentleg er 12-14-åringar enda meir utsette, men forskarane trong deltakarar som var godt nok utvikla til å reflektere, diskutere og svare godt på spørsmåla. Ungdom over 16 kunne dessutan gje samtykke sjølv.

– Men kroppspress er vel eigentleg uunngåeleg? Ein klarer ikkje kople ut til dømes sosiale medium?

– Nei, det er riktig, men vi fann ut at vi kunne lære dei betre bruk av sosiale medium og teknikkar for å handtere presset.

Lærer å hjelpe seg sjølv

– Det er vanskeleg å svare på kva som utløyser eit dårleg kroppsbilete. Ein har biologiske føresetnader, og ein blir påverka av ulike ideal anten i eldre sysken, vener, kjendisar i TV eller sosiale medium, seier Sundgot-Borgen og ramsar like godt opp foreldre, trenarar, helsesøstrer, rektorar, jamvel industrien og reklame som påverkarar – og legg til:

– Vi har forsøkt å lære ungdomane som samanliknar seg sjølv mykje med andre følgjande: Dei må spørje seg sjølv kva dei får ut av denne samanlikninga. Er det eigentleg mogleg for meg å bli som han eller ho? Kva må til og kva må eg gje slipp på? Kor mykje tid vil det ta og er det verdt det? Og: Kva med genetikken, kan eg faktisk bli så høg/ brei/ smal/ muskuløs?

Ho seier ein ikkje kan unngå å samanlikne seg med andre, men at ein må lære seg teknikkar for å takle destruktive samanlikningar, og ein må heller finne nokon det er realistisk å sjå til.

– Da kjem det også opp spørsmål som korleis ein bruker sosiale medium, tv, bloggar, venar. Kanskje skal ein heller følgje dei som er positive og droppe dei som likevel får ein i dårleg humør?

Dårleg kroppsbilete og kroppsmisnøye

Kroppsbilete

Handlar om å ha eit dårleg forhold til kroppen sin.

Det påverkar korleis han opplevast i ulike sosiale samanhengar, korleis du ser på andre, korleis du gjer det på arenaar der det er viktig å prestere, som på idrettsbanen. Eit negativt kroppsfokus vil ta bort merksemda frå eigentlege arbeidsoppgåver og prestasjon.

«Kroppsmisnøye»

Kroppsmisnøye er ein del av dette: Da er man misnøgd med einskilde eller fleire delar av kroppen, som størrelse, fasong, høgd, vekt, kroppssamansetning og likande.

Varig verknad – hos jentene

Tiltaka verka. I alle fall hos jentene. Hos gutane forsvann verknaden etter kvart.

– Vi klarte best å hjelpe jentene. Dei sleit meir i utgangspunktet og dei låg dårlegare an på alle psykologiske variablar, så dei hadde større rom for betring enn gutane. I tillegg klarte jentene betre å halde fram med det dei lærte, fortel Sundgot-Borgen.

Spørjeskjemaa frå den siste runden, eit år etter start, synte tydeleg at gutane hadde mista mykje.

– Det aller viktigaste var at det var mogleg å hjelpe så mange på ein såpass enkel måte, meiner forskaren og fortel om fleire jenter som kom og fortalte om avgjerande aha-opplevingar.

Ei jente på 16 år sa til dømes: «Eg trudde alt feitt på kroppen var feil, at eg måtte ned i vekt, men likevel gjekk eg litt opp. Det var godt å få vite at det er normalt, at det faktisk er sunt. Vi burde jo lært om dette på skulen, for lengst.»

Ei anna jente på 16 år sa: «Eg hadde alltid samanlikna meg med storesyster, men nå skjønte eg at vi er to ulike personar. Å samanlikne meg med ho endra ikkje på kven eg var eller gav meg noko anna positivt. Eg har skjønt at det er greitt å ikkje trene kvar dag og også å ta ein sjokolade av og til sjølv om søstera mi tar andre val.»

At dei ikkje lukkast like godt hos gutane, meiner ho kan vere fordi dei to som underviste var to kvinner, som kanskje ikkje nådde heilt fram til gutane.

– Eller kanskje gutane ikkje var kognitivt modne nok eller at ein må bruke litt andre teknikkar hos dei? Vi veit ikkje.

Uansett, meiner Sundgot-Borgen, er resultata så gode at skulene absolutt bør ta dette inn i undervisinga.

Skolen må ta jobben

Heile prosjektet starta med eitt spørjeskjema for å finne ut korleis det stod til med ungdommen, før tiltak blei sett i gang. Omtrent halvparten av dei 4000 spurte svara i første omgang. Etterpå besøkte forskarane dei to skolane som vart trekt tilfeldig ut som forsøksskolar.

Til saman heldt dei 113 workshopar. Både forsøksskolane og eit tilsvarande tal kontrollskolar fekk dei same spørsmåla fire gonger, i forkant og så tre gongar etter bolkane med skolebesøk.

Undersøkinga synte om lag det same problemet overalt, uavhengig av område og karakternivå på skolane.

– Å byggje opp ei god og realistisk kroppskjensle er svært viktig for livet vidare. Folk i mange aldrar kjenner på dette, men det er spesielt tøft for dei unge. Om vi har klart å hjelpe i alle fall nokre av dei til å akseptere både seg sjølv og andre betre, ta betre vare på seg sjølv og få ei sunnare oppfatning av kva trening og kosthald handlar om, har vi lukkast.

– Dei bør ikkje trene for idealkroppen, men fordi det er moro og fordi ein får møtest, skravle og gjere noko fint saman. Å lære dei dette er noko skolen må ta på mykje større alvor, seier Sundgot-Borgen.

Christine Sundgot-Borgen disputerer på Norges idrettshøgskole 18. mars 2020 med avhandlinga Sunn kroppsopplevelse 1: et intervensjonsprosjekt.

Om studien

Studien måler eit breitt omfang av endringar i kroppsbilete hos ungdomar, mynta på å betre helsa, styrke kroppsbiletet og få dei til å akseptere sin eigen kropp. Dei skulle betre handtere dårlege kroppsopplevingar, også til dømes på stranda. Tilsvarande: Lære å ete og trene utan stress og press. Det handlar om å akseptere seg sjølv i eit samfunn som støtt fortel deg at du alltid kan bli ein enda betre versjon av deg sjølv.

Powered by Labrador CMS