Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges musikkhøgskole - les mer.

Elevane speler dei same låtane gong på gong, men aldri på same måte.

Slik lærer barn jazzimprovisasjon

Elevane startar så tidleg med jazz at dei ikkje utviklar sperrene vaksne eller ungdommar kan få når dei skal improvisere.

Publisert

Førsteamanuensis og jazzsongar Guro Gravem Johansen har dirigert barnekor sidan ho var 17 år, og underviser jazzstudentar på Norges musikkhøgskole.

Ho meiner det er viktig å studere aktivitetar og tilbod for barn og unge – ikkje minst har barndommen ein eigenverdi. Kva er mogleg for barn å få til? Kva finn dei meining i?

Instrumentalopplæring for barn er ein vesentleg del av det biletet og eit heitt tema blant musikkpedagogar over heile verda. Kva undervisninga skal innehalde, korleis ho skjer, kven ho inkluderer og ekskluderer.

– Når vi studerer konkrete døme og praksisar, gir det forståing og innsikt som kan bidra til å belyse slike diskusjonar, seier Johansen.

Førsteamanuensis og jazzsongar Guro Gravem Johansen har dirigert barnekor sidan ho var 17 år, og underviser jazzstudentar på Norges musikkhøgskole.

Einaste i sitt slag?

Improbasen er ein privat jazzskole for barn, med senter i Oslo. Elevane får instrumentalopplæring frå nybegynnarnivå, og jazzimprovisasjon over standardlåtar er hovudaktiviteten.

Leiar og fagleg ansvarleg heiter Odd André Elveland – sjølv ein etablert jazzmusikar som har drive med samspel og opplæring i jazz for barn i ei årrekke.

Elevane får ikkje berre opplæring i utøving, men også i teori, gehør og akkordar. På heimesida si skriv Improbasen at det dei lærer i ein-til-ein-undervisning, raskt blir sett ut i praksis via samspel.

Johansen følgde elevane på Improbasen i to år, gjennom samtalar og ved å observere dei både i undervisningssituasjonen og sosialt mellom prøvane – med etnografi som forskingsmetode.

Etnografi er ifølgje Store norske leksikon studiet av levesettet til folk, blant anna kultur- og samfunnsformer, religion og økonomi. Nemninga blir delvis brukt overlappande med sosialantropologi.

Ho påpeikar at forskinga begynte i 2015. Derfor er nokre av observasjonane frå da og ikkje lenger gjeldande for Improbasen i dag.

Startar tidleg

Elevane på Improbasen startar så tidleg at dei ikkje utviklar sperrene vaksne eller ungdommar kan få når dei skal improvisere.

Dei speler dei same låtane gong på gong, men aldri på same måte. Slik får dei erfaring, lærer å variere og ta sjansar utan å vere redde for å gjere feil.

– Sjølv om ein høyrer at det er barn og unge som speler, så kling det som jazz, seier Johansen engasjert. Og legg til at det ikkje berre er improvisasjonsferdigheitene som blir utvikla, men også det ho kallar felles kodar for samspel. Å vite når ein solo er over og når neste musikar tar over. Berre på feelingen.

Kjønnsperspektiv i val av instrument

Ei velkjend, men litt anna problemstilling dukka også opp i løpet av forskingsprosessen – nemleg den ujamne kjønnsfordelinga på jazzfeltet og ulike instrument.

Johansen fortel at dei elevane som kjem til Improbasen utan å spele noko frå før, får tildelt eit instrument av leiar Elveland.

Han plasserer bevisst gjerne jenter på trommesett og gutar på piano. Og han ønsker at det aldri er fleire enn 50 prosent gutar i elevmassen.

– Forskinga viser at jenter i 7-årsalderen allereie da er medvitne om at til dømes trommer blir oppfatta eit «maskulint instrument». Derfor vil dei kanskje velje noko anna dersom dei ikkje blir plassert der av nokon andre, meiner Johansen.

Men når dei kjem i gong, gløymer elevane kva for instrument som blir oppfatta som passande for høvesvis jenter og gutar.

Kvifor har Improbasen valt å gjere det slik?

Johansen peiker på eit typisk fenomen når samtalen om kjønnsfordeling kjem opp i utdanningssamanheng. Alle vil ta opp studentar eller elevar med meir mangfaldig fordeling, men alle har same problem – dei har ikkje god nok balanse i søkarmassen på jazz og rytmisk, vere seg høgskolar, vidaregåande eller kulturskolar.

Ein kan seie at Improbasen har tatt sin del av det ansvaret. Kanskje ser vi resultatet i søkartal om nokre år.

– Sjølv om ein høyrer at det er barn og unge som speler, så kling det som jazz, fortel Guro Gravem Johansen.

Nye pedagogiske perspektiv

Mange av jazzstudentane ho underviser på Musikkhøgskolen har starta med formell undervisning i klassisk musikk og kanskje funne ut av jazzen åleine. Mange har starta seint.

Derfor har dei som sjølve skal undervise seinare kanskje ikkje så mange modellar for systematisk jazzopplæring for nybegynnarar.

Når Johansen bruker denne studien som eit konkret døme i didaktikkundervisninga si, får studentane eit utgangspunkt for å diskutere korleis slik opplæring kan gå føre seg.

Didaktikk er læra om undervisning.

– Det er av interesse både for musikkpedagogikk og jazzforsking å finne ut meir om korleis systematisk opplæring i jazzimprovisasjon kan gå føre seg for nybegynnarar – spesielt når dei også er barn, med sine spesifikke føresetnadar for å lære og ta imot undervisning, fortel Johansen.

Boka er støtta av Norges musikkhøgskole og CERM (Senter for utdanningsforsking i musikk).

Referanse:

Guro Gravem Johansen: Children’s Guided Participation in Jazz Improvisation: A Case Study of the «Improbasen» Learning Centre. Routledge, 2020. Samandrag.

Videoen er fra Improbasen sin turné til Færøyene. (Video: Allan Dalsgard)

Powered by Labrador CMS