Norske barnehageborn leikar meir ute i naturen enn kinesiske born, meiner kinesisk forskar. Forsking på norske barnehagar kan påverke korleis dei gjer det i Kina.
Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
– I dei norske barnehagane får ungane springe ute i bakkar, leike ute i regn og klatre i trær. I Kina vernar foreldra veldig om ungane, og barnehagane hadde fått kritikk dersom dei hadde hatt desse aktivitetane.
– Men eg trur at slik fri leik kan ha positiv effekt på borna si helse og gjere dei meir uavhengige, seier den kinesiske forskaren He Min.
He Min frå East China Normal University (ECNU) forskar på pedagogikk i dei norske barnehagane, med fokus på naturfag, drama og førskulelærarane sine danningsideal. Ho trur at eittbarnspolitikken kan vere årsaka til at dei kinesiske foreldra uroar seg.
– Dei kinesiske barnehagane blir rangert etter kor gode og sikre dei er for borna. Berre ei helling i bakken kan gjere utslag på rangeringa, fortel ho.
Ser til Norden
I Kina er interessa stor for barnehagane i Norden, på grunn av den høge kvaliteten. He Min har vore gjesteforskar på Høgskolen i Bergen i 10 månadar, og reiser no heim til Kina med mange inntrykk.
Ho ynskjer mellom anna å prøve ut dei norske friluftsaktivitetane i kinesiske barnehagar som ligg i landlege områder.
– Dersom vi får midlar til det, ynskjer vi å lage videoar, som kan vise korleis de gjer det i norske barnehagar. Desse videoane kunne vi tenke oss å publisere både i kinesiske media og bruke dei som ein del av førskulelærarutdanninga i Shanghai, seier He Min.
Kongler og plast
Det er og planlagt ei studie der ein samanliknar dei naturlege ressursane og objekta barnehagane brukar i pedagogikk.
Leik med naturmateriale som furukongler finn ein ikkje i Kina.
– Det virkar som de brukar mykje massivt tre i leikeapparata i dei norske barnehagane, som furu. Kinesiske foreldre er redde for at borna skal skade seg på treet, så der brukar vi berre plast av moderne design, seier He Min.
Meir drama
Medan ein i norske barnehagar brukar drama med skodespelarar som eit pedagogisk middel, er det gjerne borna sjølv som opptrer i Kina.
He Min håpar at forskingsprosjektet skal få meir drama inn i pensumet på førskulelærarutdanninga på ECNU, med norske bøker som blir oversatt til kinesisk.
– I Kina har vi foreløpig ikkje kjent til korleis en kan bruke drama som pedagogikk i barnehagen, medan de i Noreg har mykje erfaring med det. ECNU samarbeidar med 15 barnehagar i Shanghai, der vi kan tenke oss å prøve det ut, fortel ho.
Konkurransedyktige born
I dei kinesiske barnehagane er det ofte meir fokus på læring og mindre på leik, fortel He Min.
Annonse
– I Noreg virkar det som barnehagane har eit større fokus på omsorg og borna sine basisbehov. Dei kinesiske barnehagane ser ikkje sin rolle på same måte, og har meir fokus på til dømes aktivitetar.
Forskaren tykkjer at dei kinesiske barna kunne hatt godt av å leike litt meir i barnehagen, for i Shanghai går dei på skulen frå dei er seks år gamle frå klokka åtte til klokka fire, i tillegg til heimelekser.
– Barnehagetida før skulen byrjar er ein kort periode av livet, og eg tykkjer at borna skal ha moglegheit til å nyte den. På same tid kan ein godt ha meir struktur på læringa i dei norske barnehagane, for barn ynskjar å lære. Kanskje førskulelærarane kunne vore litt meir aktive, seier He Min.
Bakgrunn:
Den pågåande forskinga er ein del av prosjektet ”Barnehagen som danningsarena”, og er eit samarbeid mellom forskarar på Avdeling for lærarutdanning på Høgskolen i Bergen og College of Preschool and Special Education på East China Normal University.
Saken er produsert og finansiert av Høgskolen i Bergen - Les mer