Denne artikkelen er produsert og finansiert av Vestlandsforsking - les mer.
I sentrum av speleproblema i dei familiane Seddighi har forska på, står det ofte to personar: ein son som spelar og ei fortvila mor.(Illustrasjonsbilde: Monkey Business Images / Shutterstock / NTB scanpix)
Foreldre fortvilar når dataspeling blir problematisk
Når dataspel blir det viktigaste i ungdommar sitt liv, er mange foreldre usikre på kva dei skal gjere. Problema er særleg store i innvandrarfamiliar. – Foreldra treng meir råd, og helst tidlegare, meiner forskar.
«Den einaste makta eg har, er at internettmodemet er i stova og eg kan dra ut leidninga. Så kjem han ut – sint – og set ho på plass. Så dreg eg ho ut, så set han ho inn. Av og på. Av og på».
Slik ordlegg ei rådvill mor seg om situasjonen rundt dataspeling heime. I familiar over heile verda utspelar variantar av den same kampen seg: ungar og ungdommar vil spele og foreldre bekymrar seg for tidsbruk og innhald.
– Slutt å kritisere
Forskar i temaet «teknologi og samfunn», Gilda Seddighi ved Vestlandsforsking, som har forska på problemspeling i norske innvandrarfamiliar, ønskjer òg at samfunnet i større grad skal vise veg.
Ein av toppforskarane på mediefeltet, Sonia Livingstone ved London School of Economics i London, tek i ei ny bok til orde for å slutte å kritisere foreldra.
Livingstone skriv også i eit blogginnlegg på nettsidene til universitet at den digitale foreldrerolla er såpass krevjande at samfunnet bør anerkjenne foreldra sin innsats og heller tilby meir hjelp og rettleiing.
Det gjeld òg her i Norge, meiner Seddighi.
– Både Medietilsynet og andre organisasjonar har informasjon om tiltak og råd. Likevel er informasjonsbehovet stort, spesielt i innvandrarfamiliar med begrensa norskkunnskapar, seier Seddighi.
Saman med andre forskarar har ho utvikla ein kunnskapspakke med ressursar for foreldre og hjelpeapparatet på fem språk. Materiellet er mynta på innvandrarforeldre, men forskaren ser gjerne at alle foreldre får meir informasjon av denne typen – helst tidleg, i det ungane startar med dataspel.
Mor mot son
I sentrum av speleproblema i dei familiane Seddighi har forska på, står det ofte to personar: ein son som spelar og ei fortvila mor. Kanskje er ho eineforsørgjar, og kanskje har ho lenge sett det som ein fordel at ungdommen hennar sat heime i staden for å vere ute og rote seg borti problem.
Men ein dag innser ho at problema finst der heime, bak ei lukka dør.
Prøver ho å ta opp problemet, får ho sinte rop til svar.
Held det hemmeleg
Dataspeling blir til først til problemspeling når spelevanane går ut over søvn, skulearbeid og familien sitt sosiale liv. Ei mor fortalde forskarane at tenåringen hennar ikkje var ute av huset på 10-15 dagar.
– Mange mødrer ønskjer å gripe inn, men veit ikkje korleis dei skal gå fram. Dei kjenner seg åleine i å handtere spelinga. Problem knytt til speling er ofte eit tabu – noko skamfullt som ikkje kan delast med andre, seier Seddighi.
At nokon skal finne ut at dei har problem heime, er gjerne mødrene si største frykt. Mange er òg redde for å kome i barnevernet sitt søkelys, som denne aleinemora:
«Du vil ikkje involvere andre fordi du tenker det er flautt og tabu. Du er ei mor som ikkje kan oppdra barnet ditt. (…) Eg søkte aldri hjelp. Men det kom tusen tankar om at eg ikkje er ei god mor, eg er ikkje god nok, og kanskje ungane blir tekne ifrå deg».
Annonse
– For mange innvandrarfamiliar er funksjonen til ein del offentlege institusjonar uklar, og det inkluderer barnevernet, forklarer forskaren.
Dermed blir frykt ofte til tausheit medan speleproblemet veks.
Frivillige organisasjonar når inn
I arbeidet med å utvikle materiell om dataspel, var forskarane i kontakt med innvandrarfamiliar som let seg intervjue om problem knytt til ungane si dataspeling. For å finne dei, fekk dei hjelp av frivillige organisasjonar i Kvinesdal, Oslo og Bergen.
Faktisk viser funna til forskarane òg at dette er ein viktig arena for å nå dei som treng kunnskap og rettleiing.
– Slike organisasjonar er viktige ledd i arbeidet med å informere om dei ressursane som finst, ettersom ein del innvandrarfamiliar manglar nettverk og norskkunnskapar, slår Seddighi fast.
Generasjonskløft ved digitale ferdigheiter
Tidlegare forsking har peika på ei generasjonskløft når det gjeld digitale ferdigheiter i utviklingsland. Problemet går òg att i ikkje-vestlege innvandrarfamiliar i Norge.
– For mange kan dataspel være ei ukjent verd som ungane utforskar på eiga hand. Når foreldra kan så lite, er det òg vanskeleg for dei å rettleie ungane sine, seier Seddighi.
Ein del foreldre treng òg hjelp til å innsjå at dataspel kan vere noko anna enn «bortkasta tid» – at det faktisk både kan vere sosialt og lærerikt.
Samarbeidsevner, planlegging, kommunikasjon, finmotorikk og problemløysing er blant ferdigheitene ungdom kan styrke gjennom å spele.
– Tidsbruk må ikkje bli det einaste temaet når det gjeld speling – det er like viktig at foreldre set seg inn i kva ungdommane driv med på nettet og kva dei lærer, seier Seddighi.
Annonse
– Ingen av oss veit kva slags jobbar som vil finnast for desse ungdommane om 10 til 20 år, ettersom arbeidsmarknaden er i kraftig endring. Men det vi veit, er at digitale ferdigheiter uansett blir sentralt, seier forskaren.
Prosjektet «Forebygging mot problemspilling blant ikke-vestlig ungdom: Et samarbeidsprosjekt med familie i fokus» vart utført av Vestlandsforsking og NLA Høgskolen i 2019-20 på oppdrag frå Medietilsynet / Rådet for anvendt medieforskning og Nasjonalt kompetansesenter for spillforskning.
Forskarane samarbeidde med frivillige innvandrarorganisasjonar om å rekruttere foreldre som fortalde om sine behov, og utarbeidde deretter førebyggjande tiltak mot problemspeling.