Saken er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - Les mer
Ny studie på sjukefråvær viser at hypotesen om at kvinner har meir belastande yrker, ikkje stemmer.

Kvinner kan ikkje skulde på stressande jobbar

Kvinner har høgare sjukefråver enn menn, men det er ikkje høgare arbeidsbelasting som har skulda. – Kanskje må vi berre akseptere at der er ein liten skilnad, seier forskar. 

30.10 2015 05:00

– Skal vi forstå årsakene til kvinner sitt høge sjukefråvær, må vi leite andre stader enn i arbeidslivet, seier forskar Anne May Melsom. 

Ho er blant forskarane som har undersøkt spørjeundersøkingsdata om sjukefråvær frå 17 europeiske land i perioden 1998-2008. Noreg var eitt av landa som var med i studien.

Medan sjukefråveræt blant menn i 2014 låg rundt fem prosent, var fråværet blant kvinner over åtte prosent, ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB). Skilnaden i sjukefråværet er vedvarande og stabil, og det har vore vanskeleg å finne ei god forklaring.

Éin av hypotesane er at kvinner har meir belastande jobbar enn menn, og at kvinnedominerte yrke innan sektorar som skule og helse tærer på helsa. Men resultata frå ein Melson si ferske doktorgrad peikar i motsatt retning:

– Vi kan ikkje skulde på meir stress i kvinnedominerte yrke. Tvert imot tydar våre data på at menn har meir belastande jobbar enn kvinner, seier stipendiat Melsom.

Lever lengre, men er meir sjuke

Menn lever kortare enn kvinner og blir oftare ramma av ei rekke alvorlege sjukdommar. Likevel skårar kvinner dårlegare enn menn på dei fleste helseindikatorar. Til dømes opplever kvinner meir psykisk stress, dei rapporterer jamt over dårlegare helse og bruker helsetenestene hyppigare.

I dei fleste land er også sjukefråværet blant kvinner høgare enn blant menn.

Kvifor er det så slik? I tidlegare forsking har to forklaringar blitt trekte fram: Den eine er at kvinner og menn er på ulike stader i samfunnet og fyller ulike roller, noko som til dømes kan innebere at kvinner har meir belastande jobbar. Den andre hypotesen er at kvinner er meir sårbare og dermed rammast hardare.

Dei nye forskingsresultata tyder på at forklaringa ikkje er å finne på kvinner sine arbeidsplassar.

Større skilnad i same yrke

– Dersom eigenskapar ved yrket skal kunne forklare høgt fråvær blant kvinner, bør kjønnsskilnaden i sjukefråværet bli mindre når vi samanliknar menn og kvinner med same yrke. Det er ikkje tilfelle. Det ser heller ut til å vere motsett. Når vi ser på kvinner og menn i same yrkeskategori, finn vi ein større skilnad i fråværet enn når vi samanliknar kvinner og menn sett under eitt, seier Melsom.


– Kanskje er det viktigare å prøve å finne ut kva ein kan gjere for å få ned sjukefråveret totalt sett enn å henge seg veldig opp i kjønnsskilnadene, seier stipendiat Anne May Melsom ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi på Universitetet i Oslo.

Ho understrekar at mennene og kvinnene i undersøkinga ikkje har blitt spurte direkte om arbeidsvilkåra sine.

– Når vi seier at kvinner sine arbeidsplassar i gjennomsnitt truleg er mindre belastande, ser vi dette heller som ei rimeleg forklaring på resultata våre.

Søkjer mot visse jobbar

Eit anna funn i doktorgraden, som også har blitt sett i tidlegare studiar, er at yrke som er anten kvinne- eller mannsdominerte har høgare sjukefråvær enn yrke med jamnare kjønnsfordeling. I Noreg er sjukefråværet høgast i kvinnedominerte yrke.

– Resultata våre tyder på at individ med høg tendens til sjukefråvær er overrepresenterte i kvinnedominerte yrke. Eitt eller anna gjer at kvinner med større sjanse for sjukefråvær søkjer mot desse jobbane. Det ser ut til at slike seleksjonsmekanismar, snarare enn usunne arbeidsvilkår, skaper høgt fråvær, seier Melsom og legg til:

– Kanskje kan enkelte kvinnedominerte yrke vere enklare å kombinere med andre krav i livet, som familie og barn. Det kan hende desse yrka opnar opp for deltidsarbeid i større grad og dermed tiltrekkjer personar som treng ein meir fleksibel arbeidsdag.

Høgt fråvær i mannsdominerte yrke skuldast derimot eigenskapar ved yrka, til dømes meir belastande arbeidsvilkår, ifølgje forskarane.

Akseptere skilnaden? 

Forskarane ser altså ingen teikn til at kvinner blir diskriminerte inn i sektorar som øydelegg helsa deira. Og svaret på kvifor kvinner har høgare sjukefråvær enn menn, lèt vente på seg.

Dei nye funna tyder likevel på at ein må leite etter svaret andre stader enn i yrkeslivet.

– Ein må gjerne sjå på yrket og arbeidsplassen for å finne tiltak for å redusere sjukefråværet, men for å redusere kjønnsskilnadene er det kanskje ikkje her ein skal starte, seier Melsom.  

I andre studiar har forklaringar som «dobbelt-arbeid-hypotesen» blitt undersøkt, altså at kvinner tar mest ansvar for familie og at dette går ut over helsa. Men heller ikkje denne hypotesen får støtte. Det er nemleg ingen stor auke i sjukefråværet etter at ein har fått born. Graviditetsrelatert fråvær forklarer mykje av skilnaden i fruktbare aldersgrupper, men ikkje alt.

– Kanskje er det viktigare å prøve å finne ut kva ein kan gjere for å få ned sjukefråværet totalt sett enn å henge seg veldig opp i kjønnsskilnadene. Desse skilnadene har vore stabile lenge, og dei er vanskelege å forklare. Kanskje må vi berre akseptere at der er ein liten skilnad, seier Anne May Melsom.

Referanse: 

Arne Mastekaasa og Anne May Melsom. Occupational Segregation and Gender Differences in Sickness Absence: Evidence from 17 European Countries. European Social Review, juni 2014. doi: 10.1093/esr/jcu059. Sammendrag

forskning.no ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Du må bruke ditt fulle navn. Vis regler

Regler for leserkommentarer på forskning.no:

  1. Diskuter sak, ikke person. Det er ikke tillatt å trakassere navngitte personer eller andre debattanter.
  2. Rasistiske og andre diskriminerende innlegg vil bli fjernet.
  3. Vi anbefaler at du skriver kort.
  4. forskning.no har redaktøraransvar for alt som publiseres, men den enkelte kommentator er også personlig ansvarlig for innholdet i innlegget.
  5. Publisering av opphavsrettsbeskyttet materiale er ikke tillatt. Du kan sitere korte utdrag av andre tekster eller artikler, men husk kildehenvisning.
  6. Alle innlegg blir kontrollert etter at de er lagt inn.
  7. Du kan selv melde inn innlegg som du mener er upassende.
  8. Du må bruke fullt navn. Anonyme innlegg vil bli slettet.