– Raudbetjuice har ingen effekt for toppidrettsutøvarar

Ny forsking tyder på at inntak av nitratrike raudbetar ikkje har nokon effekt for toppidrettsutøvarar.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

(Foto: Wikimedia Commons)

«Rødbeter gir superkrefter» og «Rødbetjuice = økt prestasjon».

Slike overskrifter har ein kunne lese i blant andre DN.no, KK og  trening.no det siste året.

Dei konkluderer alle med at raudbete – ein hittil ganske ukjent superingrediens – kan gje deg meir krefter og føre til at du presterer betre på trening.

Men visste du at dette berre gjeld normalt trente menneskje, og spesielt dei som et for lite nitratrik kost?

Om langrennsjentene knaskar på desse rauda knollane, eller hell nedpå med raudbetjuice før dei går 10-kilometeren i Sotsji i dag, vil det truleg ikkje ha noko som helst effekt.

Effekt av raudbete

Artiklane baserer seg på ein eller fleire av dei mange «raudbetstudiane» frå 2010 og utover, som alle syner at raudbetar eller raudbetjuice kan betre treningsprestasjonane dine.

Ein av studiane synte at amatørsyklistar presterte betre ved å drikke raudbetjuice før eit løp.

I blindtesten drakk ni mannlege amatørsyklistar raudbetjuice før start, men i halvparten av gongane var nitratet i raudbetane fjerna frå juicen.

Ved å drikke vanleg raudbetjuice, sykla deltakarane i gjennomsnitt 11 sekund raskare på 4 kilometer samanlikna med når dei drakk juice utan nitrat. På 16,1 kilometer sykla dei 45 sekundar raskare.

Forskarane sin konklusjon vart difor at mat med høgt nitratinnhald – som raudbetar, spinat, brokkoli og kål – kan seiast å vere reine vedundermiddelet når det kjem til trening.

– Ikkje for idrettsutøvarar

Men sjølv om normalt trente personar kan kjenne ein skilnad ved å ete raudbetar, er det ikkje alle som vil få same effekt.

Dei aller fleste toppidrettsutøvarar vil nemleg ikkje kjenne nokon skilnad. Dette viser eit forskingsprosjekt leia av Øyvind Sandbakk ved NTNU Senter for toppidrettsforskning (SenTIF).

– I denne studien har vi undersøkt effekten av nitrattilskot blant anna på arbeidsøkonomi og ein 5 kilometer løpstest hjå langrennsløparar på elitenivå. Vi fann ut at inntak av nitrat ikkje har nokon effekt på prestasjonane til topptrente personar, fortel Sandbakk.

Arbeidsøkonomi er eit mål på kor mykje energi ein utøvar nyttar ved ein bestemt fart eller ein bestemt tilbakelagt distanse.

Utvalet bestod av ti junior-elite-langrennsløparar som gjennomførte ein blind-test.

Før løpstesten på 5 kilometer, hadde dei drukke væske med eller utan nitrattilskot 2,5 timar i forkant, utan å vite kven som hadde fått væske med nitrattilskot og ikkje. Resultata var oppsiktsvekkande. Det var nemleg ingen skilnad i prestasjon eller oksygenkonsum med tilskot av nitrat.

– Då dei første raudbetjuice-studiane kom, byrja også toppidrettsutøvarar å eksperimentere med nitrattilskot for å få enno betre resultat, men vi hadde mistankar om at dette ikkje nødvendigvis var det beste, fortel Sandbakk.

Øyvind Sandbakk ved Senter for toppidrettsforskning. (Foto: NTNU)

– Då vi gjekk i gong med denne studia var den teoretiske hypotesen at ein ikkje ville finne same effekt i høve prestasjon hjå toppidrettsutøvarar med eit meir eller mindre sunt kosthald.

Sjølvoptimaliserte

Forskarane overvakte kosthaldet til idrettsutøvarane for å finne ut kor sunt dei åt, og målte blodtrykket deira.

Resultata synte at sjølv om blodårene utvida seg slik dei skulle, og ein såg ein skilnad i blodtrykket hjå utøvarane som fekk nitrattilskot, fann ein ingen skilnad på arbeidsøkonomi og prestasjon.

– Konklusjonen vår er at godt trente idrettsutøvarar er sjølvoptimalisert. Det å ete sunt og trene med såpass høg intensitet som dei gjer på det nivået kvar einaste dag heile året, gjer at kroppen tilpassar seg og lærer å hente ut nok nitratoksid på eiga hand, seier Sandbakk som stiller seg kritisk til å manipulere nitratoksid-opptaket ved hjelp av ei rekkje tilskot.

Kosthaldet avgjer

Sjølv om dei fleste av idrettsutøvarane ikkje fekk effekt av nitrattilskot, var det nokre individ som hadde ein liten effekt.

Forskarane mistenker at dette skuldast kosthaldet til den enkelte utøvaren, og at individa ikkje åt nok nitratrike grønsaker. Desse vil ifølgje Sandbakk truleg ha behov for eit tilskot av nitrat.

–Då vi gjekk gjennom resultata til dei som synte tendens til framgang, fann vi ut at dette var dei same som hadde slurva litt med kosthaldet, seier Sandbakk.

– Får det naturleg

Sandbakk og kollegaene på Toppidrettssenteret på Granåsen gjennomførte ein studie til. Der såg dei på om kosttilskot av El Arginin (aminosyrer) i kombinasjonen med nitrat kunne gi effekt på prestasjonane.

Men dette var ikkje tilfellet, og ifølge Sandbakk kan det faktisk ha motsett effekt. Han meiner dette syner at ein bør vere forsiktig med å tulle med eit allereie godt opplegg når ein er veldig godt trent.

– Effektane ein får med tilskot, vil ein også få naturleg gjennom ein konkurransesituasjon. Når ein er godt trent på det ein skal konkurrere i og har riktig spenningsnivå i ein konkurranse, vil kroppen reagere med å sende blodet dit det gjev best mogleg effekt, seier Sandbakk.

– Om ein tek mykje ulike tilskot, kan kroppen reagere negativt og blodstyringa verte hemma.

Han meiner at fleire av raudbetstudiane og andre liknande studiar ikkje er reelle for olympiske utøvarar, og at ein i nokre høve bør være forsiktig med å ukritisk ta laboratorieforsøk rett ut i ein praktisk kontekst.

Så kva er det med desse raude knollane som gjev normalt trente menneskje superkrefter?

Kort fortalt inneheld raudbetar rikeleg med nitrat som får blodårene til å vide seg ut, blodtrykket til å senke seg og som gjer at blodomløpet aukar. I tillegg aukar oksygentilførselen til musklane, og dei brukar då mindre energi på å uføre same mengde jobb.

Powered by Labrador CMS