Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norsk Romsenter - les mer.
Ei ny varslingsteneste bruker blant anna data frå miljøsatellitten Sentinel-2 til å kartleggja ulike typar vegetasjon Noreg som kan gi allergi.(Illustrasjon: airmine.no)
Satelittdata kan gje superlokalt pollenvarsel
Varselet går helt ned til 40 meters oppløysing. No blir tenesta ein app.
Mellom 20 og 25 prosent av befolkninga i Noreg har ei eller anna form for pollenallergi. Det kostar samfunnet rundt ti milliardar kroner per år i sjukefråvær, behandling, medisinar og meir.
Det norske teknologiselskapet Airmine har utvikla ei varslingsteneste som viser når og kvar det er spreiing av vanlege typar pollen som mange er allergiske mot, mellom anna frå selje, bjørk, gras og burot.
Denne tenesta bruker data frå miljøsatellitten Sentinel-2, saman med prøver teke på bakken, til å kartleggja ulike typar vegetasjon Noreg som kan gi allergi.
Sentinel-2 og Copernicus
Sentinel-2 er ein av satellittane i Copernicus. Det er EUs program for overvaking av klima og miljø ved hjelp av satellitt. Her er òg Noreg med.
Sentinel-2 ser i synleg lys og fleire bølgelengder av nær-infraraudt. Derfor er han spesielt godt egna til å studera vegetasjon og plantar.
Data frå denne satellitten blir mellom anna brukte til å halda auge med utbreiinga og bruken av ulike typar plantar og insekt som lever i eller av dei.
Også elvar og vassdrag, kystlinjer, snø, is og menneskeskapte strukturar synest godt på bileta til Sentinel-2.
Fleire norske etatar, forskarar, organisasjonar og bedrifter bruker dataa frå Sentinel-2 og dei andre satellittane i Copernicus i arbeidet sitt.
Opent og tilgjengeleg
Det generelle pollenvarselet frå Airmine har ei oppløysing ned til tre gonger tre kilometer. Dette varselet er tilgjengeleg for heile Noreg via nettsidene deira.
– Det høgopplauslege kartet blir også brukt i den nye mobil-appen vår som heiter Airmine Pollen, seier Kristian Tangen ved Airmine.
Her får du varsel når det er mykje pollen i område du har merkt som favoritt. Denne appen vart nettopp lansert på både Apple Appstore og Google Play.
I tillegg sel firmaet også ei utgåve av pollenvarselet som har ei oppløysing ned til berre 40 gonger 40 meter. Dette har fleire kommunar i Noreg, som Bærum, Vestby, Hamar, Gjøvik og Ålesund, kjøpt og gjort tilgjengeleg på nettsidene sine.
Hjelp frå Norsk Romsenter og ESA
Selskapet Airmines vert støtta av både Norsk Romsenter og Den europeiske romorganisasjonen ESA. Denne støtta skal brukast til å utvikla eit pollenvarsel for Sverige, likt med Airmines generelle pollenvarsel for Noreg.
– Me skal òg laga eit høgoppløyseleg kart for pollenvarsel i Sverige. Det vil bli tilgjengeleg for kundar, som til dømes svenske kommunar, seier Tangen.
Airmine har ambisjonar om å utvikla liknande pollenvarslingstenester for andre land i Nord-Europa.
Annonse
– Me er svært nøgde med samarbeidet med Norsk Romsenter. Det er veldig bra fagleg og er økonomisk viktig for oss, seier Tangen.
Brukast av ulike bedrifter
Også to norske kjeder av medisinleverandørar abonnerer på Airmines generelle pollenvarsel og brukar det på nettstadane sine.
– Den eine heiter Allergiguiden.no og er allereie ute på nettet. Den andre utgåva er for VitusApotek.no og blir å finna på nettet om kort tid, seier Tangen.
Dessutan har leverandørar av digitale skjermar for informasjon og reklame kjøpt pollenvarslingstenesta til Airmine og viser ho på skjermane sine. Desse er mellom anna i Austlandsområdet og i Stavanger.