Cannabisbrukarane som kriminolog Sveinung Sandberg har intervjua, fortel både om «bad trips» og grensesprengande opplevingar. (Foto: Toussaint Kluiters, Reuters/NTB scanpix)

Forteljingar om rus held liv i cannabismiljøet

Når cannabisbrukarane fortel historier om rusbruk styrkar det fellesskapet og formar identiteten til enkelte brukarar.

Cannabis-røyrsla

Cannabis-røyrsla er eit omgrep som brukast for å skildre politiske røyster som enten ønsker legalisering og/eller avkriminalisering av cannabis.

Dette er ikkje ein einsarta bevegelse, men favner fleire ulike grupper og begrunnelser.

– Forteljingar om rus er ein del av den kulturelle praksisen som er med på å skape fellesskap og solidaritet mellom cannabisbrukarar. Forteljingane er og ofte med på å vise at rusbruk er ein måte å bryte med samfunnets konformitet på og med kvardagen. Difor handlar ofte cannabisforteljingane om grensesprengande tilstandar og opplevingar.

 fortel Sveinung Sandberg, professor i kriminologi ved Universitetet i Oslo.

Han har undersøkt historiene til cannabisbrukarar og gjennom dei, forsøkt å kartleggje nokre av motivasjonane dei har for å bruke illegale stoff. Det er dette som heiter narrativ kriminologi, eit gryande felt innan kriminologifaget.

«Du tenkjer på ein annan måte»

Forteljingane til cannabisbrukarane Fredrik og Torsten er typiske eksempel frå cannabismiljøet.

Fredrik fortel om korleis cannabis hjelpte han å slappe av og å fjerne angsten han sleit med. Historia er berre ein av mange forteljingar ein finn i den delen av cannabis-røyrsla som fokuserer på dei medisinske kvalitetane ved stoffet.

Torsten fortel at for han handlar det ikkje om sjølvmedisinering, men at sansane opnast opp:

«Du tenkjer på ein annan måte. Kanskje undermedvite di kjem til overflata. Det er umogleg å snakka om det utan å høyrast galen ut (ler). Men det er som om det er eit tynnare skilje mellom draum og verkelegheit. Det er den psykedeliske effekten som har vore mest attraktiv – den psykedeliske greia. Alle dei rare, morosame tinga du kan tenkje deg, også er det den skikkelege fine kjensla av ting. Sansane dine opnast opp. Berre det å sjå på himmelen. Han kjennest klarare. Det gir eit sterkare inntrykk. Å høyre på musikk blir meir interessant og du kjenner at du forstår musikken betre».

«Bad trips» og besøk i avgrunnen

Forteljingar om rusmiddel for å oppnå grensesprengande tilstandar og opplevingar, og cannabis som medisin, har ei lang kulturell og litterær historie.

Frå vesten kjenner vi til dømes Thomas De Quincey og «En engelsk opiumspisers bekjennelser» (1821), Sigmund Freuds anbefaling av kokain i «Om Cocain» ( frå 1884) som roande og bra for tannhelsa og Beatgenerasjonen med Alan Ginsberg og Jack Kerouac sine forteljingar om rus som opprør mot myndigheitsmakt.

Særleg Hippie-bevegelsen, og det mange har kritisert som romantisering av rusbruk, har skapt mange positive forteljingar om rusopplevingar.

Det finst og meir destruktive forteljingar blant brukarar, som forteljingar om «bad trips» og rusavhengnad. Ein «bad trip» skjer som regel berre ein gong, fortel brukarane til kriminologane Sebastian Tutenges og Sveinung Sandberg.

Det tolkast som eit varsel mot å gå for langt og miste kontrollen over rusbruken. Eller som nokre av cannabisbrukarane beskriv det: å setje seg fast i avgrunnen. 

Ifølgje Sandberg og kollega Sebastian Tutenges, har alle samfunn forteljingar om avgrunnar og samfunnets skuggesider. I tidlegare samfunn har det vore møte med dei underjordiske, magiske vesen eller djevelen. Dagens destruktive rusforteljingar deler mange trekk med desse.

Det er møter med «den andre sida» som er skremmande, men og livgivande. Det gjer innsikter. Det er viktig å forstå og studere desse forteljingane, meiner Sandberg, for å forstå kvifor folk dragast mot rusmiddel.

Narrativ kriminologi – korleis forteljingar er med på å skape kriminalitet

I narrativ kriminologi søker forskarane å forklare orsakar til kriminalitet ved å sjå på korleis dei er motivert av kulturelle forteljingar.

– Er det slik at forteljingar kun er med på å legitimera kriminelle handlingar, eller forårsakar dei og kriminelle handlingar? Dette er eit sentralt spørsmål det jobbas med innan feltet narrativ kriminologi, fortel Sandberg.

– Me er interessert i korleis kollektive og personlege narrativer iverksett, held ved lag og verker inn på avståing frå skadelege handlingar. 

Referanse:

Sveinung Sandberg og Sebastian Tutenges. Meeting the Djinn. Stories of Drug Use, Bad trips and Addiction, i antologien Narrative Criminology. Understanding Stories of Crime, NYU Press, 2015. Sammendrag.

Powered by Labrador CMS