Annonse
Personar som brukar illegale rusmidlar, flyktar til «rus-scena» fordi dei opplever å vere stigmatisert og ikkje ynskte i det «ordinære» samfunnet. Her føler dei at dei blir akseptert og at kompetansen deira blir verdsett, ifølgje forskar. (Illustrasjonsfoto: Shutterstock / NTB Scanpix)

Benken er ein friplass for rusbrukarar

Forskar brukte eit år saman med rusbrukarar for å forstå kor viktig benken er. Svaret er at her opplever rusbrukarar verdigheit og fellesskap.

Publisert

I alle større byar finst opne rusarenaer, stadar kor illegale rusmidlar vert brukt og formidla.

I sitt doktorgradsarbeid har Trond Erik Grønnestad ved Det samfunnsvitskapelege fakultet ved Universitetet i Stavanger undersøkt kva som skjer på opne «rus-scenar» og kvifor folk kjem tilbake.

Synlege, men usynlege

Han oppsøkte ei slik scene i ein norsk mellomstor by, nemleg nokre benker ved parkeringsplassen nær togstasjonen. Her var han to til fire gonger i veka gjennom eit år, for å snakke med og å lære å kjenne dei som søkjer hit.

Dei som oppheld seg på benken og det som skjer der, er godt synleg for forbipasserande. Likevel oppdaga Grønnestad raskt at ein blir usynleg på benken.

– Folk går rett forbi og er redde for å sjå. Benken er ein friplass, kor ein slepp ubehagelege blikk, seier han.

Sjølv prøvde han utan hell å helse på ein kollega som gjekk forbi.

– Då eg spurde han seinare, svarte han at han var redd for å krenke dei som sat der, seier Grønnestad.

På benken får ein vere rusa i fred. Her blir spritflaska eller hasjrøyken sendt rundt, men sal av illegale rusmidlar, eller at nokon set eit skot, skjer andre stader.

– Benken er først og fremst ein sosial arena, ikkje ein salsarena, understrekar Grønnestad.

Verdsett og teke hand om

Personar som brukar illegale rusmidlar, flyktar til «rus-scena» fordi dei opplever å vere stigmatisert og ikkje ynskte i det «ordinære» samfunnet. Her føler dei at dei blir akseptert og at kompetansen deira blir verdsett, ifølgje forskaren.

– Dei opplever samhald, og dei får hjelp til å klare det vanskelege livet bruk av illegale rusmidlar medfører, seier Grønnestad.

Han finn at mange som søker hjelp hos LAR (legemiddelassistert rehabilitering) opplever systemet som krenkjande.

– Det fjernar ikkje dei vonde kjenslene, og dei opplever at deira behov for hjelp ikkje blir tilstrekkeleg møtt. Derfor søker dei tilbake til «rus-scena», kor dei trass alt har eit fellesskap og kor dei kan oppleve seg som verdige menneske, seier han.

– Dårleg løysing å stenge benken

Forskinga til Grønnestad gir innblikk i og forståing for kva behov rusbrukarar har og kva «rus-scena» betyr i livet deira. Dette er nyttig kunnskap for blant anna helseapparat, politikarar og politi.

– Det er viktig å forstå kva som skal til for å hjelpe, korleis ein kjem i posisjon til å hjelpe og kunne hjelpe på ein måte som ikkje vert opplevt som krenkjande, seier Grønnestad.

Han understrekar at benken og miljøet der ikkje er eit problem, så lenge ungdom ikkje blir rekruttert. Eit vedtak om å stenge benken og jage vekk dei som oppheld seg der, er ikkje ei god løysing, meiner han.

– Miljøet vil ikkje forsvinne, men berre flytte seg. Når det er ein synleg stad, er det lett for politiet å halde oppsikt.

Folk treng ein stad å vere, og forskinga til Grønnestad viser tydeleg at benken har ein sosial funksjon.

– Ein brukar sa til meg «Viss eg ikkje har benken, har eg ingenting», seier Grønnestad.

Referanse:

Grønnestad, T.E.: Benken – et sted å være? En entografisk studie i et åpent illegalt rusmiljø. Doktoravhandling ved UiS. (2018)

Powered by Labrador CMS