Saken er produsert og finansiert av Høgskulen på Vestlandet - Les mer
Forskar meinar at dei kulturelle oppfatningane om rus er skapte av og påverkar oss alle – ikkje berre rådgivarane i NAV. Synet på rus gjennomsyrer heile samfunnet, og har direkte påverknad på korleis politikken og hjelpetilbodet blir utforma.

NAV-tilsette aldersdiskriminerer rusbrukarar

Det ser ikkje ut til at yngre rusbrukarar har lettare for å komme seg ut av misbruket enn eldre. Kvifor er det allment akseptert at dei yngre då har høgst prioritet blant dei NAV-tilsette?

 

17.4 2018 05:00

«Eg tenkte vel at det her er tunge saker. Eg er ikkje spesielt begeistra fordi eg har tenkt det eg har tenkt. Det er desse her no hope-greiene. Det er utruleg krevjande. Og berre måtte gå og sjå på, altså. Kva vil han eigentleg? Kva er det som gjer at han ikkje kjem seg ut? Men det er på ein måte ikkje mi greie å finne ut. Det er jo eit medisinsk spørsmål på ein måte. Kor langt er du nedi, kall det gørra, gjennom mange, mange år, sant.»

Dette er orda til ein av 23 tilsette i tre bygdekontor av NAV, alle intervjua av Lillian Bruland Selseng under arbeidet med doktorgraden hennar.

På mange vis er nettopp denne fortellinga typisk for kva ho fann – ei historie om resignasjon. Hjelparen som er sitert, Mia, har ikkje aleine funne fram til denne tolkinga av situasjonen: Måten ho fortel om klienten sin rusbruk på, speglar kulturen og tidsepoken ho sjølv er ein del av, framhevar Selseng.

– Eg meiner det ville vere fruktbart med tilgang til andre forståingar og forteljingar om kva rusproblem kan vere – og særleg kva som kan vere teikn på endring og forbetring. Vi treng historier som kan gje håp og styrke, seier Selseng, forskar ved Høgskulen på Vestlandet.

Nyttige og unyttige historier

Før ho gjekk inn i akademia, jobba Selseng på eit behandlingskollektiv for tunge rusbrukarar i Hordaland. Dette var tilfelle der misbruket gjerne hadde gått i arv i fleire generasjonar, og personane hadde hatt svært vanskelege barndommar. Likevel opplevde ho at arbeidet nytta, og at sjølv dei som hadde rusa seg lenge, hadde sjansen til å bli rusfrie og få eit godt liv.

Selseng tek ein nærmare kikk på dei kulturelle førestillingane som ligg til grunn for måten vi jobbar med rus på. Gjennom å avdekke desse implisitte historiene, har ho ønskt å setje søkelys på korleis historiene vi fortel, påverkar hjelpen vi gir til dei som er råka.

– Innbakt i fortellingane ligg kulturelle idear om rusmisbruk som blir opplevde som sjølvsagde. Men dei er ikkje det. I USA, til dømes, viser analyser at mediefortellingar om rus mange suksesshistorier og haldninga «You can do it!». Mens medieforteljingane i Finland er prega av tristesse, og ein idé om at staten ikkje gjer nok, seier Selseng.

I doktorgradsarbeidet sitt har ho vald ei uvanleg tilnærming. I staden for å sjå på dei økonomiske ressursane i rusarbeidet eller komme med handlingsforslag, ser ho på det ho kallar diskursive ressursar. Ho meiner at omgrepa, kategoriane og ideane i rusarbeidet – altså språket vi bruker – er heilt sentralt for om det vil lykkast. Språk skaper røyndom. Ho argumenterer for verdien av å få tilgang på eit rikare språk om endring av rusproblem – forteljingar og omgrep som fangar opp kompleksiteten i dei måtane folk endrar seg på.

Når folk får auga opp for alle slags endringar, små og store, får dei også meir håp, meiner ho.


Lillian Bruland Selseng disputerte nyleg for doktoravhandlinga si. (Foto: HVL)

Vaksen og ansvarleg eller ung og sårbar

«Han har vore på behandling ganske mange gonger no, han kjem og går. Kvar gong han kjem ut, går det nedoverbakke. Han går rett herfrå til vinmonopolet. Han viser ikkje mykje initiativ til eller vilje til å slutte å drikke.»

Dette fortel hjelparen Pål om klienten sin Patrick, ein alkoholisert mann som nærmar seg femti. Pål er rådgivar for 130 klientar som har falt ut av arbeidslivet. Han gir uttrykk for å ha gitt opp å hjelpe denne mannen. Dersom Patrick ikkje vil ha hjelp, er det lite han kan gjere, resonnerer Pål.

Sjølv om Pål ikkje nemner alder direkte, opplever Selseng at premissen som ligg til grunn er at Patrick er vaksen og må ta ansvar for seg sjølv. Under dette, finst også ei anna historie – sidan han er såpass gammal, sit han meir fast i rusen, og det er lite håp for betring. Ho kallar dette historia om tidas tyngde. Noko som mellom anna blir uttrykt i dette sitatet om folk med langvarige rusproblem: «Og dei har eit heilt eige språk, og dei er opptekne av heilt andre ting enn det du og eg og andre som lever på ein annan måte, er. Og det pregar dei meir og meir til … dei blir gradvis øydelagde. Dei gjer det.»

Denne fortellinga stod i sterk kontrast til korleis fleire av hjelparane snakka om yngre rusbrukarar. Dei blei gjerne omtalte som sårbare og villfarne sjeler, og samstundes også mulege å snu. Enkelte rådgivarar gav uttrykk for at dei måtte gjere alt i si makt for å redde dei yngre.

Hjelparen Dorte omtaler til dømes den unge klienten David på dette viset: «Når han då røyk ut så var det mykje jobbing. Då måtte eg berre legge alt det andre til side. Eg måtte prøve å få tak i han. Eg måtte få tak i nokon som kunne finne han.»

Alder var ein av dei sjølvsagte kategoriane som dei NAV-tilsette navigerte etter, og det var allment akseptert at dei yngre hadde høgst prioritet – fordi det var meir håp for dei. Men dette er langt ifrå sjølvsagt, argumenterer Selseng: Forskinga på dette feltet er kompleks, og det er ingen klare konklusjonar som knyt endringspotensiale til alder.

– Kva om vi kunne møte ein aldrande og langvarig klient slik: «Å, du har lang erfaring med rus – dette veit du jammen mykje om! Du må vere veldig motivert for å slutte,» seier forskaren.

– Vi tenkjer oss at nokon er i samfunnet, og nokon er utanfor. Det dei som er utanfor held på med, gir ikkje kompetanse, for det er ikkje arbeidserfaring. Men desse menneska har også meistra, lært og erfart.

Fortellingane om klientane har blitt meir einsretta

I 2006 kom ein omfattande reform innanfor velferd i Noreg. NAV blei oppretta, og samla den tidlegare arbeidsmarknadsetaten (Aetat), trygdeetaten og deler av den kommunale sosialtenesta i eitt kontor. Tanken var å gjere velferdstilbodet meir samla, oversiktleg og effektivt. Denne organiseringa blei typisk for sektoren i europeiske land, og omtalast internasjonalt som «one-stop shops».

Sjølv om det er mykje bra å seie om NAV-reforma, meiner Selseng at den også kan ha hatt ein lite synleg, men desto viktigare, negativ effekt. Gjennom einsrettinga av det som tidlegare var eit differensiert hjelpetilbod, er det ein fare for at også fortellingane om mål og visjonar for klientane blitt meir einsretta – og fortellinga om kva det vil seie å lykkast.

– Eg fann ut at oppfatningane av endring var veldig lite nyanserte. I NAV-systemet er du anten råka av rusproblem og avhengig, eller så er du rusfri og arbeidsfør. Mellom dei to ytterpunkta, finst det ikkje noko språk til å skildre kor klienten er i prosessen, seier Bruland Selseng.

– Men sjølv om klienten ikkje har komme seg i jobb eller blitt rusfri, kan det ha skjedd mykje positivt. Kanskje han har fått eit betre sjølvbilde, eller ruser seg mindre enn før. Vi treng å snakke fram dei meir nyanserte endringane, slik at både hjelparen og klienten kan føle at dei lykkast.

Arbeid som det einaste saliggjerande

Analysane Selseng har gjennomført, viser faren for at arbeidslinja skuggar for andre mål og visjonar. Det førte til at nokre hjelparar skildra seg som fortvilte og mislykka, utan evne til å nå fram – mens andre skildra seg sjølv som personar med avgrensa ansvar, heilt avhengige av viljestyrken til klienten.

Begge dei posisjonane fungerte som ein type forsvar mot det som blei opplevd som uoppnåelege mål.

Men det fanst også ei tredje, om enn mykje mindre, gruppe hjelparar som fortalde ei meir nyansert historie om endring.

Dei opplevde seg som i opposisjon til den rådande norma, og dei hadde eit språk som i langt større grad skildra rusarbeid som ein langsiktig, ikkje-lineær og kompleks prosess. Mange sa at dei kjempa for klientane sine, mot systemet, og dei erkjente at språket dei brukte, påverka klienten sterkt. Dei var ikkje så styrte av visjonen om aktivisering, for dei såg at den ofte ikkje passa på rusavhengige. Slik uttrykte Evy det:

«I alle sånn her planar som er i eit NAV-kontor når eg går inn og ser på folk, så står det mål: Arbeid. Arbeid, arbeid, arbeid. Og så seier dei at dette er brukaren sjølv sitt eige mål. Og så tenkjer eg: Kom ikkje og fortel meg at femti menneske seier at mitt store mål her i livet er arbeid. Det kjem frå innerste hjartet mitt. For ein aktiv rusbrukar kan det jo vere å stable livet, å klare å halde orden på leiligheita si, halde kontakt med familien ein gong i veka. Eg har ikkje opplevd ein rusbrukar som har sagt at mitt store mål i livet er arbeid.»

Korleis vi kunne ha tenkt i staden

Selseng framhevar at dei kulturelle oppfatningane om rus er skapte av og påverkar oss alle – ikkje berre rådgivarane i NAV. Forteljingane om rus sirkulerer overalt i samfunnet og blir tekne i bruk på mange ulike arenaer, som til dømes politiske dokument, journalar og massemedia.

I tillegg til aldersdiskriminering og ei dominerande forteljing om at alle skulle ut i jobb, oppdaga ho eit svært negativt bilde av sjølve rusbrukaren. Han blei sett på som grunnleggande upåliteleg. Vidare gjorde rus at mennesket gradvis forfall, og blei utstøytt av samfunnet. Det blei verre og verre med tida – dei blei, på eit vis, fortapte.

Selseng la også merke til typiske omgrep som «tilbakefall» og «sprekk». I desse orda ligg det ein idé om at klienten rykker tilbake til start, og alt er øydelagt. Men vegen frå å ruse seg til å bli rusfri går ikkje i ei rett line. Eit tilbakefall treng ikkje å bety at alt er tapt, men kan vere eit nødvendig steg mot betring. Ferda mot eit betre liv vil oftast vere vinglete, sjeldan beint fram.

– For å gi tilpassa støtte på slike vegar, treng hjelparen omgrep som gir større rom for å sjå og anerkjenne kompleksiteten i endringsprosessar, seier forskaren.

Ho etterlyser fortellingar som gir rom for at endring ofte tek lenger tid enn eit standard tre, fire-månaders behandlingsopphald i institusjon. Då må hjelparen også ta eit visst ansvar for tida utanfor institusjonen, og tenkje at behandlinga også skjer då – i forkant og i etterkant av opphaldet. Og at dei sjølve har krafta til å hjelpe i desse fasane.

Blant nokre av hjelparane fann ho nettopp dette synet på rusarbeid: Som noko komplekst, langvarig men også givande. Desse NAV-tilsette følte i stor grad at dei kunne gjere ein forskjell – nettopp fordi dei hadde eit meir fleirtydig bilde av kva endring kunne vere. Slik uttrykte Sara det:

«Det er i høg grad eit tolmodsarbeid. Det handlar mykje om å følgje med på om det går bra eller ikkje. Og mykje av tida går det dårleg, inntil det kanskje går litt betre, og så tilbake igjen (…) Eg synst det verkeleg er spennande arbeid.»

Referanse:

Selseng, LB: Diskursive ressursar i rusarbeid – ein analyse av praksisforteljingar. Doktoravhandling ved OsloMet. 2017. (samandrag)

–––––––––––––—

Saken er oppdatert 17.4.2018 klokken 14:35

Annonse

forskning.no ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Du må bruke ditt fulle navn. Vis regler

Regler for leserkommentarer på forskning.no:

  1. Diskuter sak, ikke person. Det er ikke tillatt å trakassere navngitte personer eller andre debattanter.
  2. Rasistiske og andre diskriminerende innlegg vil bli fjernet.
  3. Vi anbefaler at du skriver kort.
  4. forskning.no har redaktøraransvar for alt som publiseres, men den enkelte kommentator er også personlig ansvarlig for innholdet i innlegget.
  5. Publisering av opphavsrettsbeskyttet materiale er ikke tillatt. Du kan sitere korte utdrag av andre tekster eller artikler, men husk kildehenvisning.
  6. Alle innlegg blir kontrollert etter at de er lagt inn.
  7. Du kan selv melde inn innlegg som du mener er upassende.
  8. Du må bruke fullt navn. Anonyme innlegg vil bli slettet.

Annonse