Trur på Noreg som vinland

På sin eigen vingard skal forskarar gjere studentar til ekspertar på kva som må til for å få smakfulle vindruer til å trivast – i Stavanger.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Dei fyrste druene speglar seg varsamt i haustsola på Universitetet i Stavanger (UiS) sin eigen vingard.

– Vi skal finne svar på korleis drueklasane kan vekse best mogleg her til lands. Kor mykje vind og sol dei liker, og kva jord dei trivst best i, seier Helge Jørgensen ved Norsk hotellhøgskole ved UiS.

Han trur Noreg kan bli eit framifrå vinland om det varme klimaet held seg.

Forskinga på vingarden skal han gjere saman med forskarar frå Bioforsk og i samarbeid med den botaniske hagen på Ullandhaug og den økologiske garden.

– Tjukta på stammane kan òg vere avgjerande. Dei bør vere opp mot ti millimeter i diameter det fyrste året. Vi prøver ut lengda på stammane òg, seier Jørgensen, som fortel at dei stadig prøver nye metodar i druedyrkinga.

– Druesortane vi har planta til no, er hardføre, og dei modnast fort etter blomstring. Så lenge det er varmare enn fem grader, klarer dei seg. Det viktigaste er ikkje storleiken på sjølve druene, men storleiken på klasane, seier han.

– Vindyrarar i Frankrike og Italia synest vi er litt galne, men dei har tru på prosjektet, ler Jørgensen, før han igjen forsvinn inn mellom store grøne blad på jakt etter nye perler.

Tre hundre plantar

Drueklasane blitt fleire og større år for år sidan starten i 2005. I dag står nærare tre hundre drueplantar og strekkjer seg ivrig mot sollyset for å slåst om glansen.

Dei fleste er av sorten Hasansky sladki, ein russisk blådruesort som toler mange kuldegrader, og som modnast tidleg.

Blå og gule druer

– Vi har òg planta ein tysk sort blå druer som heiter Rondo. Han er nokså vanleg her i Skandinavia. Cabernet cortis er ein annan type små blå druer som gir ein utmerka kraftig raudvin. Vi har mange plantar av det slaget òg, fortel drueentusiast og pådrivar Helge Jørgensen.

Ved Universitetet i Stavanger forskast det på vindruedyrking og kva som må til for at druene skal vakse seg store. (Foto: Elisabeth Tønnessen)

Han har vore med på prosjektet frå ideen hans blei fødd og det fyrste spadetaket blei teke. Og framleis er han like ivrig når han peikar og fortel studentane om dyrking av druer.

– I tillegg har vi nokre gule druer frå Tyskland som heiter Solaris. Det er ein eventyrleg sort, seier han.

Til fingerspissane

Å dyrke fram gode druer krev tolmod og detaljert plantekunnskap. Og ein god dose kjærleik og omsorg, skal vi tru gartnar Sigurd Emil Garstad.

Saman med Helge Jørgensen viser han studentane som studerer hotell- og reiselivsleiing i detalj korleis drueplantane skal skjærast og bindast opp.

– Når drueplantane er små, må vi passe på dei 24 timar i døgnet. Dei må passast på som små barn, seier Garstad, som kvar dag sørgjer for at alle dei fruktige druene får det dei treng.

Førstelektor Helge Jørgensen ved Norsk hotellhøgskole ved UiS har forska på alkoholens gleder og sorger og undervist studentar i vindruedyrking i ei årrekkje. (Foto: Elisabeth Tønnessen)

– Vi bind dei opp i såkalla enkel eller dobbel guyot. Vi hjelper greinene til å strekkje seg mot himmelen, som om dei strekkjer ein eller begge armane i vêret.

– I jorda har vi brukt strandsand og gamle fruktskrottar for å gjere jorda fyldig og luftig. Vi har planta over hundre tre for å skjerme for vind, og vi har høner som hjelper oss med å halde ugraset unna, fortel Jørgensen.

– For at druene skal få nok lys, plukkar vi vekk grøne blad så dei ikkje stengjar for sola. Og vi har rosebuskar for enden av eit par av rankene som varslar oss tidleg om det er lus på ferde, seier han, og legg til at alt frå drueklasar til trestokkar er usprøyta, i god økologånd.

Stavanger-vin

Andreårsstudentane i hotell- og reiselivsleiing får si undervising i studieemnet ansvarleg vertskap på vingarden.

– Til no har vi berre hatt to førelesingar, så eg kan ikkje alt om dyrking enno. Men eg er god på å smake, seier Line Katrine Lie.

Ho gler seg til å lære meir om gode smakar og om vinen sin veg frå råvare til ferdig nytingsmiddel. Ho fortel at ho gler seg til undervisinga på vingarden. Dei kallar det ein oppkvikkar i kvardagen.

Helge Jørgensen håper å kunne tilby smaken av druene til gjester på restaurantane i byen om nokre år.

– Etter kvart skal vi jo produsere vår eigen vin av desse druene, seier Jørgensen, som synest det er stas at Universitetet i Stavanger kan skilte med å vere verdas nordlegaste universitet med eigen vingard.

Artikkelen er endret 13.3.19

Powered by Labrador CMS