Neglisjerer alkohol som årsak til vald mot kvinner

Alkohol som risikofaktor er eit neglisjert tema i dei viktigaste politiske dokumenta om vald mot kvinner i nære relasjonar.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

(Illustrasjonsfoto: Colourbox)

– Dette reflekterer både ideologiske føringar og ein uvilje mot å blande inn alkoholpolitiske spørsmål i tematikken, ifølgje Sirus-forskar Hilde Pape.

Pape har granska alle dei nasjonale handlingsplanane mot vald i nære relasjonar, og andre sentrale dokument om temaet frå dei politiske styresmaktene.

Formålet var å finne ut kva fokus alkoholen si rolle har fått i dokumenta. Resultata er publisert i Tidsskrift for Velferdsforskning.

– At alkohol aukar risikoen for denne type vald er godt dokumentert. Slike forskingsfunn har klare implikasjonar for førebygging og behandling, men dette vert ikkje spegla i dei politiske dokumenta, seier Pape.

I si gransking av disse dokumenta, såg Pape at det avteikna seg tre ulike tilnærmingar til koplinga mellom alkohol og vald mot kvinner.

Temaet vart enten utelatt, alkoholen si betyding blei tona ned og reist tvil om, eller det blei fokusert på rusmiddelbruk generelt, utan at alkohol blei tematisert eksplisitt.

Kvifor så lite fokus på alkohol? 

– Frå offisielt hald har det lenge vore eit kjønnsmaktperspektiv som har prega forståinga av den private valden si årsak og eigenart, seier Pape.

– Mannen sin vald er blitt betrakta som eit uttrykk for kvinneundertrykking og mangel på likestilling mellom kjønna. I dette perspektivet kjem alkoholen inn som ein kompliserande faktor og har blitt oppfatta som ei avsporing.

I dei nyaste politiske dokumenta er tyngdepunktet flytta vekk frå det tidligare så dominerande kjønsmaktperspektivet, til ei erkjenning av at valden også må sjåast som eit samspel mellom personlege, situasjonsbetinga og strukturelle faktorar.

Likevel vert ikkje alkoholen gitt større plass i utforminga av tiltak for å avhjelpe problemet.

– Det er eit velkjent fenomen at forskingsbasert kunnskap ikkje når fram og gjer utteljing i utforming av politikk, seier Pape.

– Det kan vere at relevant forsking ikkje er kjent, eller at velkjent kunnskap vert sett til side fordi den til dømes vert oppfatta som ideologisk upassande eller politisk utfordrande.

Ein restriktiv alkoholpolitikk er etter alt å dømme viktig for å førebygge all vald – òg den som rammar kvinner i nære relasjonar.

Men det er liten politisk vilje til å ta slike verkemiddel meir aktivt i bruk. At dei politiske dokumenta unngår temaet er difor neppe tilfeldig.

Referanse:

Pape, Hilde (2013): Alkohol og vold mot kvinner – et politisk betent tema?, Tidsskrift for velferdsforskning 2013, 16 (3): 185-191.

Powered by Labrador CMS