Film skal førebyggje HIV i Tanzania

Bergensforskar Ole Bjørn Rekdal vil prøve å hindre at datoga-folket i Tanzania blir råka av HIV. No har han laga film om temaet HIV/AIDS som er retta mot folkegruppa. - Det er eit sensitivt tema å lage film om, seier Rekdal.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

- Per dags dato er det lite HIV blant datoga-folket, forklarer Ole Bjørn Rekdal. Likevel er forskaren frå Bergen uroleg når han tenkjer på framtida til folkegruppa i Tanzania. Både tradisjonar og endringar i samfunnet, dei siste åra, gjer sitt til at HIV kan spreie seg veldig raskt - om viruset råkar datoga-samfunna.

Ole Bjørn Rekdal jobbar til dagleg ved Høgskolen i Bergen og er utdanna sjukepleiar og sosialantropolog. Han har tatt hovudfag og doktorgrad på datoga- og iraqw-folka i Tanzania. Med bakgrunn i feltarbeida han har gjort, fekk han, i samarbeid med datogaene, ideen om å lage ein film om HIV og AIDS som rettar seg mot den nokså ukjende folkegruppa.

Seksuell fridom

- Seksualitet er strengt regulert blant datogane, men normene er annleis enn det me er vant til. Til dømes er samleie før ekteskapet ikkje akseptert, på den andre sida endrar mykje seg når ei kvinne giftar seg. Då har ho lov til å ha sex med alle brødrane og søskenbarna til mannen sin, forklarer Rekdal.

Å gifte seg inneber, på denne måten, ei slags seksuell frigjering for kvinnene. Tilgangen på mange ulike sexpartnarar er ein av faktorane som kan vere med på å fremje spreiing av HIV, seier bergensforskaren.

Oppløysing av normer

"Begravelsesriutale frå datoga-stammen"

Den lille folkegruppa i Tanzania lever ofte i små grupper på utsida av det tanzanianske storsamfunnet. Både språk og kultur er annleis, men det moderne tanzanianske levesettet er i ferd med å nå også datogaene.

- Fram til no har datogaene sin alkoholbruk vore knytt til menn sine ritual og spesielle sosiale hendingar, men normene som regulerer drikking er i ferd med å endre seg. Nye drikkemønster fører til situasjonar som ein reknar som risiko-oppførsel for spreiing av HIV, seier forskar Ole Bjørn Rekdal.

Uvanleg filmprosjekt

- Me har vald å lage ein såkalla “kulturspesifikk” film. Det vil seie at filmen rettar seg mot ei bestemt folkegruppe og i tillegg betyr det at den lokale kulturen er eit viktig verkemiddel i filmen.

Bakgrunnen for filmprosjektet er at store delar av folkegruppa fell utanfor det meste av førebyggande tiltak som rettar seg mot det tanzanianske folket. Dei fleste datogaer har ikkje utdanning, kan ikkje lese eller skrive swahili og bur ofte i område utanfor allfarveg.

Hovudmålet med filmen er å la datogaer sjølv få utforme og presentere den informasjonen som best kan vere med på å førebygge HIV blant deira eigne.

Sensitivt tema

"Me valde å bruke lokale personar bak kamera og gav dei opplæring i å handtere eit kamera, fortel Rekdal."

Korleis går ein fram når ein skal lage ein film om eit så sensitivt tema? Forskar Ole Bjørn Rekdal fortel at filminga vart delvis lagt til landsbyar der han og kona, Astrid Blystad, har hatt feltarbeida sine og dermed var godt kjend blant folket.

- Me valde i tillegg å bruke datogaer bak kamera og gav dei opplæring i å handtere eit kamera. Det var datogane sjølv som stod for filminga av dei mest sensitive scenane, fortel Rekdal.

Rituelle ekspertar

Innspelinga skjedde for det meste via improvisasjon.

- Det var svært viktig å finne personar som er høgt respektert blant datogaene. Både tradisjonelle helbredarar og rituelle ekspertar er sentrale deltakarar i filmen. Helsepersonell og andre representantar frå storsamfunnet vart i lita grad tatt med.

- Vårt viktigaste fokus var heile tida å finne dei personane som datogane lyttar til, for å få fram bodskapen om kor alvorleg trusselen om HIV er, fortel Rekdal.

Høyrer om HIV for første gang

HIV-filmen er no ferdig produsert og fleire datogaer har sett filmen.

- Mange av dei som ser filmen har kanskje aldri sett ein film før, og i alle fall ikkje der alle snakkar datoga. Det store spørsmålet no er om dette berre oppleves som ei form for underhaldning, fordi ein ser kjende ansikt og kjende ritual og handlingar - eller om det fører til endringar som er med på å avgrense at HIV spreier seg blant datoga-folket, seier bergensforskaren.

- Det me i alle fall veit er at mange datogaer høyrer om HIV/AIDS for aller første gong gjennom denne filmen. Berre det er ein grunn til at me har tru på prosjektet.

Fungerer tiltaket?

- Me veit ikkje enda om filmen verkar HIV - førebyggjande, slik me håpar, seier Rekdal. Men me har fått tilbakemeldingar om at filmen gjer sterkt inntrykk på dei fleste i forsamlinga som ser den.

No ventar Rekdal på at forskingsresultata til ein tanzaniansk doktorgradsstudent skal komme ut. Studenten ser nemleg på korleis ulike HIV - preventive tiltak, inkludert denne filmen, fungerer i området der datogane bur. Oppgåva er venta å vere ferdig innan eit halvt år.

- Me vil nok då få eit klarare svar på kor og blant kven me har lukkast med prosjektet, seier Rekdal.

Saken er produsert og finansiert av Høgskolen i Bergen - Les mer

Powered by Labrador CMS