Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.
Manizha Talash frå Afghanistan hadde på seg ei kappe med påskrifta «Free afghan women» under OL i Paris.(Foto: Paul Kitagaki Jr/ZUMA Press Wire/Shutterstock/NTB)
Dette fekk du ikkje med deg i OL: Utøvar på flyktninglag blei kasta ut
Den afghanske flyktningen Manizha Talash stilte i breakdance-konkurransen, men blei diskvalifisert på grunn av politisk protest. Ein cape med påskrifta «Free afghan women» blei for sterk kost for IOC.
OL i Paris har vore full av minneverdige
augeblikk, prestasjonar og spektakulære arenaer som vil sitje i minnet hos
franskmenn og sportsinteresserte lenge.
Men kva har skjedd bak desse flotte kulissene og
medaljane?
Ekspertar ved Norges idrettshøgskole (NIH) har sett på maktspelet og
kontroversane som også har prega OL.
Og kanskje ei spesiell sak du ikkje har fått med
deg i norsk media.
Podcast: Om kjønnsdebatt, utøverprotestar og vegen vidare for IOC
Paris-OL sette publikumsrekordar og hadde svært god stemning overalt. Men kva skjedde bak dei sportslege prestasjonane? NIH-podden tar opp kontroversane.
Både undervegs og i forkant var elva Seinen det
store diskusjonstemaet.
Målet til arrangørane og myndigheitene var å få
elva rein nok for både olympisk
symjing, triatlon og bading for lokale. Det har vore forbode å bade i Seinen sidan 1923.
Til slutt blei bakterienivået akkurat innanfor
grensene slik at konkurransane blei gjennomført som planlagt.
Men var det verdt prisen?
– Eg er litt i tvil. Det kjem litt an på kva slags
innfallsvinkel du har til dette her. Viss du brukar 16 milliardar kroner på å
få elva rein i to veker for at svømmarar skal få lov til å boltre seg der, så
håper eg for all del at det blir reint for lokalbefolkninga seinare også. For
det er frykteleg mykje pengar det her.
Det seier redaktør Andreas Selliaas i idrettspolitikk.no.
Han meiner vala arrangøren har tatt, går imot
logikken og argumenta om at arrangement som OL, skal bygge idretten vidare.
– Det er eit veldig rart prosjekt. Det er jo ingen
som kjem til å svømme i Seinen på lang lang tid framover. At du har
sandvolleyballbane utanfor Eiffeltårnet, gir fine bilete, men det blir jo ikkje
spelt volleyball der etterpå. Kva som er arven etter eit OL, kan ein ta ein
diskusjon på, meiner Selliaas.
Utøvar protesterte – blei kasta ut
Før OL spådde han og professor ved NIH, Sigmund
Loland at det ville bli utøvarprotestar under OL. Dei ville kunne utfordre det
olympiske charteret.
Det er regelverket til IOC som alle deltakarar må
følgje under OL. Det seier mellom anna at OL-arenaen ikkje skal bli brukt til
politiske protestar.
Det skjedde i den nye øvinga på OL-programmet,
breakdance i den siste helga av OL.
Manizha Talash er frå Afghanistan. Etter at
Taliban tok over makta i landet, nektar dei å sende kvinner til OL. Derfor deltok Talash på flyktninglag til IOC. Ifølgje Selliaas er dette IOC sitt store
prestisjeprosjekt.
Annonse
Da ho kom inn til kvalifiseringa, hadde ho på seg
ei kappe med påskrifta «Free afghan women».
Seinare
same dag blei Talash diskvalifisert, ifølgje CNN.
– Det viser på ein måte kor nådelause dei kan
vere. Dette er ei jente som kjem frå eit land som ikkje let jenter delta i
idrett. Så blir ho kasta ut fordi ho faktisk kjempar for at jenter i
Afghanistan skal få drive idrett, seier Selliaas.
Professor Sigmund Loland meiner at regelen er
fornuftig, men at dette var ei svært rigid tolking.
– Her kan ein tenkje seg at det hadde gått å bruke
litt dømmekraft, når utøvaren fremjar universelle rettar, noko IOC sjølv
argumenterer for. Men generelt er regelen om at olympiske arenaer ikkje skal
brukast til politiske markeringar fornuftig, trur eg. Av omsyn til både
utøvarar og publikum. Utøvarar kunne elles blitt utsett for eit sterkt press,
seier Loland.
Sjølv seier Talash dette ifølgje CNN.
– Eg drog ikkje frå Afghanistan fordi eg er redd
for Taliban, eller fordi eg ikkje kan leve i Afghanistan, sa Talash før
protesten.
– Eg drog fordi eg vil gjere det eg kan for
jentene i Afghanistan, for livet mitt, framtida mi, for alle.
Kjønnskamp og vegen vidare for OL
I NIH-podden under kan du høyre meir om kontroversane
som prega OL i Paris.
Loland og Selliaas tar for seg kjønnsdebatten
rundt den algeriske boksaren Imane Khelif, dei nøytrale russiske utøvarane og
vegen vidare for OL og IOC.