Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Samanliknar vi Noreg på 1800-talet med andre samfunn i si tid, så finn vi eit forholdsvis moderne og rikt land. Avbilda: Bondefolk i Noreg på 1800-talet.

– At Noreg var fattig på 1800-talet, er ein myte

Her er forteljinga om korleis Noreg blei rikt og moderne på 1800-talet – og ikkje fattig og tilbakeliggjande, slik mange trur.

– Det er mange som trur at Noreg var eit fattig land for hundre år sidan. Journalistar, politikarar, akademikarar og folk flest. Men tvert imot var vi blant dei rikare landa i Europa og i verda. Og på andre aspekt av modernisering låg Noreg langt framme, fortel historieprofessor Jan Eivind Myhre ved Universitetet i Oslo.

I si nye bok «Den norske modellen blir til. Norge 1814-1914» visar historieprofessoren både til kronprins Haakons nyttårstale frå 2003 der han sa at Noreg var eit av Europas fattigaste land for nokre generasjonar sidan – og til statsminister Stoltenbergs nyttårstale i 2011, som sa at Noreg frå hundre år sidan var blant dei fattigaste landa i Europa.

– Problemet er at ein ikkje samanliknar likt og likt. Sjølvsagt var Noreg eit fattig land på 1800-talet, samanlikna med det samfunnet vi kjenner i dag. Men samanliknar vi Noreg på 1800-talet og rundt 1900 med andre samfunn i si tid, så finn vi eit moderne, nokså sekulært og forholdsvis rikt land, seier Myhre.

Jan Eivind Myhre, historieprofessor ved Universitetet i Oslo og UiO:Norden-forskar.

Den norske modellen

I si nye bok om den norske modellen visar Myhre korleis moderne tenking og faktiske ressursar legg grunnlaget for det norske samfunnet som vi kjenner i dag.

Boka er skriven i samanheng med ei anna bok «Myten om det fattige Norge. En misforståelse og dens historie» frå 2021, som Myhre var redaktør for.

Som i forrige bok tek Myhre også no utgangspunkt i myten om det fattige Noreg, men vrir dette over i to perspektiv: modernisering og den norske modellen.

– Dette er historia om korleis og kvifor Noreg i løpet av hundre år blei eit rikt og moderne land. Eg søkjer å definere trekka til det som vi i dag kallar den norske modellen, seier Myhre.

Å definere rikdom

Korleis måler ein kor rikt eit land er? Eit naturleg steg for mange vil vere å sjå på bruttonasjonalproduktet. Men ein kan også vere rik på kunnskap, rik på samhald og rik på fridom.

På alle desse parameterane skårar 1800-tals Noreg høgt, fortel Myhre.

Blant dei avgjerande faktorane i den norske modellen trekk Myhre fram stabil økonomi gjennom statleg styring.

– Det norske regimet er forbausande stabilt fra 1814 og utover. Andre vestlege land har mykje mindre stabilitet. Frankrike har sine revolusjoner, og andre land hadde også det rundt 1848. Noreg hadde nokre mindre opprør, og så sjølvsagt Thranerørsla. Men samanlikna med andre land var dette eit stabilt styre.

Også høg arbeidslivsdeltaking blant kvinnene vert framheva som viktig, i tillegg til relativ sosial likskap i samfunnet, sterke lag og foreiningar, samt offentleg finansiert utdanning.

– Alt dette er noko som utviklar seg på 1800-talet, og mykje startar med grunnlova. Utover 1800-talet blei grunnlova brukt til å kjempe fram nye rettar. Den var såpass open i formuleringane at den la grunnlaget for større fridom. Det har vore sagt at grunnlova opna for fridomar som den ikkje ga sjølv.

Emigrantar tek avskjed tidleg på 1900-talet.

Utvandring som «bevis»

Myhre forklarar korleis dei store utvandringane til Amerika ofte blir brukt som «bevis» på det fattige, norske samfunnet. Justert for folketal hadde Noreg den nest høgaste utvandringa etter Irland.

– Det er riktig at den viktigaste årsaka til utvandringa var fattigdom og dårlege moglegheiter.

Det var ikkje plass til alle i jordbruket, og i byane var arbeidsledigheita høg. Men det høyrer også med til forteljinga at det var relativt «lett» for nordmenn å utvandre, meiner Myhre.

– I tillegg til å vere ein sjøfartsnasjon, kunne dei aller fleste nordmenn både lese og skrive, og dei kunne derfor forstå innhald i brev og reklame. Derfor visste dei også om mogelegheitene. I tillegg var ikkje nordmenn fattigare enn at mange kunne betale for billetten til Amerika.

– Satt på spissen kan du sei at vi utvandra til Amerika fordi vi var relativt moderne, mindre fattige enn andre, var vestvendt og hadde tilgang til havet.

Kampen om forteljinga

Med all denne kunnskapen, korleis har det seg likevel at myten om «vår fattige historie» framleis står så sterkt? Handlar det berre om nyttårstalar om nauda «den gong då»?

Nei, så enkelt er det ikkje, meiner Myhre. Han trekk fram to forklaringar.

– For det første er det nokon som ønskjer å ta æra for at vi lever i så stor rikdom i dag. Ei underavdeling av dette er dei harde 30-åra, og ei anna underavdeling er olja. Den har gjort oss blind. Ein kan sei det slik at vi i Noreg har gått frå å vere «rich» til å bli «filthy stinking rich».

– Det andre eg vil trekkje fram er skjønnlitteraturens skildringar av fattigdom. Heile poenget er at skildringane frå det fattige Noreg ofte er korrekte. Dei fleste i Noreg på 1800-talet var fattige, viss vi samanliknar med dagens levekår. Men ikkje om vi samanliknar med andre folk på same tid, seier Myhre.

Og mytens motstandskraft? Den er kanskje her for å bli, ifølgje Myhre.

– Ein ven av meg seier at myten om den fortidige fattigdom ikkje kan utryddast, fordi det er investert for mykje i den, seier han og viser til ein studie av Ottar Brox frå 2013 der han treffande har påpeika: nokon har behov for ei fattig fortid.

Referanser:

Jan Eivind Myhre: Den norske modellen blir til. Norge 1814-1914. Den norske modellen blir til. Norge 1814-1914. Dreyers forlag, 2022

Jan Eivind Myhre (red.): Myten om det fattige Norge. En misforståelse og dens historie. Scandinavian Academic Press, 2021.

Ottar Brox: Fattigdom og framgang: Alternative fortider? – Norsk industrialisering i komparativt lys. Norsk antropologisk tidsskrift, 2013. Samandrag. Doi.org/10.18261/ISSN1504-2898-2013-03-04-03

Powered by Labrador CMS