Det er brunmaten i krabbe som inneheld tungmetallet kadmium. Når brunmaten blir blanda inn i krabbepostei og fylte krabbeskjel finn ein det skadelege stoffet også i desse produkta. (Foto: Shutterstock / NTB Scanpix)
Det er brunmaten i krabbe som inneheld tungmetallet kadmium. Når brunmaten blir blanda inn i krabbepostei og fylte krabbeskjel finn ein det skadelege stoffet også i desse produkta. (Foto: Shutterstock / NTB Scanpix)

Fann tungmetall i krabbeprodukt frå matbutikkar

Krabbepostei, fylte krabbeskjel og andre blandingsprodukt av krabbe har mykje av tungmetallet kadmium i seg. Det viser analysar av ulike krabbeprodukt som ein finn i daglegvarehandelen.

Published

Tungmetall i matvarer:

  • Tungmetallet finnast i mange matvarer, og mest får vi i oss gjennom korn, kornprodukt, rotgrønsaker og poteter.
  • Høgare kadmiumkonsentrasjonar er funne i mellom anna innmat frå dyr og innmat frå krabbe, men dette er mat som vi et sjeldnare, så hos dei fleste ikkje dette ei viktig kjelde til kadmium.

– Vi veit at taskekrabbe kan ha høge nivå av kadmium, særleg i Nord-Noreg. Dei ulike metodane for å tilbereie krabbe påverkar også kor mykje av tungmetallet som endar opp i det ferdige produktet. Vi ønska å sjå på kor mykje kadmium krabbeprodukt som ein finn i butikken inneheld.

Det seier Sylvia Frantzen, forskar ved Havforskningsinstituttet.

Forskarane har tatt prøver av heile, kokte taskekrabbar, lause krabbeklør, fylte krabbeskjel, hermetisk krabbepostei, og hermetisk krabbe naturell frå butikkar i Bergensområdet og i Svolvær. Analysane viste til dels høge nivå av tungmetallet kadmium i fleire av produkta.

Mykje kadmium i brunmaten

Kadmium er eit giftig tungmetall som hopar seg opp i kroppen til fisk, dyr og menneske, og for mykje kadmium kan gi nyreskader, beinskjørheit og auka risiko for kreft.

Dei høgaste nivåa av tungmetallet fann forskarane i brunmaten til dei heile, kokte krabbane, og her var verdiane langt høgare enn i dei andre produkta. Tidlegare forsking ved NIFES har vist at tungmetallet i all hovudsak sit i fordøyelseskjertelen som er ein stor del av brunmaten.

Det er sett ein såkalla grenseverdi for kadmium i klokjøt frå krabbe, og denne seier at det er tillate med opp til 0,5 milligram kadmium per kilo, men det er ikkje sett ein slik grenseverdi for brunkjøtet i krabbe. Mattilsynet advarer likevel kvinner i fruktbar alder og barn mot å ete dette. Brunmaten frå dei heile, kokte krabbane som vart analyserte i dette forsøket hadde kadmiumnivå på heile 2,7 milligram per kilo.

Tre gongar så mykje som tillate innhald

Også i blandingsprodukt som hermetisk krabbepostei og fylte krabbeskjel fann forskarane høge verdiar av kadmium, og i alle prøvene av slike produkt fann forskarane meir kadmium enn det som er tillate. Produkta som hadde mest kadmium i seg hadde over tre gongar så mykje kadmium som grenseverdien som er sett for klokjøt. Den høgaste verdien som var funne i fylte krabbeskjel var 1,4 milligram per kilo, og i krabbepostei var den høgaste verdien heile 1,8 milligram per kilo.

I blandingsprodukta blir det brukt ei blanding av kvitt kjøt frå klørne og av brunmat frå skalet. Dette forklarer kvifor nivået av kadmium er så høgt, for når den kadmiumhaldige brunmaten blir blanda med kvitt kjøt blir innhaldet av kadmium i det ferdige produktet høgt.

– Mesteparten av kadmiumet sit i brunmaten, så når ein brukar dette produktet får ein med tungmetallet, seier Frantzen.

Krabbeklør i lausvekt hadde trygge verdiar

Rå krabbe har lite kadmium i det kvite klokjøtet, men tidlegare forsking ved NIFES har vist at tungmetallet blir overført frå brunmaten til klørne når krabben blir frosen og tina, og når han blir kokt med klørne på.

Krabbeklørne som vart selde i lausvekt hadde dei lavaste kadmiumnivåa, men det var store skilnader mellom dei ulike partia av lause klør. Dette kan tyde på at klørne kjem frå krabbar som er fangsta i ulike område. Mattilsynet har sendt ut advarsel mot å ete krabbe frå område nord for Saltenfjorden i Nordland, då krabbane her har særskilt høge nivå av tungmetallet i seg.

– Når ein kjøper krabbeklør i lausvekt i butikken veit ein ikkje kvar dei har blitt fangsta, og om dei har blitt kokte på krabben eller ikkje. Alle prøvene av lause klør som vi tok hadde lave kadmiumnivå, og det tyder på at akkurat desse har blitt kokte uavhengig av resten av krabben, seier Frantzen.

Klokjøtet frå dei heile, kokte krabbane hadde meir kadmium i seg enn klokjøtet frå lause klør, noko som stadfestar at noko av kadmiumet kan ha rent over til klokjøtet under koking. Likevel hadde berre ei av desse prøvene kadmium over grenseverdien.

Referanse: 

Sylvia Frantzen, Arne Duinker, Monica Sanden og Amund Måge: Kadmiumanalyser i produkter av taskekrabbe kjøpt inn i 2016. Havforskningsinstituttet. 2018 ISSN 1893-4536