– Hypotesen har vore omstridd, men studien vår er sterk nok til at den no er avkrefta, seier ein av forskarane bak dei nye funna. Her er ein symjande brachiopod, eller ein armfoting. Han er berre 150 mikrometer stor - ganske liten til å gi så mykje innsikt i evolusjonen, (Foto: The Sars International Centre for Marine Molecular Biology / UiB)

Avkreftar hundre år gammal hypotese om evolusjonen

Forskarar har tidlegare trudd at nervesystemet hos insekt og menneske har eit felles opphav. Det stemmer truleg ikkje, ifølgje ny studie.

Innan evolusjonsbiologi har hypotesen om inversjon vore diskutert i over hundre år. Tanken er at dei viktige delane i fleire dyr i løpet av evolusjonen flytta seg frå magen til ryggen, i alle fall innan visse dyr.

For over hundre år sidan hevda den tyske zoologen Anton Dohrn at både menneske og insekt måtte ha den same stamfaren, med eit nervesystem som liknar på den menneskelege ryggrada. 

I dei siste åra har forskarar diskutert korleis nervesystemet utvikla seg i pattedyr, og inversjons-hypotesen har møtt motstand, men likevel dukka opp att om og om igjen.

Det har likevel vore uklart kva tid og korleis nervebanar har oppstått i evolusjonen.

No kan ein vitskapeleg artikkel avgjera spørsmålet ein gong for alle: ved å studera fleire forskjellige dyr, har forskarar vist at dei har utvikla nervebanar heilt uavhengig av kvarandre.

Forskingsprosjektet er leia av Andreas Hejnol (i midten). Her er han saman med resten av forskarteamet: Kevin Pang, Jose-Maria Martin Duran, Andreas Hejnol, Anlaug Furu og Aina Børve. (Foto: Wei Deng / UiB)

Snudde mennesket seg?

– Inversjonshypotesen hevda at ein av menneska sine forfarar må ha snudd seg, ei omstilling av heile kroppen. I 1994 fann forskarar at eit nettverk av genar har gjort at nervane buntar seg saman, noko som vart brukt som prov på at nervebanar i dyr så forskjellige som floger og menneske har eit felles opphav. Dette ville vi sjå nærare på, seier Andreas Hejnol. Han har leia prosjektet, som har teke sju år.

Ved å samla og kultivere ni forskjellige dyreartar kunne forskarane samla sterke prov for at den gamle hypotesen stod for fall.

– Vi fann at dei molekylære mønstra ikkje kunne forklare korleis nervesystemet har utvikla seg. Tidlegare har dei vore brukte som bevis på at både menneske og dyr har eit felles opphav med ein tydeleg nervebane. Funna våre viser at dette ikkje gjeld. Det same gjeld hypotesen om at nokre dyr har snudd seg, seier Hejnol. 

Eit forstørra bilete av ein acoel-makk. – Den ser ut som ein tribble frå Star Trek, men er mykje mindre, berre 150 mikrometer. Vi ser på framparten, eller andletet, der ein kjertel og sanse-celler er plasserte, forklarar Hejnol. (Foto: The Sars International Centre for Marine Molecular Biology / UiB)

Forstår nervesystemet betre

Inntil no har ein trudd at nervesystemet til virveldyr oppstod for rundt 600 millionar år sidan. 

– Funna våre plasserer opphavet mykje seinare, rundt 100 til 200 millionar år nærare vår tid. Det er viktig for forskarar å vite når dette hende på livets tre, seier forskingsleiaren.

Han seier at artikkelen i Nature vil gjere det lettare å forklare korleis nervesystemet har utvikla seg i dyr. 

– Avvisinga vår av at det er ein felles stamfar gjer det lettare å forstå at nervesystemet i dyr har utvikla seg på utallige forskjellige vis.

– Ein vaksen slimorm. Den er omtrent sju centimeter og kjem frå kysten ikkje langt frå Bergen. Dei er farlege rovdyr, ikkje for menneske, men for andre ormar. (Foto: The Sars International Centre for Marine Molecular Biology / UiB)

Ei fagleg omvelting

Han trur at det vitskaplege feltet evolusjonsbiologi vil endra seg på grunn av funna. 

– Forskarane som hadde tru på den gamle hypotesen, vil nok verte sjokkerte eller kanskje triste. Fleirtalet vil nok vere glade, derimot. Hypotesen har vore omstridd, men artikkelen vår er sterk nok til at han no er avkrefta, meiner Hejnol.

Hejnol mottok ERC Consolidator Grant i 2015 og har vore hovudforfattar på fleire artiklar som gir ny innsikt i evolusjonen.

– Tilnærminga mi er å sjå nærare på eit organ-system etter det andre. Vi vil finne ut nye ting og sjekke dei eksisterande hypotesane. Det neste prosjektet mitt er blodet, og korleis det har utvikla seg, avsluttar Hejnol. 

Forskinga i Nature undersøkte ni forskjellige artar, som vart samla frå heile verda, også Noreg. (Foto: Eivind Senneset / The Sars International Centre for Marine Molecular Biology / UiB)

Referanse:

Martín-Durán, J. M. m.fl: Convergent evolution of bilaterian nerve cords. Nature. (2018) (sammendrag) doi:10.1038/nature25030

Powered by Labrador CMS