null (Foto: Janne F. Lønne)

Fotsår kan behandlast via mobilen

Ved å bruke ein smarttelefon kan heimesjukepleiarar gje pasientar med diabetesfotsår god oppfølging utan at dei må reise inn til sjukehuset. 

For pasientar med type 1- eller type 2-diabetes er det vanleg å få fotsår. Behandlinga av slike sår er vanskeleg og krev ifølgje nhi.no ekspertise. For nokon kan slike sår føre til amputasjon av foten. 

I dag er det vanleg at pasientane får oppfølging i spesialisthelsetenesta på sjukehuset. Men pågangen er stor, og det er forskjell på kor stort behovet for vidare behandling er. Korleis kan til dømes ein heimesjukepleiar avgjere kven som må reise inn til sjukehuset?

Forskarar har no undersøkt om ein god måte å vurdere alvorlegheita av desse såra kan vere å bruke ein vanleg smarttelefon. 

Oppfølging med mobil

I staden for at pasienten reiser inn til spesialisthelsetenesta, kan heimesjukepleia ta bilete av fotsåra og sende dette inn til eit ekspertteam på sjukehuset. Dermed kunne dei vurdere vidare behandling av såret. 

Heimesjukepleia fekk informasjon om vidare behandling på ein rask og enkel måte, utan at pasienten måtte vere fysisk til stades på sjukehuset. Ei slik løysing går inn under det forskarane omtalar som telemedisin. Telemedisin vil seie undersøking, overvaking og behandling av pasientar med system som gjer tilgang på ekspertise uavhengig av kor pasienten og eksperten er i verda.

– Vi har undersøkt om telemedisinsk oppfølging av pasientar med diabetes fotsår var eit like godt alternativ som dagens oppfølging i spesialisthelsetenesta. I tillegg ville vi undersøke om telemedisinsk oppfølging kunne redusere talet på konsultasjonar ved å overføre store delar av behandling og oppfølging av sårbehandlinga til heimesjukepleia, seier HVL-stipendiat Hilde Smith-Strøm. 

Lovande resultat

No er resultata frå forskinga publisert i tidsskriftet DiabetesCare.

Smith-Strøm forklarar at resultata viser at telemedisinsk behandling kan redusere belastninga med lang reisetid til sjukehuset, medan ein samtidig opprettheld god kvalitet på sårbehandlinga.

– Resultata er lovande, men det viktigaste er at vi har fått bekrefta at denne måten å jobbe på er likeverdig samanlikna med tradisjonell oppfølging i spesialisthelsetenesta, seier professor Marjolein Memelink Iversen, prosjektleiar for studien og medforfattar av artikkelen.

Færre amputasjonar

Studieresultata viste ikkje noko forskjell mellom gruppene når det gjaldt korleis såra grodde, talet på pasientar som døydde under behandling eller kor nøgd pasienten var med behandlinga. Det var færre amputasjonar blant dei som fekk telemedisinsk oppfølging. Desse resultata er lovande for bruk av telemedisinsk oppfølging for pasientar med diabetes fotsår.

Studien viste også at talet på konsultasjonar i spesialisthelsetenesta gjekk ned ved sjukehus med lengst erfaring i bruk av telemedisin og for pasientar som bur langt frå sjukehuset.

Funna frå studien viser såleis at telemedisin kan vere eit relevant alternativ til dagens behandling av pasientar med fotsår og spesielt nyttig for pasientar med mindre alvorlege sår og for pasientar som bur langt frå sjukehuset. Denne oppfølginga har potensialet til å bli vidareutvikla med stadig enklare og betre løysingar.

Referanse:

Smith-Strøm, H. m.fl: The effect of Telemedicine Follow-up care on Diabetes-related Foot Ulcers: A cluster Randomized Controlled Non-Inferiority Trial. DiabetesCare. (2017) https://doi.org/10.2337/dc17-1025 (Sammendrag)

Hilde Smith-Strøm er ein del av forskargruppa DiaBest ved Høgskulen på Vestlandet saman med forskarar ved Stavanger universitetssjukehus og Universitetet i Bergen.

    Powered by Labrador CMS